Rusmiddelpolitisk handlingsplan Sogndal kommune 2024-2028
Vedtak
Rusmiddelpolitisk handlingsplan vert vedteken slik den ligg føre med følgjande endringar:
1. I punktet: Tilverking for sal i eiga verksemd, om Sogndal vil i sitt skjønn for vurdering av heilskapleg karakter vektlegga følgjande:
2. I kulepunkt 4 går fylgjande ord ut: ”mogleg for gjestene for deltaking”
3. I 2.7 Kommunen sitt skjønn får slik ny tekst:
Løyve for skjenking i uteareal vert gjeve etter ei konkret vurdering av kvar enkelt sak. Følgjande moment skal vurderast: Haldningsskapande arbeid i forhold til barn – og unge, ro- og ordensmessige omsyn, trafikk, tilgjenge og omsyn til friferdsel. Uteområdet skal, så langt det er praktisk mogleg ha naturleg nærleik til innvendig skjenkeareal. Det vert gitt løyve til skjenking i frukthagar og vinmarker.
4. Punkt 2.14 Sal og skjenking – ikkje i same lokale. Tillegg:
For siderproduksjon med salsløyve og skjenkeløyve frå eigen gard, kan sal og skjenking skje i same lokale, jfr. Alkohollova §3-1c
5. Endre punktet på s.16 under "Kommunen sine strategiar for å nå desse måla er:" informasjons- og haldningsskapande prosjekt over tid.
6. Nytt punkt 2.14 Sal og skjenking i same lokale Hovudregelen i alkohollova er at sal og skjenking ikkje skal skje i same lokale. Det kan bli gitt løyve til sal og skjenking i same lokale dersom vilkåra i alkohollova § 3-1
c) er oppfylt.
7. A . Punkt 2.13 går ut.
B. Eit nytt punkt 2.13 får slik ny overskrift:
Vilkår for salsløyve
• Det vert teke inn slikt ny tekst i punkt 2.13:
• Salsløyve kan tildelast daglegvareforretningar med teknologien RMA-butikkstyring (fjernstyrt butikk). Dette gjeld også i tida butikken ikkje har personale som er fysisk til stades.
8. Styrking av Arbeidsliv og Kompetanse i Skjenkenæringa
Legge til følgande på s.16 "Sogndal kommune sine hovudmål i ruspolitikken er:"
• Ei styrking av arbeidsliv og kompetanse i skjenkenæringa
Legge til følgande punkt på s.16 under "Kommunen sine strategiar for å nå desse måla er:
• Sikre ein seriøs og ansvarleg skjenkenæring gjennom auka kompetanse og gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Dette innebær å styrke rettleiing og oppfølging av løyvehavarar, samt sikre at lovar og regler blir fulgte. Legge til følgande punkt på s.16 under "Tiltak:
• Sogndal kommune skal utføre stadlege rettleiingar på skjenkestadar og i butikkar. Dette kan skje både på kommunen sitt og løyvehavar sitt initiativ.
• Løyvehavar pliktar å søkje om godkjenning når det kjem nye personar i ansvarlege roller. Sogndal kommune skal ha oppfølging av at løyvepliktige verksemder til ei kvar tid oppfyller krava knytt til styrar og stedfortredar. Dette er viktig for å sikre at kompetent arbeidskraft innehar nøkkelroller, og at desse rollene er besatt av personar med reelt ansvar for utøvinga av løyvet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 44/2024 i møte den 13.06.2024:
Handsaming
Frå utval for levekår låg det føre slik tilråding:
Rusmiddelpolitisk handlingsplan vert vedteken slik den ligg føre med følgjande endringar
1. I punktet: Tilverking for sal i eiga verksemd, om Sogndal vil i sitt skjønn for vurdering av heilskapleg karakter vektlegga følgjande:
2. I kulepunkt 4 går fylgjande ord ut: ”mogleg for gjestene for deltaking”
3. I 2.7 Kommunen sitt skjønn får slik ny tekst:
Løyve for skjenking i uteareal vert gjeve etter ei konkret vurdering av kvar enkelt sak. Følgjande moment skal vurderast: Haldningsskapande arbeid i forhold til barn – og unge, ro- og ordensmessige omsyn, trafikk, tilgjenge og omsyn til friferdsel. Uteområdet skal, så langt det er praktisk mogleg ha naturleg nærleik til innvendig skjenkeareal. Det vert gitt løyve til skjenking i frukthagar og vinmarker.
4. Punkt 2.14 Sal og skjenking – ikkje i same lokale. Tillegg:
For siderproduksjon med salsløyve og skjenkeløyve frå eigen gard, kan sal og skjenking skje i same lokale, jfr. Alkohollova §3-1c
5. Endre punktet på s.16 under "Kommunen sine strategiar for å nå desse måla er:" informasjons- og haldningsskapande prosjekt over tid.
Habilitet:
Kommunestyret fann representantane Rune Haug (Frp), Inga Henjum Halsnes (Sv) og Erlend Fardal Lunde (Ap) samrøystes gilde til å delta i handsaming av saka, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Representantane hadde trekt til side under avrøystinga, og kommunestyret var difor 28 røysteføre ved avrøysting av Haug (Frp) sin gildskap, 29 røysteføre ved avrøysting av Halsnes (Sv) sin gildskap og 30 røysteføre ved avrøysting av Lunde (Ap) sin gildskap.
Endringsframlegg:
Framlegg frå ordførar:
Framlegget er ei teknisk endring frå administrasjonen:
Noverande punkt 2.14 Sal og skjenking - ikkje i same lokale Sal og skjenking kan ikkje skje i same lokale som skjenking då salsløyve etter alkohollova ikkje kan utøvast saman med skjenkeløyve i same lokale jf. alkohollova § 3-1 andre ledd, 4 punktum og § 4-1 første ledd. Endringsframlegg:
Nytt punkt 2.14 Sal og skjenking i same lokale Hovudregelen i alkohollova er at sal og skjenking ikkje skal skje i same lokale. Det kan bli gitt løyve til sal og skjenking i same lokale dersom vilkåra i alkohollova § 3-1
c) er oppfylt.
Framlegg frå Laia Elisabeth Wigum (H):
Frå endringsframlegg og vedtak i Levekår:
Punkt 2.14 Sal og skjenking – ikkje i same lokale. Tillegg: For siderproduksjon med sals- og skjenkeløyve frå eigen gard, kan sal og skjenking skje i same lokale, jfr. Alkohollova §3-1c. Høgre sender framlegg om eit tillegg i setninga og soleis endre til siderproduksjon- og vinproduksjon med sals- og skjenkeløyve frå eigen gard...
1. Punkt 2.15 Øverst på side 25 -Andre offentlege forsamlingslokale, ev. kombinert bruk som t.d. ungdomshus med spesielle arrangement, men ikkje i samband med idrettsarrangement. Høgre ynskjer følgjande endring. Punktum etter spesielle arrangement og stryk ...men ikkje i samband med idrettsarrangement.
2. Punkt 2.15 nederst på side 25 Inga løyve til idrettsarrangement. Høgre ynskjer eit tillegg: Inga løyve til idrettsarrangement med unntak av nasjonal toppidrett i faste skjenkelokaler.
3. forts. punkt 2.15 -Kantiner, kafear, restaurantar og anna areal i butikksenter si ordinære opningstid, kioskar og bensinstasjonar. Endringsframlegg: stryk alt i setningen før kioskar og bensinstasjonar. Framlegg frå Rune Haug (Frp):
Punkt 1: Frp vil åpna for at kjøpesenter skal få skjenka alkohol. Fjerne kantiner, kafear restauranter og anna i lokale butikksenter under punktet "Inga løyve til:.. Campus skal få skjenkeløyve til idrettsarrangement generelt. Punkt 2: Fjerne punkt side 21: der det står: ….. men til avgrensa område i naturleg nærleik til innadørs skjenkeareal
Framlegg frå Bjarte Haugen på vegne av Venstre:
Endre følgande punkt:
Punkt 2.13 Løyve til delvis sjølvbetente daglegvarebutikkar Salsløyve kan tildelast daglegvarebutikkar som er delvis sjølvbetente gjennom teknologien RMA butikkstyring (fjernstyrt butikk). Løyve gjeld innanfor gjeldande salstider jmf. Alkohollova og Rusmiddelpolitisk plan, både når butikken er fysisk bemanna og fjernbemanna.
Framlegg frå Knut Henning Grepstad (AP):
A . Punkt 2.13 går ut.
B. Eit nytt punkt 2.13 får slik ny overskrift:
Vilkår for salsløyve
• Det vert teke inn slikt ny tekst i punkt 2.13:
• Salsløyve kan tildelast daglegvareforretningar med teknologien RMA-butikkstyring (fjernstyrt butikk). Dette gjeld også i tida butikken ikkje har personale som er fysisk til stades.
Framlegg frå Bjørn Christian Weinbach på vegne av Raudt:
Styrking av Arbeidsliv og Kompetanse i Skjenkenæringa Legge til følgande på s.16 "Sogndal kommune sine hovudmål i ruspolitikken er:"
• Ei styrking av arbeidsliv og kompetanse i skjenkenæringa Legge til følgande punkt på s.16 under "Kommunen sine strategiar for å nå desse måla er:
• Sikre ein seriøs og ansvarleg skjenkenæring gjennom auka kompetanse og gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Dette innebær å styrke rettleiing og oppfølging av løyvehavarar, samt sikre at lovar og regler blir fulgte. Legge til følgande punkt på s.16 under "Tiltak:
• Sogndal kommune skal utføre stadlege rettleiingar på skjenkestadar og i butikkar. Dette kan skje både på kommunen sitt og løyvehavar sitt initiativ.
• Løyvehavar pliktar å søkje om godkjenning når det kjem nye personar i ansvarlege roller. Sogndal kommune skal ha oppfølging av at løyvepliktige verksemder til ei kvar tid oppfyller krava knytt til styrar og stedfortredar. Dette er viktig for å sikre at kompetent arbeidskraft innehar nøkkelroller, og at desse rollene er besatt av personar med reelt ansvar for utøvinga av løyvet.
Endringsframlegg frå Erlend Fardal Lunde (AP)
Pkt 2.15 På raden «inga løyve til»:
Tillegg til «inga løyve til idrettsarrangement»; «...med unntak av på Fosshaugane Campus i tilknyting til fotballkampar for Sogndal Fotball Herre og Sogndal Fotball Dame»
Endringsframlegg frå representanten Rita Navarsete, Framstegspartiet:
Sogndal Framstegsparti ynskjer lik skjenketid for øl vin og brennevin innanfor dei lovlige skjenketider iht alkoholloven.
Avrøysting:
Kommunestyret røysta først over endringsframlegga slik:
Framlegget frå ordførar:
Habilitet til framlegget frå ordførar:
Representanten Inga Henjum Halsnes bad kommunestyret vurdere habilitet til å røyste over framlegget. Avrøysting: samrøystes med 30 røysteføre representantar Kommunestyret fann representanten Halsnes gild til å røyste over framlegget, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Avrøysting: vedteke med 28 røyster mot 3 røyster (Frp)
Framlegg frå Laia Wigum (H):
Wigum trekte første avsnitt i framlegget (Det som var frå vedtak frå utval for levekår) Punktvis avrøysting. Punkt 1: 5 røyster for: H 4, Ap 1 (Erlend Fardal Lunde). Framlegget fall mot 26 røyster. Punkt 2: 5 røyster for: H 4, Ap 1 (Erlend Fardal Lunde). Framlegget fall mot 26 røyster. Punkt 3: 11 røyster for: H 4, Ap 2 (Stig Ove Ølmheim, Erlend Fardal Lunde), Frp 3, SP 1 (Espen Sæterbø), V 1. Framlegget fall mot 20 røyster
Framlegg frå Rune Haug (Frp):
Punktvis avrøysting Punkt 1: 3 røyster for. Framlegget fall mot 28 røyster Punkt 2:
Habilitet til framlegget frå Haug (Frp):
Representanten Inga Henjum Halsnes bad kommunestyret vurdere habilitet til å røyste over dette punktet i framlegget frå Rune Haug (Frp) . Avrøysting: samrøystes Kommunestyret fann representanten Inga Henjum Halsnes ugild til å røyste under dette punktet, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Vararepresentant Steinar Øydvin tiltredde kl 12.20-12.22 Framlegget fekk 8 røyster Frp 3, H 4, SP 1 (Arne Monrad Johnsen). Framlegget fall mot 23 røyster.
Bjarte Haugen (V) slutta seg til framlegget frå Grepstad (AP) om daglegvareforetningar. Det vart røysta over dette som eit felles framlegg frå Grepstad og Haugen. Avrøysting: vedteke med 16 røyster: Ap 4 (Grepstad, Hauståker, Ølmheim, Fardal), H 4, Frp 3, SV 4, V 1. 15 røysta mot.
Framlegget frå Bjørn Christian Weinbach (R): vedteke med 17 røyster: H 4, SP 4 (Menes, Hilleren, Feten, Sæterbø), Krf 2, SV 4, R 1, V 1, MdG 1. 14 Røysta mot.
Framlegget frå representanten Erlend Fardal Lunde (AP): fekk 12 røyster: AP 5 (Ølmheim, Hove, Lunde, Grepstad, Stensvand, H 4, Frp 3. Framlegget fall. 19 røysta mot. Framlegget frå Rita Navarsete Framstegspartiet:
Habilitet til framlegget frå Framstegspartiet:
Representanten Inga Henjum Halsnes bad kommunestyret vurdere habilitet til å røyste over framlegget. Avrøysting: samrøystes. 29 røysteføre representantar Kommunestyret fann representanten Inga Henjum Halsnes ugild til å røyste under dette framlegget, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Vararepresentant Steinar Øydvin tiltredde kl 12.31-12.32
Representanten Erlend Fardal Lunde bad kommunestyret vurdere habilitet til å røyste over framlegget. Avrøysting: samrøystes. 30 røysteføre representantar Kommunestyret fann representanten Erlend Fardal Lunde ugild for å røyste under dette framlegget, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Ingen vara møtte.
Avrøysting: Framlegget fekk 3 røyster (Frp 3) og fall. 27 røysta mot. 30 røysteføre representantar
Kommunestyret røysta punktvis over tilrådinga frå utval for levekår:
Habilitet til tilrådinga frå utval frå levekår:
Representanten Inga Henjum Halsnes bad kommunestyret vurdere habilitet til å røyste under punkta 1-4 i tilrådinga frå utval for levekår. Avrøysting: samrøystes Kommunestyret fann representanten Inga Henjum Halsnes ugild til å røyste under punkta 1-4, jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd. Vararepresentant Steinar Øydvin tiltredde kl 12.36-12.39 under røysting av punkta 1- 4.
Avrøysting:
31 røysteføre representantar Punkt 1: samrøystes Punkt 2: samrøystes Punkt 3: samrøystes Punkt 4: samrøystes Punkt 5: samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.