Skriv, meldingar, drøftingar og orienteringar - kommunestyret 15. februar 2024
Vedtak
A. Skriv og meldingar
1. Fosshagen – overskjønn
2. Notat – omdanning Sogn regionråd
3. Årsmelding frå mobbeombodet i Vestland
B. Drøftingar
C. Orienteringar
• Frå ordførar:
o Orientering om henvendelse. Ordførar orienterte kommunestyret om at
saka skal handsamast i lukka møte jf. kommunelova §11-5 andre ledd. Kommunestyret røysta samrøystes over lukkinga av orienteringa. Kommunestyret flytta seg frå Sogndal helse- og omsorgssenter til kommunestyresalen i Sogndal kommunehus.
Kommunedirektøren deltok ikkje under den lukka orienteringa.
• Frå kommunedirektør:
o Samarbeid i Sogn
o Arbeidet med tillitsreforma
o Grøn Hub Kaupanger
o Orientering om livsmeistringsprosjektet - robuste barn og unge, eit
sambarbeidsprosjekt mellom Sogndal og Luster kommune. Ved prosjektleiar Marte Kvisterø Krogstadmo. Presentasjonane frå samarbeid i Sogn, arbeidet med tillitsreforma, grøn hub er lagt ved som vedlegg i sak 15/2024.
D. Innkomne spørsmål
Vibeke Johnsen (Sv):
1. Eg ber om ein gjennomgang av status for nynorsk og nynorskarbeidet i Sogndal kommune jfr vedtekne språkbruksplan.
Svar: Mariann Skau, kommunikasjonsrådgjevar
Nynorsk er og skal vera sjølvsagt i Sogndal kommune. Så hender det likevel at gode intensjonar møter praktiske utfordringar. I språkbruksplanen til kommunen er det særleg søkjelys på barn og unge, der grunnregelen er at alle digitale læremiddel og anna skriftleg tilfang som blir nytta i skule og barnehage, skal vera tilgjengeleg på nynorsk. Tilbakemeldinga frå skulane og barnehagane at dei er medvitne på det ansvaret dei har for å gje barn og unge i kommunen vår eit godt grunnlag for å bli trygge nynorskbrukarar, at dei prioriterer nynorsk bøker og songar - så langt det let seg gjera. Digitale ressursar kan vera utfordrande å få på nynorsk, men dei sentrale digitale læremidla og læringsressursane me har avtalar med, er tilgjengelege både på nynorsk og bokmål. I språkbruksplanen er det peika på at biblioteka har eit særleg ansvar for å formidla nynorsk litteratur til barn og unge. Biblioteka i kommunen prioriterer nynorske bøker ved innkjøp, har ekstra søkjelys på nynorske bøker når dei formidlar litteratur, særskilt til skular og barnehagar. Nynorskbøker for barn har eiga merking slik at dei skal vera lett å finna. Me utfordrar leverandørar for å få nynorskversjonar, og er slik også med på å gå føre for nynorskkommunar som kjem etter. Eit godt døme her, er meldesystemet for veg og park som me fekk før jul, der innbyggarane kan melda inn feil og manglar til kommunen digitalt via nettsida. Dette systemet fanst ikkje på nynorsk, og me måtte venta lenger på levering, og me bidrog i omsetjingsarbeidet for å få dette på plass. Språkbruksplanen seier at i Sogndal kommune skal det vera lett å vera nynorskbrukar, og at dei tilsette skal få tilbod og kurs og rettleiing i nynorsk språkbruk og klarspråk. Sogndal kommune tilbyr to-dagars språkkurs til dei tilsett gjennom medlemskap i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Hjelperessursar i skrivearbeidet, språkbruksplanen og retningslinjer for språkbruk i kommunen er tilgjengeleg for tilsette på intranett. For å hjelpa når dei tilsette står fast eller lurer på noko som dei ikkje finn svaret på sjølve, har me engasjerte tilsette med interesse og engasjement for språkarbeid til å vera språkvenner for kollegaene og svara på spørsmål eller bidra til forbetring av tekst. Me skal ikkje berre skriva nynorsk, men også eit klart og godt nynorsk.
2. Val av beredskapsliste for formannskapet, kva er status på dette?
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar
Svara ut i møte.
Bjarte Haugen (V):
3. Eg fyl opp eit spørsmål eg hadde i fjor sommar og vil gjerne at styreleiar i sogndal skisenter kjem og informerar om drifta og fortel litt om kva planar dei har. Bakgrunnen for at eg ber om dette er at styreleiar sist gong i 2019 eller 2020 var ganske tydeleg på kva han meinte var vårt ansvar som politikarar med å stille spørsmål og settje seg inn i eigarforhold , eg tenker at det vil me gjerne men det fordrar at noken kjem. Er det mogleg å få dette til på neste kommunestyremøte?
Svar: Stig Ove Ølmheim, ordførar
Svara ut i møte.
4. Arealplansarbeid:
I BAKT strategien som vart vedtatt i juni 2023 står det ingenting om kulturminne eller kulturmiljø. Det er vedteke i planprogrammet at det skal være eit eige utgreiingstema. Kan adm. ha gløymt dette som utgreiingstema?
Svar: Sigrid Ølmheim, samfunnsplanleggar
Det korte svare på dette er nei. Det litt lenger svaret er at det er rett at kulturminne og kulturmiljø er sett opp som tema i planprogrammet til arealplanen. I planprogrammet er BAKT med arealstrategi sett opp som ein hovudaktivitet i arealplanarbeidet, men dette vart splitta, slik at BAKT vart ein sjølvstendig strategi og prosess i samarbeid med Luster kommune, medan arealstrategien vart ein del av Sogndal kommune sitt arealplanarbeid.
Kulturminne i arealplanen er handsama ved at dei gjeldande kulturminneplanane er lagt til grunn for arealplanen si omsynssone for kulturmiljø. Ny kulturminneplan for Sogndal kommune er under arbeid, og kartlegginga i denne planen vil ligge til grunn for neste rullering av arealplanen. Det er naturleg at kulturminneplanen omtaler klimaomsyn i kulturminneforvaltninga som ein del av planen.
5. Skilting rv5:
Har de noko meir å melde i saka om skilting ved stølen på rv5? det er no 8 år
sidan krysset åpna. Og Google vil framleis ha bilar til Berge for å snu sidan det er
dobbel heiltrukka linje der.
Svar: Torgeir Bang, tenesteleiar veg og park
Fjærland bygdalag og Fjærland Næringssamskipnad har fleire gonger bedt Statens vegvesen om å få skilt på rv5 om avkøyrsla ved Stølen og om næringsområdet, og hatt dialog med kommunen om det. Vegvesenet har svart at dei ikkje kan gjera dette før kommunen syter for skilting på kommunal veg. Dette arbeidet har ikkje blitt prioritert. Avdelinga har ikkje hatt kurs, verktøy eller kunnskap omkring det å lage skiltplanar. Vi har no fått betre bemanning, har skaffa IT program og kunnskap slik at vi er i stand til å lage skiltplanar. Vi er i startfasen, og det er mykje arbeid med skiltplanar som har blitt utsett i lengre tid i Sogndal kommune. Håkon Nesse (H):
6. Har spørsmål til Ordførar og direktør angåande sømjeopplæring og varsla vedlikehold av FK sitt basseng i Sogndal. Kva blir gjort?
Svar: Kenth Rune Teigen Måren, kommunalsjef oppvekst
Fylkeskommunen er no i ein prosess med arkitektar og ulike løysingsforslag på symjehallprosjektet. Kommunen er invitert til ein presentasjon av prosjektet, med tentativ framdrift og det praktiske kring prosjektet. Kommunen vil vidare bli invitert til å komme med innspel til prosjektet ila april månad, som så eventuelt kan komme med i eit anbodsgrunnlag som er planlagt sendt ut i sommar. Kommunalsjef ser vidare på korleis vi kan organisere opplæringa i perioden bassenget vil bli stengt. Det kan til dømes vere:
• intensiv svømmeopplæring hausten 24 og våren 26.
• leige av andre svømmeanlegg (Vesterland. Lustrabadet, Høyangerbadet).
• symjeopplæring utandørs
I dette arbeidet vil kommunalsjefen involvere lærarane som gjennomfører svømmeopplæringa, for å sikre at opplæringa blir gjennomført med best mogleg kvalitet.
Når det gjeld kostnadsoverslag Asplan Viak har gjort på Leikanger sitt basseng, kva er realitetane der? Er det mogleg å få til noko som kan nyttast?
Svar: Tage Rickard Sundell, leiar bygg og eigedom
Utgreiinga av kostnad til renovering av eksisterande symjeanlegg på Leikanger til bruk for symjeopplæring og badeanlegg for ålmenta og rehabilitering vil leggast fram som eit notat til formannskapet i mars. Kjell Næss (H):
7. Spørsmål til kommunedirektør/ordførar:
Når vil ombyggingsarbeidet på Saften bli lyst ut på anbud, og når er forventa oppstart av arbeidet?
Svar: Tage Rickard Sundell, leiar bygg og eigedom
Ombyggingsarbeidet skal etter planen lysast ut i påsketider. Ynskje om ferdigstilling av konkurransegrunnlag er i løpet av mars 2024. Me oppfattar at innleigde konsulentar ser det som utfordrande å ha alt klart i mars og les mellom linjene at det er sannsynleg at delar av april må takast i bruk. Kontrahering av entreprenør forsommaren 2024 og oppstart snarast etter dette.
Margrethe Haug (Krf):
8. Det gjeld tannhelsetenesta på helsetunet i Balestrand. Pasientane må reise til behandling i Høyanger, noko som er belastande. Er det mogleg å knyte dette opp til privat tannhelsetilbod i Balestrand for å spare tid og krefter?
Svar Marit Reppen Kommunalsjef
Pasientar i institusjon og heimetenesta har rett til nødvendig tannhelsehjelp frå den offentlege tannhelsetenesta. Jamfør Lov om tannhelsetjenesten 1983. Det er inngått samarbeidsavtale mellom Sogndal kommune og Vestland tannhelseteneste, og den blir fornya årleg. Fylkeskommunen kan i nokon tilfelle velge å inngå avtale med private tannlegar.
9. Avlastning på SHOS og dei andre institusjonane, er avlastningstilbodet kutta ut? Svar: Tenesteleiar Åsa Stedje tildelingskontoret.
Nei, avlastningstilbodet på SHOS og dei andre institusjonane er ikkje kutta ut. Tidlegare har mange fått tildelt avlastningsopphald i institusjon, utan eigenleg å ha rett på dette. Me har hatt ei romsleg tildeling, dette fordi me har hatt god kapasitet i korttidsavdelingar til å innvilge avlastning i institusjon.
Me ser no at situasjonen er annleis. Det er større press på plassane i korttidsavdelingane i kommunen. Sjukehuset skriv ut fleire alvorleg sjuke pasientar, som har behov for døgnkontinuerleg oppfølging og behandling i institusjon. Det er også mange pasientar som har behov for omfattande rehabilitering etter t.d. brotskadar og hjerneslag. Desse pasientane blir som hovudregel plasserte i korttidsavdeling i Sogndal (SHOS). Dette er fordi me har betre dekning av fysio- og ergoterapeutar her, slik at me kan drive betre rehabilitering og oppfølging.
Sidan det er stort press på plassane i Sogndal, har tildelingskontoret den siste tida revurdert ein del saker om avlastning i institusjon. Me har komme til at ein del ikkje fyller kriterium for å få avlastning i institusjon. Mange av desse pasientane har ikkje behov for tenester/ oppfølging døgnet rundt, og det blir vurdert at dei heller kan få tenester og avlastande tiltak inn i heimen, og tilbod om å delta på dagsenter. Me har også vore inne på tanken om me skal ta i bruk ein omsorgsbustad til ein avlastningsbustad, bemanna av heimetenesta. Slik kan me spare ein korttidsplass, samstundes som pasient/ pårørande får avlastning.
Me prøver også å sjå på kvar i kommunen me skal innvilge avlastningsopphald til dei som treng det. Det er betre kapasitet i korttidsavdelinga i Balestrand, og har difor lagt ein del avlastningsopphald dit. Dette slik at dei casane der det er behov for omfattande rehabilitering/ behandling, kan bli lagt i Sogndal (SHOS), jf. argument over om betre fagdekning. Me merkar oss at ein del pasientar/ pårørande takkar nei til avlastningsopphald i Balestrand.
E. Interpellasjon
• Interpellasjon frå Venstre, MDG og Raudt
Svar på interpellasjonen frå kommunedirektøren:
Kommunedirektøren gjer her greie for status i tiltaka som er føreslått, kva tiltaka vil innebere i praksis og konsekvensar ved å gjennomføre dei slik dei er fremja i interpellasjonen. Dei føreslegne tiltaka er vist med kursiv tekst.
1. Utarbeiding av nye retningslinjer. Kommunedirektøren skal utarbeide nye, strengare retningslinjer for bevaring av areal som står i fare for nedbygging. Desse retningslinjene skal inkludere:
a. Spesifikke kriterie for vurdering av areal som skal beskyttast
b. Retningslinjer for å fremje bærekraftig utvikling og arealbruk som støttar biodiversitet i samsvar med Naturavtalen.
Slik kommunedirektøren forstår det, er slike retningslinjer tenkt som føringar for den vidare utarbeidinga av arealplanen. Det er naturleg at slike føringar ligg i samfunnsplanen, planstrategien eller arealstrategien som føringar for arealplanen. Dersom politisk leiing ønskjer å endre føringane for arealplanen som no er under arbeid, vil kommunedirektøren måtte vurdere arealbruken i arealplanen på nytt fram mot nytt offentleg ettersyn. Utarbeiding av nye føringar og implementering av desse i planen vil forlenge planarbeidet. Dersom kommunedirektøren skal legge nye føringar til grunn for planarbeidet, vil tilrådingane i konsekvensutgreiinga verte vurderte på nytt. I tillegg kjem planreserven i gjeldande planar – byggjeområde som enno ikkje er bygde ut. I planprosessen er nokre slike byggjeområde i gjeldande planar tekne ut, men dette er ikkje gjort systematisk. Eit arbeid som vurderer planreserven i gjeldande planar vil krevje eit større utgreiingsarbeid. Eit slikt arbeid vil vere eit nødvendig grunnlag for neste rullering av arealplanen, og det bør derfor settast av ressursar til eit prosjekt for å vurdere planreserven allereie no. Ved å redusere omfanget av nytt byggjeareal i planen vil dette kunne gje vanskelegare vilkår for næringsliv, færre nye bustader og at investeringar heller vert gjort i nabokommunar eller i andre regionar. Samtidig kan utbygging i sentruma og andre utbygde område auke, og kommunen kan verte meir arealeffektiv.
2. Arealreknskap og konsekvensanalysar. Det skal foreligge eit komplett arealrekneskap som detaljert beskriver nåverande arealbruk og potensielle konsekvensar av denne bruk for naturmangfaldet. Dette skal inkludere:
a. Ei oversikt over areal som kan tilbakeførast til naturtilstand
b. Vurdering av moglege tiltak for å reversere negativ arealbruk
Arealrekneskapen viser tal for naturtypar og arealbruk i gjeldande planar og nytt forslag. Dersom det t.d. er lagt inn eit byggjeføremål over eit myrområde, vert samla areal for myr redusert. Konsekvensar elles vert skildra i konsekvensutgreiinga. Arealrekneskapen viser berre forslag som er lagt inn i plankartet, og potensiale for tilbakeføring til naturtilstand må ev. visast på ein annan måte. Dette krev eit større utgreiingsarbeid som kan verte eit nyttig grunnlag i neste rullering av arealplanen. Det bør i så fall settast av eigne personalressursar til arbeidet.
3. Planvask. Gje ei vurdering av eksisterande planar som ikkje er utbygde enda (planvask), inkludert planar som er nyare enn 01.01.2015. Vurderinga må synleggjere moglege konfliktar og den enkelte plan sin innverknad på arealrekneskapen.
Det er ønskjeleg med ein full gjennomgang av kommunen sine over 300 reguleringsplanar. Ein slik gjennomgang vil vurdere planane opp mot nasjonal og regional arealpolitikk, tekniske krav og andre føringar, og føre til formell oppheving av planar som ikkje er i tråd med føringane. Dette ville ha gjeve eit planverk som var ryddigare og enklare å forstå, men vil ikkje ha praktisk betydning for nedbygging av areal. I plansystemet er det alltid den sist vedtekne planen som gjeld fremst, dersom det ikkje er sagt noko anna. Ved vedtak av arealplanen er det derfor denne arealbruken som vert gjeldande. Reguleringsplanar som er i strid med arealplanen vil ikkje kunne byggjast ut, og reguleringsplanar som er i tråd med arealplanen supplerer arealplanen med detaljar. Arealplanen kan også definere kva reguleringsplanar som skal gjelde framfor arealplanen. Ein full gjennomgang av kommunen sine reguleringsplanar vil krevje eit større arbeid. Etter oppmoding frå Statsforvaltaren vurderer kommunedirektøren likevel om nokre av dei eldste, ubygde reguleringsplanane bør opphevast. I utarbeidinga av det endelege forslaget til arealplan vil kommunedirektøren også vurdere kva planar som bør gjelde framfor arealplanen, av omsyn til føreseielege planprosessar. I framtidige rulleringar av arealplanen vil det verte eit nasjonalt krav å gjere ein full planvask. Det bør derfor allereie no settast av personalressursar til arbeidet.
4. Strandsoneplan. me vil ha ein oversikt over strandsoneverdiane i kommunen, herunder ein rekneskap der prosjekt som er i mogleg konflikt med strandsoneverdiar og allemannsretten, blir synlege. Per no viser ikkje konflikt med strandsoneverdiar igjen i arealrekneskapen som er laga.
Vestland fylkeskommune har utarbeidd ein rettleiar for ei slik utgreiing, der kvalitetane i strandsona vert kartlagde. Det er ønskjeleg å kartlegge strandsoneverdiane i kommunen, men eit slikt arbeid vil vere omfattande, og må sjåast opp mot andre planoppgåver. Jf. notat til Utvalsmøte, sak 3/2024 . I framtidige rulleringar av arealplanen vil det verte eit nasjonalt krav å ha eit betre kunnskapsgrunnlag for strandsoneforvaltinga. Det bør derfor allereie no settast av personalressursar til eit slikt arbeid.
5. Offentleggjering og samarbeid. Informasjon om tiltak, progresjon og resultat skal vere tilgjengeleg for allmenheita for å fremje transparens og oppfordre til lokalt engasjement og samarbeid med relevante interessegrupper.
Det bør vurderast om tap av naturareal og matjord skal vere del av kommunedirektøren sin årsrapport, saman med eit årleg oppdatert arealrekneskap der vedtekne reguleringsplanar vert tekne med.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 15/2024 i møte den 15.02.2024:
Handsaming
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.