Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sogndal · Saker

Påbyggklasse - vidaregåande skule

Sak 83/2023 · Kommunestyret 16. november 2023 · Behandlet

Vedtak

Sogndal kommune oppmodar Vestland fylkeskommune å lyse ut ein påbyggklasse for inntaksåret 2024.

Sogndal kommunestyre finn det underleg at det ikkje er prioritert å få på plass påbyggklasse ved Sogndal vidaregåande skule. Skulen har nær 800 elevar. Me kan ikkje sjå at det føreligg faglege argument for at eit slikt tilbod ikkje skal etablerast i Sogndal. Mangelen på tilbod i Sogndal medfører at elevar frå Sogn må flytta på hybel andre stadar i Vestland. Dette er ikkje i tråd med dei uttalte politiske intensjonane om at elevar på vidaregåande skule skal få gå på sin nærskule for å sleppe å reise på hybel. Det fører også til at fleire eldre elevar, tildels med omsorgsoppgåver, avsluttar utdanninga si då hybel og omsorgsoppgåver ikkje let seg kombinere.

I nordfylket har Sunnfjord fått fire klassar, medan det kun er ein fylkeskommunal klasse i Sogn. Denne er lokalisert i Årdal.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si handsaming av sak 83/2023 i møte den 16.11.2023:

Handsaming

Endringsframlegg:

Ordføraren sette sak om påbyggklasse i vidaregåande skule i Sogndal på saklista til kommunestyret 16. november 2023, som saknr 83/2023. Ordføraren fremja følgjande fremlegg til vedtak:

Sogndal kommune oppmodar Vestland fylkeskommune å lyse ut ein påbyggklasse for inntaksåret 2024. Sogndal kommunestyre finn det underleg at det ikkje er prioritert å få på plass påbyggklasse ved Sogndal vidaregåande skule. Skulen har nær 800 elevar. Me kan ikkje sjå at det føreligg faglege argument for at eit slikt tilbod ikkje skal etablerast i Sogndal. Mangelen på tilbod i Sogndal medfører at elevar frå Sogn må flytta på hybel andre stadar i Vestland. Dette er ikkje i tråd med dei uttalte politiske intensjonane om at elevar på vidaregåande skule skal få gå på sin nærskule for å sleppe å reise på hybel. Det fører også til at fleire eldre elevar, tildels med omsorgsoppgåver, avsluttar utdanninga si då hybel og omsorgsoppgåver ikkje let seg kombinere. I nordfylket har Sunnfjord fått fire klassar, medan det kun er ein fylkeskommunal klasse i Sogn. Denne er lokalisert i Årdal.

Avrøysting:

Samrøystes.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.