Bruk av Sogndal kommune si innkjøpsmakt for å fremje internasjonal folkerett
Vedtak
Sogndal kommunestyre er urolege for utviklinga i Midt-Austen. Vi oppmodar regjeringa om halde fram med dialog, samarbeid og forhandlingar der det er mogleg, med håp om å oppnå fred både på Gaza, Vestbredden og i Libanon. Noreg må i samarbeid med FN og andre viktige partnarar vurdere om det kan vere aktuelt å bruke økonomiske verkemidlar for å påverke partane til å søke fred.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 60/2024 i møte den 03.10.2024:
Handsaming
Frå ordføraren låg det føre slik tilråding:
1. Boikott av varer og tenester frå ulovleg okkupert jord: Sogndal kommune skal ikkje kjøpe varer eller tenester frå selskap som opererer i okkuperte område eller frå statar som bryt med folkeretten.
2. Oppmoding til regjeringa om sanksjonar mot Israel: Sogndal kommune krev at den norske regjeringa følgjer opp Noregs internasjonale forpliktingar ved å ilegge Israel kraftige sanksjonar på alle område – økonomisk, kulturelt og politisk – for å få slutt på okkupasjonen. Dette inkluderer å sikre at Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) trekkjer sine investeringar ut av selskap som er involverte i ulovleg okkupasjon og andre brot på folkeretten, som til dømes pågåande folkemord.
3. Oppmoding til Stortinget om forbod mot handel med varer frå okkuperte område:
Sogndal kommune oppmodar Stortinget til å vedta eit nasjonalt forbod mot handel med varer og tenester frå ulovleg okkuperte område, i tråd med FN sine resolusjonar, inkludert FNs sikkerheitsråds resolusjon 2334.
4. Oppmoding til innbyggjarane i Sogndal: Sogndal kommune oppmodar alle innbyggjarane i kommunen til å boikotte israelske varer og tenester, og ber lokale butikkar om å stanse salet av desse varene.
Endringsframlegg:
Venstre sette fram slikt framlegg:
Endra punkt 3:
"Sogndal kommune oppmodar Stortinget til å styrkje retningslinjene for handel med varer og tenester for å sikre at desse er i tråd med internasjonal rett, inkludert FNs resolusjonar om respekt for folkeretten. Kommunen meiner at nasjonale retningslinjer bør reflektere ei ansvarleg handelspraksis som ikkje indirekte støttar brot på folkeretten." Endra punkt 4:
"Sogndal kommune oppmodar alle innbyggjarane til å støtte ei berekraftig og etisk handelspraksis ved å vere merksame på opphavet til varer og tenester dei kjøper. Kommunen ønskjer å auke medvitet rundt korleis ein kan støtte varer som vert produserte under rettferdige og lovlege forhold, i tråd med menneskerettane og folkeretten."
Arbeidarpartiet sette fram slikt framlegg:
Sogndal kommunestyre er urolege for utviklinga i Midt-Austen. Vi oppmodar regjeringa om halde fram med dialog, samarbeid og forhandlingar der det er mogleg, med håp om å oppnå fred både på Gaza, Vestbredden og i Libanon. Noreg må i samarbeid med FN og andre viktige partnarar vurdere om det kan vere aktuelt å bruke økonomiske verkemidlar for å påverke partane til å søke fred.
Avrøysting:
Bjørn Christian Weinbach (R), Lin Åm (Mdg), Bjarte Haugen (V), May Kristel Bødal (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (4) røysta for punkt 1 og 2 i tilrådinga frå ordføraren. Arbeidarpartiet (8), Høgre (4), Framstegspartiet (3), Kristeleg Folkeparti (2), Arnstein Menes (Sp), Malén Røysum (Sp), Magne Bruland Selseng (Sp), Tore Feten (Sp), Arne Monrad Johnsen (Sp) og Espen Sæterbø (Sp) røysta mot, og tilrådinga vart ikkje vedteken.
Bjørn Christian Weinbach (R), Lin Åm (Mdg), May Kristel Bødal (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (4) røysta for punkt 3 og 4 i tilrådinga frå ordføraren. Arbeidarpartiet (8), Høgre (4), Framstegspartiet (3), Kristeleg Folkeparti (2), Bjarte Haugen (V), Arnstein Menes (Sp), Malén Røysum (Sp), Magne Bruland Selseng (Sp), Tore Feten (Sp), Arne Monrad Johnsen (Sp) og Espen Sæterbø (Sp) røysta mot, og tilrådinga vart ikkje vedteken.
Bjørn Christian Weinbach (R), Lin Åm (Mdg), Bjarte Haugen (V), May Kristel Bødal (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (4) røysta for framlegget frå Venstre. Arbeidarpartiet (8), Høgre (4), Framstegspartiet (3), Kristeleg Folkeparti (2), Arnstein Menes (Sp), Malén Røysum (Sp), Magne Bruland Selseng (Sp), Tore Feten (Sp), Arne Monrad Johnsen (Sp) og Espen Sæterbø (Sp) røysta mot, og framlegget fall.
Framlegget frå Arbeidarpartiet vart vedteke mot røystene frå Høgre (4), Framstegspartiet (3) og Kristeleg Folkeparti (2).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.