Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Barnehage - og skuletilbod ved Fjordtun oppvekstsenter 2024/2025

Sak 39/2024 · Kommunestyret 23. mai 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret vedtek at barnehage - og skuletilbodet ved Fjordtun oppvekstsenter ikkje blir sett i gang skuleåret 2024-25. Borna frå Fjordtun oppvekstsenter får barnehage – og skuletilbodet sitt ved Sagatun barnehage og Sagatun skule.

2. Det vert ikkje opna opp barnehagetilbod ved Fjordtun oppvekstsenter før det er minimum tre søkjarar ved hovudopptaket til barnehage.

3. Det vert ikkje opna opp for skuletilbod ved Fjordtun oppvekstsenter før det er minimum sju elevar etter forskrift om skulekrinsar.

4. Dei økonomiske konsekvensane av vedtaket skal innarbeidast i 1. tertial.

5. Formannskapet ber kommunedirektøren gå i dialog med fylkeskommunen om skuleskyssen i Fjorden med mål om redusert reisetid og vurdering av båtskyss, og betre løysingar i periodar med særleg stor rasfare.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 39/2024 i møte den 23.05.2024:

Handsaming

Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:

1. Kommunestyret vedtek at barnehage - og skuletilbodet ved Fjordtun oppvekstsenter ikkje blir sett i gang skuleåret 2024-25. Borna frå Fjordtun oppvekstsenter får barnehage – og skuletilbodet sitt ved Sagatun barnehage og Sagatun skule.

2. Det vert ikkje opna opp barnehagetilbod ved Fjordtun oppvekstsenter før det er minimum fem søkjarar ved hovudopptaket til barnehage.

3. Det vert ikkje opna opp for skuletilbod ved Fjordtun oppvekstsenter før det er minimum sju elevar etter forskrift om skulekrinsar.

4. Dei økonomiske konsekvensane av vedtaket skal innarbeidast i 1. tertial.

5. Formannskapet ber kommunedirektøren gå i dialog med fylkeskommunen om redusert reisetid og moglegheit for båtskyss ved rasfare.

Habilitet:

Representanten Arnstein Menes bad kommunestyret vurdere habilitet.

Representanten Menes er vurdert etter reglane i forvaltningslova. § 6 andre ledd. Sak 39 knyt til barnehage- og skuletilbod ved Fjordtun oppvekstsenter skil seg frå sak 36, som knyt seg til den generelle skulestrukturen i kommunen. Kommunedirektøren viser til rettleiaren om Habilitet i kommuner og fylkeskommuner s. 12 der det står at “For eksempel blir ikke et medlem av kommunestyret inhabil i skolesaker bare fordi vedkommende har barn i skolen. Men det er heller ikke krav om at forholdet må være helt unikt. Hvis for eksempel en endring av reglene om skoleskyss kan bli til særlig fordel eller ulempe for et bestemt medlem av kommunestyret eller medlemmets barn, kan det måtte betraktes som særegent forhold” Representanten har fleire born som i dag har tilbod ved Fjordtun oppvekstsenter og avgjerda kan få påverknad på reiseveg skuleskyss og kvardagen til familien. Avgjerd i saka kan gje særleg fordel eller ulempe for representanten og borna hans. Når representanten i tillegg har fleire born ved oppvekstsenteret kan det tale for at omstenda får større vekt i vurderinga. Det er tilstrekkeleg at omstenda i saka er eigna til å svekke tilliten til at representanten er upartisk. Ut frå tilknytinga representanten har til skulen, er tilrådinga at representanten ikkje er gild i saka , jf. forvaltningslova. § 6 andre ledd.

Avrøysting: samrøystes Kommunestyret vurderte representanten Menes som ugild til å delta i handsaming av saka

Endringsframlegg:

Sosialistisk Venstreparti sette fram slikt framlegg:

Endre punkt 2 frå minimum fem til minimum tre søkjarar, slik at punktet vert slik:

Det vert ikkje opna opp barnehagetilbod ved Fjordtun oppvekstsenter før det er minimum tre søkjarar ved hovudopptaket til barnehage. Erstatte punkt 5 til følgjande:

Formannskapet ber kommunedirektøren gå i dialog med fylkeskommunen om skuleskyssen i Fjorden med mål om redusert reisetid og vurdering av båtskyss, og betre løysingar i periodar med særleg stor rasfare.

Avrøysting:

Punktvis røysting:

punkt 1: vedteke med 21 røyster, mot 8 røyster: SP 6, Raudt 1, MdG 1 punkt 2: tilråding frå formannskapet vart sett opp mot SV sitt endringsframlegg:

SV sitt endringsframlegg vart vedteke med 16 røyster: SP 6, MdG 1, Raudt 1, SV 3, H 2 (Håkon Nesse, Kjell Asbjørn Næss), Krf 2, V 1 Tilrådinga frå formannskapet fekk 13 røyster (Ap 8, H 2, Frp 3) og fall. punkt 3: samrøystes vedteke punkt 4: samrøystes vedteke punkt 5: endringsframlegget frå SV om nytt punkt 5: samrøystes vedteke

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.