Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Utgreiing av nytt badebasseng på Leikanger

Sak 58/2024 · Kommunestyret 13. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Som del av arbeidet med budsjett- og økonomiplan 2025-2028 skal bygging av eit symje-, øvings- og terapibasseng på Leikanger utgreiast.

2. Det vert mobilisert innbyggarmedveknad for å samle inn synspunkt og idear på utgreiingsarbeidet.

3. Aktuelle element i eit mandat for utgreiingsarbeidet kan vere:

• Alternative lokaliseringar, omfang/innhald, planløysing,

• Kostnader med ulike alternative løysingar.

• Finansieringsplan – tidsplan.

• Tidsplan: alternative forslag.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 58/2024 i møte den 13.06.2024:

Handsaming

Kommunestyret vedtok mot røystene frå Framstegspartiet (3) og Margrete Haug (Krf) å setje ny sak 58/24 på saklista.

Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Raudt og Jan Sigurd Haugen (Sv) sette fram slikt framlegg:

Kommunestyret gjer slikt vedtak:

1. Som del av arbeidet med budsjett- og økonomiplan 2025-2028 skal bygging av eit symje-, øvings- og terapibasseng på Leikanger utgreiast.

2. Det vert mobilisert innbyggarmedveknad for å samle inn synspunkt og idear på utgreiingsarbeidet.

3. Aktuelle element i eit mandat for utgreiingsarbeidet kan vere:

• Alternative lokaliseringar, omfang/innhald, planløysing,

• Kostnader med ulike alternative løysingar.

• Finansieringsplan – tidsplan.

• Tidsplan: alternative forslag.

Avrøysting:

Framlegget vart vedteke med 28 røyster frå Arbeidarpartiet (8), Senterpartiet (7), Høgre (4), Framstegspartiet (3), Venstre (1), Raudt (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Margrete Haug (Krf), Inga Henjum Halsnes (Sv) og Sigurd Haugen (Sv). Frode Bøthun (Krf), Mari Husabø (Sv) og Ole Marius Folkestad (Sv) røysta mot.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.