Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Prosessvedtak for vidare arbeid i områdereguleringsplan Rutlin-Ulvahaugen

Sak 93/2023 · Kommunestyret 14. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

1. Sogndal kommune jobbar vidare ut i frå hovudgrepa i «konsept 2 medium» med følgjande presisering:

Sone B og C (med unnatak av landbruksjorda) vert vedteke i samsvar med tilrådinga frå utval frå plan og samfunn. For sone A ber kommunestyret kommunedirektøren greie ut følgjande forhold før endeleg handsaming av planen:

• alternativ vegframkomst

• leggje fram arealrekneskap for Sogndal sentrum

• vurdere retningsliner for jordvern

• vurdere eventuelle konsekvensar for utbygging av Nestangen

• Vidare utvikling av Helse Førde, Indre Sogn psykiatrisenter

Sone B (Grushola og Ulvahaugen)

• La haugen, og bekkedraget vere ein bærande blå-grøn struktur i området.

• Legg til rette for ei høg utnytting.

• Greier ut:

o kor høge bygningane kan vere over terrenget i Grushola utan at haugen

tapar seg vesentleg i verdi

o kvar går avveginga mellom størst mogleg busetnad opp mot å gje den

blå-grøne strukturen rom og ein reell kvalitet

o kor høg utnytting/ kor tett kan det byggast , samstundes som det

framleis er gode bukvalitetar i området

• I Grushola skal greiast ut vidare for om det skal opnast opp for ein anna bruk enn bustad i etasjane nærmast gateplan. Maks gesims- og mønehøgde skal fastsettast etter å ha sett vidare utgreiingar som t.d. sol- og skuggestudiar.

• Revidere plangrensa til å ikkje inkludere vaskeriet. Detaljreguleringsplan for nye studentbustadar skal inkludere denne tomta.

Sone C (Trolladalen):

• Legge til rette for tett-låg utbygging som gir ei blanda bebuargruppe

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 93/2023 i møte den 14.12.2023:

Handsaming

Frå utval for plan og samfunn låg det føre slik tilråding til vedtak:

1. Sogndal kommune jobbar vidare ut i frå hovudgrepa i «konsept 2 medium» med følgjande presisering:

Sone A (Rutlin):

• Legge til rette for familiebustadar med ei utnytting som kan aksepterast ved tap av matjord og som tek omsyn til innsyn hjå Indre Sogn Psykiatrisenter.

• Greie ut utforming av veg, der funksjon og utforming av vegen blir vurdert opp mot trafikk og mjuke trafikantar. Som følgje av dette må det greiast ut korleis vegen kan realiserast økonomisk.

Sone B (Grushola og Ulvahaugen)

• La haugen, og bekkedraget vere ein bærande blå-grøn struktur i området.

• Legg til rette for ei høg utnytting.

• Greier ut:

o kor høge bygningane kan vere over terrenget i Grushola utan at haugen

tapar seg vesentleg i verdi

o kvar går avveginga mellom størst mogleg busetnad opp mot å gje den

blå-grøne strukturen rom og ein reell kvalitet

o kor høg utnytting/ kor tett kan det byggast , samstundes som det

framleis er gode bukvalitetar i området

• I Grushola skal greiast ut vidare for om det skal opnast opp for ein anna bruk enn bustad i etasjane nærmast gateplan. Maks gesims- og mønehøgde skal fastsettast etter å ha sett vidare utgreiingar som t.d. sol- og skuggestudiar.

• Revidere plangrensa til å ikkje inkludere vaskeriet. Detaljreguleringsplan for nye studentbustadar skal inkludere denne tomta.

Sone C (Trolladalen):

• Legge til rette for tett-låg utbygging som gir ei blanda bebuargruppe Endringsframlegg:

Kommunestyret sette fram slikt framlegg til vedtak:

Sone B og C (med unnatak av landbruksjorda) vert vedteke i samsvar med tilrådinga frå utval frå plan og samfunn. For sone A ber kommunestyret kommunedirektøren greie ut følgjande forhold før endeleg handsaming av planen:

• alternativ vegframkomst

• leggje fram arealrekneskap for Sogndal sentrum

• vurdere retningsliner for jordvern

• vurdere eventuelle konsekvensar for utbygging av Nestangen

• Vidare utvikling av Helse Førde, Indre Sogn psykiatrisenter

Avrøysting:

Fellesframlegget frå kommunestyret vart samrøystes vedteke, Tilrådinga frå utval for plan og samfunn om Sone A fekk ingen røyster.

Tilrådinga frå utval for plan og samfunn om sone B vart samrøystes vedteken.

Tilrådinga frå plan og samfunn om sone C vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.