Lokale forskrifter til ny opplæringslov
Vedtak
1. Forskrift om hovudmål i dei kommunale grunnskulane i Sogndal kommune vert vedteken slik den ligg føre i vedlegg 3.
2. Forskrift om permisjon i grunnskulane i Sogndal kommune vert vedteken slik den ligg føre i vedlegg 4, med slik endring:
Ny tekst i §7:
"Ugyldig fråvær. A. Det er ugyldig fråvær:
- Dersom eleven ikkje har søkt om permisjon på førehand i situasjonar der det er mogleg å søke.
- Dersom eleven har fått avslag på søknad om permisjon, og likevel ikkje møter på skulen.
- Dersom eleven berre har fått delvis innvilga permisjon, og likevel er borte heile perioden. B. Dersom fråværet skuldast uføresette omstende som ikkje kunne planleggast eller påreknast, til dømes ved akutte helseproblem eller familiekriser, skal eleven eller føresette snarast mogleg gje melding til skulen. Ved slike fråvær skal skulen ta stilling til om fråværet, etter ei konkret vurdering av situasjonen, skal reknast som gyldig.
3. Forskrift om skulereglar i Sogndal kommune vert vedteken slik den ligg føre vedlegg 5, med slik endring:
"§ 10 Mobiltelefon og anna digitalt utstyr Sogndal kommune regulerer strengt elevar sin tilgang til, og bruk av, private mobiltelefonar og smartklokker i Sogndalsskulen. Reglane skal følgja dei nasjonale tilrådingane for barneskulen og ungdomsskulen. Private mobiltelefonar, smartklokker eller andre digitale medium skal liggja avslått i skulesekken eller på anna tilvist plass slik at dei ikkje forstyrrar undervisninga. Mobiltelefonen, smartklokke eller andre digitale medium kan berre nyttast i undervisninga eller i friminutt etter avtale med lærar, rektor eller annan tilsett. I opplæringa skal det ikkje stillast krav til at elevane har eigen mobiltelefon. Skulen skal alltid ha tilgjengeleg det utstyret som er naudsynt for å gje elevane ei god opplæring. Det kan gjerast eigne avtalar med enkeltelevar som har behov for tilrettelegging knytt til utfordringar med helse, sosial samhandling eller læring."
4. Kommunestyret opphevar alle tidlegare forskrifter om ordensreglar for skulane i dei tre gamle kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal kommune.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 65/2024 i møte den 03.10.2024:
Handsaming
Frå utval for levekår låg det føre slik tilråding:
1. Forskrift om hovudmål i dei kommunale grunnskulane i Sogndal kommune vert vedteken slik den ligg føre i vedlegg 3.
2. Forskrift om permisjon i grunnskulane i Sogndal kommune vert vedteken slik den ligg føre i vedlegg 4, med slik endring:
Ny tekst i §7:
"Ugyldig fråvær. A. Det er ugyldig fråvær:
- Dersom eleven ikkje har søkt om permisjon på førehand i situasjonar der det er mogleg å søke.
- Dersom eleven har fått avslag på søknad om permisjon, og likevel ikkje møter på skulen.
- Dersom eleven berre har fått delvis innvilga permisjon, og likevel er borte heile perioden. B. Dersom fråværet skuldast uføresette omstende som ikkje kunne planleggast eller påreknast, til dømes ved akutte helseproblem eller familiekriser, skal eleven eller føresette snarast mogleg gje melding til skulen. Ved slike fråvær skal skulen ta stilling til om fråværet, etter ei konkret vurdering av situasjonen, skal reknast som gyldig.
3. Forskrift om skulereglar i Sogndal kommune vert vedteken slik den ligg føre vedlegg 5.
4. Kommunestyret opphevar alle tidlegare forskrifter om ordensreglar for skulane i dei tre gamle kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal kommune.
Endringsframlegg:
Høgre sette fram slikt framlegg:
Høgre fremjar opp att kommunedirektøren si innstilling til punkt 2 til utval for levekår.
2. Forskrift om permisjon i grunnskulane i Sogndal kommune vert vedteken slik den ligg føre i vedlegg 4.
Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet: sette fram slikt framlegg som endring i Forskrift til skulereglar Sogndal kommune (tilråding punkt 3):
§ 10 Mobiltelefon og anna digitalt utstyr Sogndal kommune regulerer strengt elevar sin tilgang til, og bruk av, private mobiltelefonar og smartklokker i Sogndalsskulen. Reglane skal følgja dei nasjonale tilrådingane for barneskulen og ungdomsskulen. Private mobiltelefonar, smartklokker eller andre digitale medium skal liggja avslått i skulesekken eller på anna tilvist plass slik at dei ikkje forstyrrar undervisninga. Mobiltelefonen, smartklokke eller andre digitale medium kan berre nyttast i undervisninga eller i friminutt etter avtale med lærar, rektor eller annan tilsett. I opplæringa skal det ikkje stillast krav til at elevane har eigen mobiltelefon. Skulen skal alltid ha tilgjengeleg det utstyret som er naudsynt for å gje elevane ei god opplæring. Det kan gjerast eigne avtalar med enkeltelevar som har behov for tilrettelegging knytt til utfordringar med helse, sosial samhandling eller læring.
Avrøysting:
Punkta 1 og 4 i tilrådinga frå utval for levekår vart samrøystes vedtekne.
Framlegget frå Høgre fekk 9 røyster frå Høgre (4), Framstegspartiet (3), Vibeke Johnsen (Sv) og Anna Helen Hamre (Sv) og framleggget fall. Punkt 2 i tilrådinga frå utval for levekår vart vedteken med 22 røyster frå Arbeidarpartiet (8), Senterpartiet (7), Kristeleg Folkeparti (2), Inga Henjum Halsnes (Sv), Mari Husabø (Sv), Bjarte Haugen (V), Bjørn Christian Weinbach (R) og Lin Åm (Mdg).
Framlegget frå Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet vart vedteke med 23 røyster frå Arbeidarpartiet (8), Senterpartiet (7), Sosialistisk Venstreparti (4), Kristeleg Folkeparti (2), Bjørn Christian Weinbach (R) og Lin Åm (Mdg). Høgre (4), Framstegspartiet (3) og Bjarte Haugen (V) røysta mot.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.