Varsel på kommunedirektøren
Vedtak
Kommunestyret sender saka til Arbeidsgjevarutvalet for vidare handsaming. Kommunestyret ber Arbeidsgjevarutvalet sikre at kommunen sine retningsliner for varsling vert fylgt, og dei kan rådføre seg med KS dersom dei finn det naudsynt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 16/2024 i møte den 22.02.2024:
Handsaming
Frå ordføraren låg det føre slik tilråding til vedtak:
Kommunestyret vedtek å engasjere ________________ som eksternt varslingssekretariat for å undersøke varselet, utarbeide ein skriftleg vurdering av varselet og til å komme med eit framlegg til vidare oppfølging av saka. Kommunestyret er mottakar av «den valde parten» si vurdering.
Habilitet:
Kommunestyret fann representantane Haavard Stensvand (Ap), Arnt Erik Nordheim (H), Inga Henjum Halsnes (SV) gilde til å delta i handsaminga av saka.
Endringsframlegg:
Ordføraren sette fram slikt framlegg:
Ordførar tilrår kommunestyre å gjera føljande vedtak: Kommunestyret vedtek å engasjere Advokatfirmaet Wiersholm A/S som eksternt varslingssekretariat for å undersøke varselet, utarbeide ein skriftleg vurdering av varselet og til å komme med eit framlegg til vidare oppfølging av saka. Kommunestyret er mottakar av Advokatfirmaet Wiersholm A/S si vurdering.
Arnstein Menes (Sp) sette fram sette fram slikt framlegg, på vegne av partia SP, H, KrF, V, MDG, R:
Kommunestyret sender saka til Arbeidsgjevarutvalet for vidare handsaming. Kommunestyret ber Arbeidsgjevarutvalet sikre at kommunen sine retningsliner for varsling vert fylgt, og dei kan rådføre seg med KS dersom dei finn det naudsynt.
Avrøysting:
Framlegget frå Ordføraren fekk 11 røyster frå Ap (8) og Frp (3) og fall. Framlegget frå Arnstein Menes (Sp) fekk 20 røyster frå Sp (7), Høgre (4) Sv (4), Krf (2), Venstre (1), MDG (1), Raudt (1)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.