Klagehandsaming - detaljreguleringsplan for Porsmyrvegen 8
Vedtak
1. Klagepunkt frå alle klagarane om at oppmåling av eigedomsgrenser og kven som eig Porsmyrvegen må avklarast før planen vert vedteken, vert ikkje tatt til følgje. Grunngjeving
Eigedomsgrenser er ikkje regulert i denne reguleringsplanen, men føresett at tiltak skal tilpassast endeleg fastsette grenser. Det er ikkje uvanleg at eigedomsgrenser innfor eit planområde kan vere usikre slik det er her. Det vil då vere tiltakshavar som må dokumentere rett til eigedom før planen kan bli gjennomført ved byggeløyve til tiltak. Det er for denne planen også opna for administrativ endring av planen i ettertid, om det viser seg at det er naudsynt med mindre justeringar som følgje av eigedomsgrenser og eigedomsforhold. Det vert ut over dette vist til vurdering i saksutgreiinga.
Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si handsaming av sak 66/2023 i møte den 26.10.2023:
Handsaming
Frå plan og forvaltningsutvalet låg det føre slik tilråding til vedtak:
1. Klagepunkt frå alle klagarane om at oppmåling av eigedomsgrenser og kven som eig Porsmyrvegen må avklarast før planen vert vedteken, vert ikkje tatt til følgje.
Grunngjeving Eigedomsgrenser er ikkje regulert i denne reguleringsplanen, men føresett at tiltak skal tilpassast endeleg fastsette grenser. Det er ikkje uvanleg at eigedomsgrenser innfor eit planområde kan vere usikre slik det er her. Det vil då vere tiltakshavar som må dokumentere rett til eigedom før planen kan bli gjennomført ved byggeløyve til tiltak. Det er for denne planen også opna for administrativ endring av planen i ettertid, om det viser seg at det er naudsynt med mindre justeringar som følgje av eigedomsgrenser og eigedomsforhold. Det vert ut over dette vist til vurdering i saksutgreiinga. Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.
Habilitet:
Kommunestyret fann representanten Gunnhild Olstad Bøyum (H) gild til å handsama saka, jf. fvl. §6 andre ledd.
Avrøysting:
Tilrådinga frå plan og forvaltningsutvalet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.