Parkeringsgruppe for Sogndal
Vedtak
1. Sogndal kommunestyre vedtek å setje ned ei samansett parkeringsgruppe.
2. Mandat: Sjå på den overordna parkeringssituasjonen i tettstaden Sogndal og utarbeide innspeldokument til parkeringsstrategi 2040 Parkeringsgruppa skal gjennomføre minst eit ope folkemøte.
3. Tidsramme: Legge fram innspelsdokument innan 1. oktober, med målsetning om politisk handsaming i løp av 2024.
4. Samansetning: Fire politiske valde, dei fire største parkeringsaktørane i Sogndal, og representant frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Gruppa kan knytte seg til referansegrupper ved behov.
5. Fire parkeringsaktørar i Sogndal:
Wilhelm Tangerud, AMFI Frode Einarsen, Einarsen Eigedom Jan Tore Rosenlund, Vestland fylkeskommune Rolf Navarsete, Fosshaugane AS, Campus.
6. Fire politiske medlemmar:
Torun Torheim Liv Synnøve Bøyum Laila Wigum Rita Navarsete
7. Leiar: Liv Synnøve Bøyum Nestleiar: Torun Torheim
8. Sekretær: Kommunedirektøren vel ein person frå administrasjonen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 52/2024 i møte den 13.06.2024:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Sogndal kommunestyre vedtek å setje ned ei samansett parkeringsgruppe.
2. Mandat: Sjå på den overordna parkeringssituasjonen i tettstaden Sogndal og utarbeide innspeldokument til parkeringsstrategi 2040 Parkeringsgruppa skal gjennomføre minst eit ope folkemøte.
3. idsramme: Legge fram innspelsdokument innan 1. oktober, med målsetning om politisk handsaming i løp av 2024.
4. Samansetning: Fire politisk valde med vara, og dei fire største parkeringsaktørane i Sogndal. Gruppa kan knytte til seg referansegrupper ved behov.
5. Fire parkeringsaktørar i Sogndal:
Wilhelm Tangerud, AMFI Frode Einarsen, Einarsen Eigedom Jan Tore Rosenlund, Vestland fylkeskommune Rolf Navarsete, Fosshaugane AS, Campus.
6. Fire politiske medlemmar:
Arnstein Menes, vara Magne Bruland Selseng Liv Synnøve Bøyum, vara Ingvar Stadheim Laila Wigum, vara Gunnhild Olstad Bøyum Rita Navarsete, vara Idar Kollsete
7. Leiar: Liv Synnøve Bøyum Nestleiar: Arnstein Menes
8. Sekretær: Kommunedirektøren vel ein person frå administrasjonen.
Endringsframlegg:
Sosialistisk Venstreparti sette fram slikt framlegg som endring i tilrådinga frå formannskapet:
Punkt 4. Fire politiske valde, dei fire største parkeringsaktørane i Sogndal, og representant frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Gruppa kan knytte seg til referansegrupper ved behov.
Endringsforslaget er at dei politiske valde ikkje har vara, og at det er ein representant frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.
Punkt 6: Foreslår å erstatte Arnstein Menes med Torun Torheim, MDG
Avrøysting:
Sosialistisk Venstreparti sitt framlegg om endring i punkt 4 vart samrøystes vedteke. Sosialistisk Venstreparti sitt framlegg om endring i punkt 6 vart vedteke mot røystene frå Framstegspartiet (3). Tilrådinga frå formannskapet, med vedtekne endringar som vist ovanfor, vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.