Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål - kommunestyret 7. november 2024

Sak 76/2024 · Kommunestyret 7. november 2024 · Behandlet

Vedtak

Følgjande skriv, meldingar, drøftingar, orienteringar og spørsmål var handsama:

A. Skriv og meldingar

1. Årsmelding 2023-2024 Mobbeombodet i Vestland

2. Representantskapsmøte i Simas 25.oktober 2024 Møte i representantskapet til SIMAS IKS, 25. oktober 2024

B. Drøftingar

1. Dialogdag 24.oktober 2024

C. Orienteringar

1. Leikanger skyttarlag v/Olav Skarsbø (30 min)

2. Norane bygdabok v/Karen Marie Hjelmeseter (15min)

Frå kommunedirektøren:

3. Status investerings- og utbyggingsprosjekt

• Stedjevegen

• Guro Ness

• Kryss Kvåle

• Barnehage Kaupanger

• Nye Trudvang skule

• Saften

4. Status på samarbeid i regionen

Frå ordføraren:

5. Vertskommunemøte med Helse Førde 4.11.2024

6. SF Holding 12.12.2024

7. Sogn brann og redning

8. OVF/Riksantikvaren Leikanger kyrkje - Bårehuset på Leikanger

9. Felles politiråd i Indre Sogn

10. Sogn Regionråd sitt møte

D. Spørsmål

Spørsmåla vart svara ut i møte.

Trine Nylehn (R):

1. Kva konkret grunngjeving har arbeidsgjevarutvalet (AU) for ein lønsauke på 8,8 % til kommunedirektøren, når ramma for øvrige tilsette er på 5,2 %? Me finn ikkje referat frå dette møtet. Til avisa seier ordførar at kommunedirektøren har gjort ein god jobb. Dette reknar me for å vera ei generell forventning til tilsette. Me ynskjer derfor å få vita meir om vurderingane som er gjort Meiner AU at ein så høg lønsauke til kommunedirektøren i den økonomiske situasjonen kommunen er i, sender rett signal til tilsette og innbyggarar, om ansvar og moderasjon? Prosentvis auke i lønn aukar forskjellane mellom folk, mens eit kronetillegg er meir rettferdig. Vurderte AU å heller gje eit kronetillegg basert på lønsauken til øvrige tilsette i kommunen?

2. Kvifor er lokala til administrasjonen i Saften låst for innbyggjarane? Kva funksjon har innbyggjartorget som no er lagt til biblioteket, og kva tenester kan me be bibliotekarane om? På Tinghuset var me vand med å kunne gå inn og få hjelp, og i korridorane sto dørene opne No er det som om administrasjon og ordførar sit i eit glashus. Vibeke Johnsen (Sv):

3. Fjordvegen riksveg 13-møte i Vik 23. oktober vart det nemt at Sogndal kommune jobbar for auke fartsgrensa mellom Sogndal og Leikanger for å redusere køyretida. Kor er det aktuelt og kva fartsgrense er i så fall aktuell? Kva er ev trafikktryggingsvurdering av dette?

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 76/2024 i møte den 07.11.2024:

Handsaming

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.