Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Detaljreguleringsplan for Fv. 55 Bru over Esefjorden - planframlegg til vedtak

Sak 17/2024 · Kommunestyret 21. mars 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Detaljreguleringsplan for fv. 55 Bru over Esefjorden med plankart og føresegner dagsett 09.01.2024 vert vedteke slik det ligg føre.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 17/2024 i møte den 21.03.2024:

Handsaming

Frå utval for plan og samfunn låg det føre slik tilråding:

1. Detaljreguleringsplan for fv. 55 Bru over Esefjorden med plankart og føresegner dagsett 09.01.2024 vert vedteke slik det ligg føre.

Grunngjeving for vedtaket:

I denne saka er det lagt vekt på kommunedelplanen sine føringar for etablering av bru. Høyringsprosessen med uttale frå Riksantikvaren visar at justert plassering av bru, frå alternativ 1A til alternativ 2C med ein mindre vinkel, ikkje har vesentlege større konsekvensar for landskapet. Fråviket frå kommunedelplanen er tilstrekkeleg utgreia i reguleringsplanen. Kommunedirektøren støttar hovudgrepa i planframlegget. Me vurderer det mottekne planmaterialet til å vere tilstrekkeleg utgreid og ha tilfredsstillande kvalitet til å bli vedteke slik det ligg føre.

Habilitet:

Kommunestyret fann representanten Malèn Røysum (Sp) gild til å handsame saka, jamfør forvaltningslova § 6 første ledd.

Endringsframlegg:

Framstegspartiet sette fram slikt framlegg:

Sogndal Framstegsparti ber Sogndal kommune senda bestilling til Vestland Fylkeskommune som vegeigar av Fv 55, om å kostnadsrekna på rassikringstiltak, og punktvis utbetring etter prinsippet god og trygg nok veg, rundt Esefjorden. Ei eventuell handsaming av detaljreguleringsplan for Fv 55 - Bru over Esefjorden-skal venta til kostnad med nevnte tiltak ligg føre.

Avrøysting:

Framstegspartiet (3) røysta for sitt framlegg, og framlegget fall. Tilrådinga frå utval for plan og samfunn vart vedteken mot røystene frå Framstegspartiet (3).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.