Kommunal planstrategi for Sogndal kommune 2024-2027
Vedtak
Saka vert utsett.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 69/2024 i møte den 03.10.2024:
Handsaming Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Sogndal kommunestyre vedtek med heimel i plan og bygningslova §10-1 kommunal planstrategi for Sogndal kommune 2024-2027 med føljande endringar:
• Endre frå Eigedomstrategi til Eigedoms- og bustadstrategi.
• Set inn setningen "Saman samtidig for førebygging og overgrep er ein del av denne planen." i teksten under Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar.
• Områdeplan Kaupanger vert flytta frå 2026 til 2025.
Endringsframlegg:
Høgre sette fram slikt framlegg:
Nytt tillegg til planstrategien punkt 4.2, tredje avsnitt(Føringar for dei ulike planane):
Delrevisjon av arealplanen (2026) skal særskilt følgje opp det politiske vedtaket den 21.03.2024 i sak 18/24, punkt 10 - Alternative, nye bustadareal på Leikanger -som ein del av delrevisjonen.
Sosialistisk Venstreparti sette fram slikt framlegg:
Formannskapet tok inn denne setninga: "Saman samtidig for førebygging og overgrep er ein del av denne planen." i teksten under Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar. Tilleggsframlegget frå SV i kommunestyret er ei oppfølging av samrøystes vedtak 30. mars 2023 om nullvisjon for vald og overgrep:
"Plan for førebygging og oppfølging av vald i nære relasjonar" er også ein del av denne planen.
Utsettingsframlegg:
Arbeidarpartiet sette fram slikt framlegg:
Saka vert utsett.
Avrøysting:
Utsettingsframlegget vart vedteke mot røystene frå Høgre (4) og Magne Bruland Selseng (Sp). Tilrådinga og endringsframlegga vart ikkje røysta over.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.