Skriv, meldingar, drøftingar og orienteringar - kommunestyret 13. juni 2024
Vedtak
A. Skriv og meldingar
1. Årsmelding 2023, Krisesenteret i Sogn og Fjordane
2. Velkomstklasse Sogndal kommune
B. Drøftingar
C. Orienteringar
1. Fjærland bygdautval og reiseliv
Frå kommunedirektøren:
1. Arealplanen, dialogmøte med statelege etatar, løypemelding
2. Sogn kommunalt oppgåvefellesskap
3. Løypemelding på arbeidet med tillitsreforma
4. Oppfølging av kommunestyret 23. mai 2024. Kommunestyret vedtok (med heimel som vist nedanfor) samrøystes å lukke møtet under handsaming av 2 orienteringar.
a) Orientering om mogleg lovbrot. Ikkje offentleg, jamfør offentleglova § 23 og § 24
b) Orientering om personalsak. Ikkje offentleg, jamfør offentleglova § 13, jamfør forvaltningslova § 13 og offentleglova § 23 Kommunedirektøren har utarbeida eit samandrag av dei ikkje offentlege orienteringane. Samandraga er å finne som graderte notat i sak- og arkivsystemet 2024/1994-14 og 2024/5554-51.
Frå ordføraren:
1. Sognarådet/Sognatinget
2. Møte i politirådet med Luster kommune
D. Spørsmål frå medlemane
Erlend Fardal Lunde (Ap):
1. Som politikar er eg oppteken av fakta, og det å kunne dra nytte av fakta for å gi innbyggjarane våre den beste moglege kvardagen. Difor ser eg på det som viktig at me nyttar dei arena me har til å gjera kvardagane til dei som bur i kommunen vår enklare og betre. Som politisk representant i SU på Kvåle skule vart hallkapasitet for kroppsøving eit tema på møtet i mai. Det syner seg at av dei 42 undervisningstimane Kvåle skule har på ei veka så har dei kun kapasitet til 15 av desse i Nyehallen. Kvåle skule har tilgang på Nyehallen 20 klokketimar kvar veke, noko som utløyser 15 undervisningstimar. Med andre ord manglar dei 27 undervisningstimar og 36 klokketimar. I SU-møtet kom det fram at HVL, som også disponerer 20 timar kvar veke, har mange ubrukte timar. HVL har slik eg har forstått det flytta mykje av sin aktivitet til Campushallen, men også der er det mange ledige timar både på dag og kveld. Eg har prøvd å hente inn eit kunnskapsgrunnlag gjennom dialog med folk og eg har komme fram til dette:
Over halvparten av dei tilgjengelege halltimane på dag og kveld som HVL disponerer i Nyehallen (S2) og Campushallen vert ikkje brukt. Kanskje er talet enno høgare? Burde ikkje dette vore kartlagt? I eit tenkt scenario kunne Kvåle skule overteke minst 10 halltimar frå HVL i Nyehallen, og slik utløyst 7-8 ekstra undervisningstimar, noko som kunne forbetra deira situasjon på kort sikt betydeleg. Flytting av store deler av HVL sin aktivitet og studentidretten til Campushallen har frigjort ledig tid i skuletid og på kveld/helg i Nyehallen. Burde ein også samla dei naudsynte aktørane i idretten for å sett på om ein kunne forbetra situasonen på kort sikt? Kor mange timar står Nyehallen faktisk ledig? Har me godt nok kunnskapsgrunnlag? Det er vedteke ny hall, men i åra fram mot at den kjem så må me som politikarar ta ansvar for best mogleg utnyttig av eksisterande hallflater. Me kan ikkje sitja å venta på at eit nybygg skal løysa ting i framtida når utfordringane er her og no. Slik eg ser saken har det her vore for lite samsnakking mellom ulike aktørar, og Sogndal kommune som vertskommune for HVL og VGS samt som skuleeigar bør ta ei aktiv rolle; Kan kommunedirektør ta initiativ til eit fellesmøte mellom Fosshaugane, Sognahallen,HVL, Kvåle skule, VGS og andre aktørar som nyttar hallflater på dagtid, og vurdere om ein kan planlegge betre og utnytte hallflatene betre, til det beste for skulane i bygdi?
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef for oppvekst Rektor på Kvåle skule vil ta initiativ ovanfor hallkoordinator på høgskulen på Vestlandet for å få i stand eit fellesmøte og ei løysing som kan dekke Kvåle skule sine behov i større grad enn i dag.
Bjørn Christian Weinbach (R):
2. Eg som kommunestyrerepresentant har blitt kontakta av ein privatperson som har engasjert seg for situasjonen til papirlause. Eg har blitt meddelt ein beskrivelse av at ein person busett i Sogndal kommune som er papirlaus nesten ikkje fekk helsehjelp på legevakta på grunn av at personen var papirlaus no i nyare tid. Papirlause lever i eit limbo der dei i praksis ikkje får fulle borgarrettar, samtidig som dei ofte ikkje kan bli sendt heim til heimlanda sine heller. Under pandemien blei det avdekt fleire utfordringar for dei papirlause:
• Papirlause har vanskar med å få ID-kort og bankkonto, noko som gjer det utfordrande å leve i eit kontantfritt samfunn, som under pandemien.
• Dei fekk ikkje tilbod om vaksine.
• Dei har ikkje lov til å jobbe, og er ofte avhengige av veldedighet og privatpersonar som tek vare på dei, noko som er ein stor belastning på desse privatpersonane. Difor lurer eg på følgande:
a. Kor mange papirlause er det i Sogndal kommune? Har me oversikt over dette?
b. Får papirlause akutt helsehjelp som alle har krav på i Sogndal kommune?
c. Får papirlause tilbod om språkundervisning i kommunen? Eg meiner det er viktig at kommunen har tiltak på plass for å ivareta grunnleggjande menneskerettar og helse for alle, inkludert papirlause.
Svar: Kenth Rune Teigen Måren og Marit Reppen, kommunalsjefar Me er ikkje kjent med at det er ein oversikt over tall papirlause i kommunen Me kjenner ikkje til saker med papirlause som ikkje har fått tilstrekkeleg helsehjelp av Sogndal kommune. Gjeld dette ei konkret sak der ikkje er ytt tilstrekkeleg helsehjelp ber me om ei konkret melding om dette slik at me kan undersøkje saka. Alle som oppheld seg i Sogndal kommune (og alle andre kommunar i Norge) har rett på helsehjelp ved akutt sjukdom. Meir info om dette finst her:
https://www.helsenorge.no/utlendinger-i-norge/helsehjelp-til-personer-uten-lovlig-opphold/ Alle som har sett fram søknad om asyl og ventar svar vil i utgangspunktet ha rett på norskopplæring, inkludert det dei kallar «papirlause». Dersom dei får avslag på søknaden vert dei ikkje lenger rekna som asylsøkjarar. Då vil dei ikkje lenger ha lovleg opphald i Noreg, og dermed ikkje rett til språkopplæring. Informasjon om opphaldsløyve som gir rett til språkopplæring:
https://www.imdi.no/kvalifisering/regelverk/norsk-og-samfunnskunnskap/malgruppe-for-opplaring-i-norsk-og-samfunnskunnskap/
3. Den 21. mars fremma Raudt følgande forslag som i debatten blei trekt:
"Sogndal kommunestyre vil be Vestland fylkeskommune finne tiltak innan sikring, varsling og preventiv stenging som kan gjera vegen tryggare mot snøskred i perioden fram til permanent sikker veg er på plass. Kommunestyret ber fylkeskommunen vurdere korleis eit ferjetilbod direkte til Balestrand i skredsesongen kan vere ei løysing. Spesielt viktig er omsynet til skuletransporten." I det møtet lovde ordføraren å følge opp denne saka. Raudt lurer no på om ordførar har hatt høve til å gjere dette, og kva som eventuelt blir vegen vidare kring dette. Kan ordføraren gi ein statusoppdatering på arbeidet med denne saka, og kva konkrete tiltak som er vurdert eller igangsett for å sikre trygg transport i skredsesongen.
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar Det er avtala møte mellom ordførar og direktør for infrastruktur og veg i Vestland, Dina Lefdal, fredag 21. juni 2024. Oppmodar om at representantane sender e-post til ordføraren dersom det er tema i tillegg til bodskapet ovanfor dei ynskjer skal bli vidareformidla.
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst Onsdag 5. juni 2024 fekk Sogndal kommune førespurnad om å bidra til innsiktsarbeid i samband med utvikling av Skyss sin kommunikasjonsstrategi for å få betre innsikt i korleis Skyss vert oppfatta i dag og kva Skyss kan gjere betre. I den samanheng har dei eit spørjeskjema til folkevalde, til tilsette i kommuneadministrasjonar og også til andre kommunetilsette som har kontakt med Skyss (t.d. i samband med skuleskyss). Dei ynskjer at Sogndal kommune kan vidareformidle spørjeskjemaet når det er klart. Sogndal kommune har respondert positivt og bidreg gjerne i denne undersøkinga. Vi er orientert om at fylkeskommunen forheld seg slik ved stengde vegar:
• Når det skjer hendingar på vegnettet skal Statens vegvesen melde frå om dette til fylkeskommunen.
• Med bakgrunn i den informasjonen vi får frå Statens vegvesen (SVV) vil fylkeskommunen gjere ei vurdering av eventuelle tiltak med omsyn til ekstraordinær transport.
• Desse vurderingane vert gjort etter fastlagde interne prinsipp for etablering av ekstraordinær persontransport
• Vi er avhengige av å få melding frå SVV om varigheit på stenginga og kor tid SVV reknar med at vegen vil bli opna.
• Når vi har tilstrekkeleg med informasjon om hendinga, vil vi ta kontakt med den aktuelle kommunen for å sjekke ut eventuelle behov for ekstraordinær persontransport og eventuelt ruteopplegg i den tida vegen vil vere stengt.
• Det hender at vi får melding om stengt veg anten gjennom media, frå enkeltpersonar eller kommunar. Det at vegen er stengt er i utgangspunktet ikkje nok til å sette inn tiltak. Vi må har meir detaljert informasjon frå SVV før vi kan ta stilling til eventuelle ekstraordinære transporttiltak.
Kjell Asbjørn Næss (H):
4. I samband med handsaming av arealplanen vart det vedteke eit punkt 10 om byggeklare tomter for einebustader i Leikanger. Eg ynskjer ei orientering om framdrift i dette arbeidet.
Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Sjå utsendt notat til skriv og meldingar.
Rune Haug (Frp):
5. I kommunestyret 15. februar gjekk eit fleirtal, mot Frp sine stemmer inn for å ta imot 140 flyktningar. Framstegspartiet ville ikkje ta imot flyktningar i denne omgang.
• Kor mange av desse er no busette i Sogndal, og har det vore lett å finna tilfredstillande husvære til dei ankomne ?
• Vi ynskjer også svar/orientering på korleis kommunen handterar barnehage, skule og helsetjenester retta mot flyktningar . Vi veit at det frå før er ei stor utfordring på kvalifisert personell i mange av desse sektorane.
• Har dette på noko vis gått utover Sogndal sine innbyggjarar i ein allerede pressa situasjon på det som er nevnt ovanfor ?
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst, Tage Rickard Sundell, tenesteleiar bygg og eigedom, og Marit Reppen, kommunalsjef for helse og omsorg Det er så langt i 2024 busett 63 flyktningar. Flyktningane er busett i eigne kommunale bustadar og ved framleigekontraktar. Utfordringa så langt i 2024 går mest på kapasitet/bemanning i bustadsosialt team. Samstundes er det langt betre kontroll på tildeling og oppfølging etter omorganisering i vår. Vurderinga p.t. er at det alt i alt er relativt problemfritt etter tilhøva. Born søker barnehageplass i nærleiken av der dei bur. Dersom ledig plass utanom hovudopptaket, får dei plass, om ikkje må dei vente på plass. Flyktningane søkjer i samarbeid med flyktningtenesta og styrarane i barnehagen, og det vert lagt til rette for tolkesamtalar med barn og føresette. Frå komande barnehageår har alle born fått tilbod om barnehageplass. Fleire barnehagar har flyktningar i praksis/språkpraksis. Det vert vidare jobba med ein plan for opplæringsløp for å kvalifisere nyankomne til å jobbe i barnehage. I skulane har nye flyktningar blitt teke i mot i dei etablerte strukturane vi har for elevane i Sogndal kommune. Dei får opplæringa si i ordinære grupper og/eller i mindre grupper som særskilt språkopplæring. PPT yter tjenester til alle barn frå 0-16 år i kommunen. Ressursane i PPT er ikkje endra seg trass i endringar i befolkningssamansettinga og i dei lovmessige krava til arbeidet PPT skal utføre. Helsestasjon har alle nyankomne flyktningar inne til smittevernkartlegging/tuberkulosekontroll og alle barn inne til 1.helsesundersøking. Etter 1.helseudnersøking vert alle barn og unge følgt opp i ordinær helsestasjon og skulehelseteneste. Det vert og gitt tilbod om 1.helseundersøking til alle vaksne nyankomne flyktningar (jamfør nasjonale retningslinjer). Dei fleste vaksne takkar ja til ei slik helseundersøking. For å gje tilbod har tenesta omdisponert ressursar frå helsestasjon 0-5 år til smittevern. Flyktningar får tilbod om tenester som alle andre innbyggjar. Dei får tilbod om fastlege og får det dei treng av helsehjelp. Tildelingskontoret arbeider tett med flyktningtenesta i NAV om busetting av flyktningar med behov for helse- og omsorgstenester. Det er flyktningtenesta som har dialog med dei ulike mottaka ang. busetting av flyktningar. Flyktningtenesta i NAV tek kontakt med tildelingskontoret dersom personar har behov for oppfølging av helse. Ofte har me eit teamsmøte der me drøftar saka og kva me kan tilby, og kven som følgjer opp saka vidare. Det føreligg ofte veldig lite informasjon frå flyktningmottaka, og tildelingskontoret tek ofte kontakt per telefon for å innhente mest mogleg informasjon frå flyktningmottaka der flyktningane ventar. Dette for å kunne planlegge for oppfølging då dei kjem ut til kommunen. Oppfølging er ikkje alltid like enkelt, då flyktningmottaka ofte ikkje har så god kjennskap til brukarane. I fleire tilfelle har me sett at dei ikkje har fått helsesjekk hjå lege, eller at hjelpebehovet deira er mykje større enn det som har blitt førespegla. Me har i 2024 vore i kontakt med flyktningtenesta i NAV om ca. 6-8 brukarar som har behov for helse- og omsorgstenester då dei kjem til Sogndal kommune. Hjelpebehova er varierte, alt i frå langtidsplass til behov for medisinutlevering og praktisk bistand. I nokre tilfelle reiser også tildelingskontoret på kartlegging/ har møte med brukarar etter at dei har komme til kommunen. Språkbarrierar, manglande systemforståing og kulturforskjellar kan gjere dette utfordrande. Me nyttar alltid tolk i desse samtalane.
Bjarte Haugen (V):
6. Me får spørsmål frå mange om kor tid skal det ryddast opp etter arbeid i Henjadalen? Ved inngangen til dalen står der bilar utan skilt og mykje rot ellers på ein oppstillingsplass som vart brukt under utbygging av vasstilførselen i Henjadalen. Kven har ansvaret og korleis vil kommunen fylgje opp? Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Sognekraft svarar følgjande:
I august 2019 inngjekk Sognekraft ein totalentreprisekontrakt med Kraftentreprenøren (KE) om bygging av veg og vassleidning i Henjadalen. KE avtalte direkte med grunneigar om bruk av eit område for rigg ved kommunes reinseanlegg, noko som gjer leige og bruk av dette området til eit privatrettsleg forhold mellom KE og grunneigar. Når det er sagt, har Sognekraft ved fleire høve gjennom byggeperioden påpeikt at det skal haldast ryddig på dette riggområdet, og har vore tydeleg på forventningane rundt dette, sjølv om me har opplevd det som utfordrande å få ryddigheita på det nivået me ynskjer. Sist me var i kontakt med KE for to veker sidan, fekk me beskjed om at det skulle verte rydda klart i løpet av veke 24. Me vonar at dette vert gjort, som lova. Det er i utgangspunktet utfordrande for Sognekraft å kunne sanksjonere mot KE, då dei blant anna viser til avtalen dei sjølv har med grunneigar. Om det er ynskjeleg tek me gjerne ein nærare dialog med kommunen om dette. Ei saksopplysning er at Sognekraft betalar for reasfaltering av eit strekk av Kolabakken, som kommunen av praktiske årsaker gjennomfører i 2025.
Margrethe Haug (Krf):
7. Kommunalbustad Elvebakken. Bustaden er omringa av høge tre, ber om at dette blir teke opp.
Svar: Tage Rickard Sundell, tenesteleiar bygg og eigedom Vi tek med oss dette.
8. Toalett på Sjøkanten. Kan ein vurdere å ha toalett ope mykje lenger enn i dag?
Svar: Tage Rickard Sundell, tenesteleiar bygg og eigedom Ja, det kan vi. Etter utviding vil toaletta i utgangspunktet vere mogleg å bruke heile året. Utvida opningstid medfører noko auka bruk av ressursar til reinhald.
Erlend Fardal Lunde (AP):
9. Midlertidig fartsgrense gjennom tettstaden Kaupanger, kva er status på dette?
Svar: Tor-Einar Holvik Skinlo, kommunedirektør Kommunen er i dialog med Statens vegvesen.
10. Bankkonto knytt til kantinedrift på Kvåle skule. Skal kommunen pålegge enkeltpersonar dette ansvaret?
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst Det er elevane ved Kvåle skule som driftar kantina som elevbedrift. Inntektene frå denne drifta vert nytta til elevturar. Kommunen har ikkje lov til å ha andre sine pengar på konto. Vi skal lage ein rutine der FAU opprettar kontoar, slik at elevane sine pengar står der. Kommunedirektøren har hatt dialog med rektorane om denne løysinga der FAU ved alle skulane har eigen konto til kantinedrift og andre inntekter som elevane har i løpet av eit skuleår.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 57/2024 i møte den 13.06.2024:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.