Retningslinjer for bruk av sentrumsparken i Sogndal
Vedtak
1. Retningslinjene for bruk av sentrumsparken i Sogndal vert vedtekne slik dei ligg føre, med følgjande endring i ordlyden i punkt 4.1 Forsterka lyd: Sogndal kommune følgjer veileder IS-0327, Musikkanlegg og helse, når det gjeld musikkstøy i samband med arrangement, festivalar og liknande.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 19/2024 i møte den 21.03.2024:
Handsaming
Frå formannskapet låg det føre slik tilråding:
1. Retningslinjene for bruk av sentrumsparken i Sogndal vert vedtekne slik dei ligg føre, med følgjande endring i ordlyden i punkt 4.1 Forsterka lyd: Sogndal kommune følgjer veileder IS-0327, Musikkanlegg og helse, når det gjeld musikkstøy i samband med arrangement, festivalar og liknande.
Endringsframlegg:
Kristeleg Folkeparti sette fram slikt framlegg:
Tal større arrangement som legg beslag på heile eller store delar av parken over ein heil dag vert begrensa til tre gonger i året.
Raudt sette fram slikt framlegg:
Følgande punkt takast ut av retningslinjene:
4.4 Dispensasjon lydnivå:
Dersom arrangør ønskjer utandørs musikk og høgtalarbruk etter kl. 23:00, kan det søkast om til politiet. Kommuneoverlege skal få uttale seg i saken, og råda derfrå skal vektleggast.
Raudt sette fram eit alternativt forslag dei ynskte røysting over dersom det første forslaget ikkje fekk fleirtal:
Oppretthalde vedtaket på punkt 4.4 frå Råd for menneske med nedsett funksjonsevne:
4.4 Dispensasjon lydnivå Dersom arrangør ønskjer å fråvike retningslinjene om utandørs musikk og høgtalarbruk etter kl. 23:00, kan det søkast om til kommunen. Då skal politi og kommuneoverlege få uttale seg i saken, og råda derfrå skal fylgjast. Avrøysting:
Framlegget frå Kristeleg folkeparti fekk 1 røyst frå Marta Fimreite (Krf) og framlegget fall. Framlegget frå Raudt fekk 2 røyster frå Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne og framlegget fall. Det alternative framlegget frå Raudt fekk 3 røyster frå Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og May Kristel Bødal (Sp) og framlegget fall. Tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.