Kommunal planstrategi for Sogndal kommune 2024-2027
Vedtak
1. Sogndal kommunestyre vedtek med heimel i plan og bygningslova §10-1 kommunal planstrategi for Sogndal kommune 2024-2027 med føljande endringar:
• Endre frå Eigedomstrategi til Eigedoms- og bustadstrategi.
• Set inn setningen "Saman samtidig for førebygging og overgrep er ein del av denne planen." i teksten under Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar.
• Områdeplan Kaupanger vert flytta frå 2026 til 2025.
• Nytt tillegg til planstrategien punkt 4.2, tredje avsnitt (Føringar for dei ulike planane): Delrevisjon av arealplanen (2026) skal særskilt følgje opp det politiske vedtaket den 21.03.2024 i sak 18/24, punkt 10 - Alternative, nye bustadareal på Leikanger som ein del av delrevisjonen.
• Utval for plan og samfunn får i oppdrag å greie ut og førebu bustadareal på Leikanger. Arbeidet skal lede fram mot og takast med som premiss for arbeidet med rullering av arealdelen i 2026.
• Språkleg endring: Ta inn denne setninga: "Saman samtidig for førebygging og mot overgrep er ein del av denne planen." i teksten under Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 83/2024 i møte den 07.11.2024:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Sogndal kommunestyre vedtek med heimel i plan og bygningslova §10-1 kommunal planstrategi for Sogndal kommune 2024-2027 med føljande endringar:
• Endre frå Eigedomstrategi til Eigedoms- og bustadstrategi.
• Set inn setningen "Saman samtidig for førebygging og overgrep er ein del av denne planen." i teksten under Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar.
• Områdeplan Kaupanger vert flytta frå 2026 til 2025.
Endringsframlegg:
Arnt Erik Nordheim (H) sette fram slikt framlegg:
1. Endringsforslag:
Nytt tillegg til planstrategien punkt 4.2, tredje avsnitt (Føringar for dei ulike planane):
Delrevisjon av arealplanen (2026) skal særskilt følgje opp det politiske vedtaket den 21.03.2024 i sak 18/24, punkt 10 - Alternative, nye bustadareal på Leikanger som ein del av delrevisjonen. Avrøysting:
Arbeidarpartiet (8), Høgre (4), Kristeleg folkeparti (2), Rune Haug (Frp), Idar Kollsete (Frp), Arne Monrad Johnsen (Sp) Espen Sæterbø (Sp), Malen Røysum (Sp), May Kristel Bødal (Sp), 20 røyster for, og framlegget vart vedteke. Sosialistisk venstreparti (4), Tore Feten (Sp), Arnstein Menes (Sp), Laura Kvamme (Sp), Rita Navarsete (Frp), Lin Åm (Mdg), Trine Nylehn (R), Bjarte Haugen (V), 11 røyster mot.
2. Nytt vedtakspunkt 2:
Kommunestyret ber ordførar ta initiativ til oppnemning og utforming av mandat til eit politisk arbeidsutval, for utgreiing og førebuing av bustadareal på Leikanger. Gruppa sitt arbeid skal lede fram mot og takast med som premiss for arbeidet med rullering av arealdelen i 2026. Avrøysting:
Knut Henning Grepstad (Ap), Erlend Lunde Fardal (Ap), Haavard Stensvand (Ap), Høgre (4), Kristeleg folkeparti (2), Arne Monrad Johnsen (Sp) røysta for, og framlegget fall.
Haavard Stensvand (Ap) sette fram slikt framlegg:
Subsidiært forslag til pkt. 2 Utval for plan og samfunn får i oppdrag å greie ut og førebu bustadareal på Leikanger. Arbeidet skal lede fram mot og takast med som premiss for arbeidet med rullering av arealdelen i 2026. Avrøysting:
Arbeidarpartiet (8), Høgre (4), Kristeleg folkeparti (2), Rune Haug (Frp), Idar Kollsete (Frp), Arne Monrad Johnsen (Sp), Espen Sæterbø (Sp), 18 røyster for, og framlegget vart vedteke. Arnstein Menes (Sp), Malen Røysum (Sp), May Kristel Bødal (Sp), Tore Feten (Sp), Laura Kvamme (Sp), Rita Navarsete (Frp), Sosialistisk venstreparti (4), Venstre (1), Miljøpartiet dei grøne(1), Raudt (1), 13 røyster mot.
Framlegg frå Lin Åm (Mdg), Vibeke Johnsen (Sv) og May Kristel Bødal (Sp):
Språkleg endring: Ta inn denne setninga: "Saman samtidig for førebygging og mot overgrep er ein del av denne planen." i teksten under Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar.
Avrøysting: Samrøystes.
Tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.