Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2028

Sak 80/2024 · Kommunestyret 7. november 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Språkleg retting i handlingsplanen: "Inga løyve" vert retta til "Ikkje løyve".

2. I avsnittet «Inga løyve til:»

«-Stader som spesielt retta mot ungdom under 18 år.»

vert endra til:

«-Stader og arrangement som er spesielt retta mot ungdom under 18 år.»

3. SKJENKELØYVE LØYVE:

I avsnittet «Generelt løyve for skjenking av øl og vin (opp til 22 volumprosent) (alkoholgruppe 1 og 2)» vert det teke inn slikt tillegg:

• Toppfotball i tråd med NFF sine regelverk for skjenking i samband med heimekampar. Løyve vert gitt til klare definerte område for VIP-losje, samt til eitt definert publikumsareal med 18 års aldersgrense. Skjenketid skal ved slikt løyve vera frå tidlegast 2 timar før kamp, i pause og til seinast 1 time etter kampslutt. Det er ikkje anledning til skjenking medan kampen pågår.

4. I avsnittet «Løyve til skjenking av vin og øl (opp til 22 volumprosent) ved eit enkelthøve» vert det gjort slik endring:

Avsnittet

• «Andre offentlege forsamlingslokale, ev. kombinert bruk som t.d. ungdomshus med spesielle arrangement, men ikkje i samband med idrettsarrangement»

vert endra til:

• «Andre offentlege forsamlingslokale, t.d. ungdomshus, fleirbrukshallar og idrettsarenaer, men ikkje i samband med idrettsaktivitet.»

5. Under tabellen på side 26 ta inn setninga:

«Der ordet idrettsarrangement er nemnt er dette meint som sjølve idrettsaktiviteten og idrettskonkurransen»

6. Fjerne heile punkt 2.13, s.23 Vilkår for salsløyve

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 80/2024 i møte den 07.11.2024:

Handsaming

Frå utval for levekår låg det føre slik tilråding:

1. Under avsnittet Inga løyve til s.26:

Punktet:«-Stader som spesielt retta mot ungdom under 18 år.» vert endra til:«-Stader og arrangement som er spesielt retta mot ungdom under 18 år.»

2. Under avsnittet Løyve til skjenking av vin og øl ved eit enkelthøve s. 25 Punktet «-Andre offentlege forsamlingslokale, ev. kombinert bruk som t.d. ungdomshus med spesielle arrangement, men ikkje i samband med idrettsarrangement» vert endra til:«- Andre offentlege forsamlingslokale, ev. kombinert bruk som t.d. ungdomshus, fleirbrukshallar og idrettsarenaer med spesielle arrangement, men ikkje i samband med idrettsarrangement»

3. Fjerne punktet under avsnittet Inga løyve s. 26:

«-Lokale/arena som vert nytta til idretts – og mosjonsaktivitetar medrekna motorsport.»

4. Fjerne punktet under avsnittet Inga løyve s.26:

«-Idrettsarrangement»

5. Fjerne heile punkt 2.13, s.23 Vilkår for salsløyve

Endringsframlegg:

Lin Åm (Mdg) sette fram slikt framlegg:

Framlegg til språkleg retting i handlingsplanen: "Inga løyve" vert retta til "Ikkje løyve". Grunngjeving: "løyve" er ikkje hokjønn, men inkjekjønn. Avrøysting: Samrøystes.

Stig Ove Ølmheim (Ap), Erlend Fardal Lunde (Ap), Knut Henning Grepstad (Ap), Haavard Stensvand (Ap), Arnstein Hauståker (Ap), Høgre og Framstegspartiet sette fram slikt framlegg til justeringar i Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2028 for Sogndal kommune:

1. I avsnittet «Inga løyve til:» «-Stader som spesielt retta mot ungdom under 18 år.» vert endra til:

«-Stader og arrangement som er spesielt retta mot ungdom under 18 år.»

Avrøysting: Framlegget vart vedteke mot røysta til Tore Feten (Sp)

2. SKJENKELØYVE LØYVE:

I avsnittet «Generelt løyve for skjenking av øl og vin (opp til 22 volumprosent) (alkoholgruppe 1 og 2)» vert det teke inn slikt tillegg:

• Toppfotball i tråd med NFF sine regelverk for skjenking i samband med heimekampar. Løyve vert gitt til klare definerte område for VIP-losje, samt til eitt definert publikumsareal med 18 års aldersgrense. Skjenketid skal ved slikt løyve vera frå tidlegast 2 timar før kamp, i pause og til seinast 1 time etter kampslutt. Det er ikkje anledning til skjenking medan kampen pågår.

Avrøysting:

Clara Øberg (Ap), Astrid Hove (Ap), Keyty Planeta (Ap), Arnstein Menes (Sp), May Kristel Bødal (Sp), Tore Feten (Sp), Espen Sæterbø (Sp), Vibeke Johnsen (Sv), Anna Helen Hamre (Sv), Inga Henjum Halsnes (Sv), Jan Sigurd Riple Haugen (Sv), Frode Bøthun (Krf), Marta Fimreite (Krf), Lin Åm (Mdg), Trine Nylehn (R) 15 røyster mot framlegget. Stig Ove Ølmheim (Ap), Arnstein Hauståker (Ap), Haavard Stensvand (Ap), Knut Henning Grepstad (Ap), Erlend Fardal Lunde (Ap), Laura Kvamme (Sp), Arne Monrad Johnsen (Sp), Malen Røysum (Sp), Bjarte Haugen (V), Arnt Erik Nordheim (H), Laila Elisabeth Wigum (H), Kjell Håkon Næss (H), Håkon Nesse (H), Rita Navarsete (Frp), Rune Haug (Frp), Idar Kollsete (Frp) 16 røyster for, og framlegget vart vedteke.

3. I avsnittet «Løyve til skjenking av vin og øl (opp til 22 volumprosent) ved eit enkelthøve» vert det gjort slik endring:

Avsnittet

• «Andre offentlege forsamlingslokale, ev. kombinert bruk som t.d. ungdomshus med spesielle arrangement, men ikkje i samband med idrettsarrangement» vert endra til:

• «Andre offentlege forsamlingslokale, t.d. ungdomshus, fleirbrukshallar og idrettsarenaer, men ikkje i samband med idrettsaktivitet.»

Avrøysting:

Framlegget vart vedteke mot røystene til Arnstein Menes (Sp), Tote Feten (Sp), Frode Bøthun (Krf) og Marta Fimrete (Krf)

4. I avsnittet «Inga løyve til» går følgjande punkt ut:

• «Lokale/arena som vert nytta til idretts – og mosjonsaktivitetar medrekna motorsport.»

• «Idrettsarrangement»

Avrøysting:

Stig Ove Ølmheim (Ap), Arnstein Hauståker (Ap), Knut Henning Grepstad (Ap), Erlend Fardal Lunde (Ap), Haavard Stensvand (Ap), Malen Røysum (Sp), Arne Monrad Johnsen (Sp), Arnt Erik Nordheim (H), Laila Elisabeth Wigum (H), Kjell Asbjørn Næss (H), Håkon Nesse (H), Rita Navarsete (Frp), Rune Haug (Frp), Idar Kollsete (Frp) 14 røyster for framlegget.

Astrid Hove (Ap), Clara Øberg (Ap), Keyty Planeta (Ap), Arnstein Menes (Sp), May Kristel Bødal (Sp), Tore Feten (Sp), Espen Sæterbø (Sp), Laura Kvamme (Sp), Vibeke Johnsen (Sv), Anna Helen Hamre (Sv), Inga Henjum Halsnes (Sv), Jan Sigurd Riple Haugen (Sv), Frode Bøthun (Krf), Marta Fimreite (Krf) Bjarte Haugen (V), Lin Åm (mdg), Trine Nylehn (R) 17 røyster mot framlegget, og framlegget fall.

5. Under tabellen på side 26 ta inn setninga:

«Der ordet idrettsarrangement er nemnt er dette meint som sjølve idrettsaktiviteten og idrettskonkurransen»

Avrøysting: Framlegget vart vedteke mot røystene til Vibeke Johnsen (Sv) og Anna Helen Hamre (Sv)

Frå utval for levekår:

Kommunestyret røysta over punkt 5 i tilrådinga frå utval for levekår. Punkt 1 - 4 i tilrådinga frå utval for levekår vart ikkje røysta over.

5. Fjerne heile punkt 2.13, s.23 Vilkår for salsløyve Avrøysting: Punkt 5 i tilrådinga frå utval for levekår vart vedteke mot røystene til Arnstein Menes (Sp) og Laura Kvamme (Sp).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.