Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Klagehandsaming - klage på vedtak av detaljreguleringsplan for Hittun

Sak 34/2024 · Kommunestyret 23. mai 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret tek delar av klagen til følgje ved å utvide omsynssone for kulturmiljø over felt BFS6. Resterande delar av klagen vert ikkje tatt til følgje og vert sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd, jf. forvaltningslova § 33 fjerde ledd. Kommunestyret ber Statsforvaltaren gjere endeleg vedtak i tråd med punkt 1, som er ein merknad og innstilling til klageinstansen. Grunngjeving for vedtaket:

Felt BFS6 ligger på ein plass som er naturleg å sjå i samanheng med BFS8 og dagens gardstunet. Det vil ikkje ha store konsekvensar for heilskapleg konsept som utnyttingsgraden er basert på. Dei andre delane av klagen er vurdert tidlegare i planprosessen og vil ha for store konsekvensar for heilskapleg utbyggingskonsept og utnyttingsgrad når arealet er sentralt og plassert på dyrka mark.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 34/2024 i møte den 23.05.2024:

Handsaming

Frå utval for plan og samfunn låg det føre slik tilråding:

Kommunestyret tek delar av klagen til følgje ved å utvide omsynssone for kulturmiljø over felt BFS6. Resterande delar av klagen vert ikkje tatt til følgje og vert sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd, jf. forvaltningslova § 33 fjerde ledd. Grunngjeving for vedtaket:

Felt BFS6 ligger på ein plass som er naturleg å sjå i samanheng med BFS8 og dagens gardstunet. Det vil ikkje ha store konsekvensar for heilskapleg konsept som utnyttingsgraden er basert på. Dei andre delane av klagen er vurdert tidlegare i planprosessen og vil ha for store konsekvensar for heilskapleg utbyggingskonsept og utnyttingsgrad når arealet er sentralt og plassert på dyrka mark.

Endringsframlegg:

Høgre sette fram slikt framlegg:

Tillegg etter andre setning i vedtaket (ny siste setning i vedtaket):

Kommunestyret ber Statsforvaltaren gjere endeleg vedtak i tråd med punkt 1, som er ein merknad og innstilling til klageinstansen.

Avrøysting:

Kommunestyret røysta først over endringsframlegget frå Høgre: samrøystes Heile tilrådinga frå utval for plan og samfunn med tillegget frå Høgre: samrøystes

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.