Kommunene · Ullensvang · Saker
Uttale til justert søknad for nye kraftverk i Røldal-Suldalsvassdraget
Vedtak
Ullensvang kommunestyre rår frå at Noregs vassdrags- og energidirektorat gjev Lyse Kraft DA på vegne av RSK DA løyve til konsesjon for Røldal 2 pumpekraftverk. Om det likevel vert gjeve konsesjon krevjer Ullensvang kommune at fylgjande vilkår vert imøtekome:
- Vilkår frå tidlegare innsendt uttale, “Uttale til konsesjonssøknad av nye kraftverk i Røldal-Suldal-reguleringa” og “Ullensvang kommune si vilkårsliste ved konsesjon for Røldal 2 og Novle 2” skal oppfyllast.
- Det må utgreiast korleis vasstanden, islegging og frostrøyk i Røldalsvatnet blir påverka ved turbinering og pumping av Røldal 2. Det må fastsetjast vilkår i konsesjonen som syter for betre miljøforhald enn om ein samanliknar med dagens situasjon.
- Generelt sett er ordningane for økonomiske konsekvensar av ei slik utbygging for usikre. Effektutbyggingane passar ikkje for dagens regelverk. Noko som har vore poengtert sidan 2021. Det er generelt sett også vanskeleg å få innsyn i berekningar. Det er usikkert om kommunane kan stilla seg positivt når det er uklart om ein tener eller taper på ei eventuell utbygging. Makstaket for eigedomskatt er framleis ikkje fjerna. Og heller ikkje inflasjonsjustert. Dette er heilt urimeleg og gjer ikkje kommunane incentiv til å akseptera nye anlegg. Det må snarleg rettast opp. Dersom makstaket i det minste vart indeksjustert ville kommunane i det minste fått ein noko rimelegare kompensasjon. I dag vert kraftverka relativt mindre verdt for kommunane etter som tida går.
Vidare må myndigheitene rydda opp i uklarheiter kring framtidig konsesjonskraftpris.
Jamfør energiloven skal vi som kommune vurdera føremoner og ulemper. Energikommisjonen var også tydleg på at ordningane burde vore rydda opp i slik at kommunane har garanti for at dei ikkje misser økonomiske rettar etter at ei utbygging er realisert. Får utbyggaren frådrag for utbygginga vil dette også svekka interessene på kommunen si hand. Kommunen kan endra syn om dette vert retta opp i. I dag er ikkje rammene rundt ei slik utbygging trygge. Vidare er ikkje det nasjonale regelverket for vertskommunar trygt. Ullensvang kommune kan ikkje tilrå konsesjon. - NVE må ikkje gje konsesjon før det er dokumentert korleis pumpekraftdrift i Votna vil påverke isforhold, trekkmoglegheiter og barriereverknad for villreinen, inkludert i ein framtidig situasjon med ny E134. Dersom konsekvensane ikkje kan reduserast tilstrekkeleg gjennom driftsvilkår og andre bindande tiltak, må NVE krevje at alternative avbøtande tiltak vert utgreidde, herunder ei lenger tunnelløysing under Haukelifjell som kan redusere barriereverknaden frå E134 og styrkje villreinen sine langsiktige trekkmoglegheiter.
- NVE må fastsetje bindande vilkår som sikrar at Valldalsmagasinet ikkje får dårlegare tilhøve for ferdsel, friluftsliv og naturmiljø som følgje av endra drift i Røldal 2. Det må dokumenterast korleis magasinmanøvrering, isforhold og tilkomst til Valldalen vert påverka. Konsesjonæren må påleggjast å sikre heilårleg tilgang til Valldalen og Hardangervidda, etablere trygge alternative løysingar dersom ferdsel over is ikkje kan oppretthaldast, samt overta ansvaret for nødvendig oppgradering og vedlikehald av Valldalsvegen.
- Ullensvang kommune krev at alternative plasseringar for overskotsmassar og alternative løysingar for massetransport vert konsekvensutgreidde på lik line med det omsøkte alternativet før det vert fatta vedtak i saka. Samfunnsnyttig bruk av steinmassane og fordeling av massar mellom fleire lokasjonar må vurderast som reelle alternativ til deponi i Røldalsvatnet. Konsesjonæren må vidare påleggjast eit forpliktande ansvar for finansiering, drift og vedlikehald av eventuelle massedeponi og tilhøyrande tiltak, både i anleggsfasen og etter at utbygginga er ferdigstilt. Dette er ikkje krav som kan utsettast til miljøplanen, men må ligge som ein føresetnad i konsesjonen.
- Ullensvang kommune kan ikkje akseptere at utbygginga fører til redusert trafikksikring for skuleborn, mjuke trafikantar eller lokalbefolkninga, og krev at nødvendige trafikksikringstiltak vert etablerte permanent og finansierte som del av prosjektet.
- Nye miljøvilkår må fastsettast i revisjonssaka før ny konsesjonssøknad vert vurdert, og få verknad i ny konsesjonssak for pumpe- og effektkraftverket Røldal 2.
- NVE må fastsetje bindande og etterprøvbare vilkår som pålegg konsesjonæren ansvar for uventa negative verknader. Risiko og kostnader kan ikkje overførast til kommunen, grunneigarar, rettshavarar eller andre brukarar av området.
- Ullensvang Kommunestyre jobber for å utvikle heile kommunen som ein attraktiv kommune å flytte til og arbeide i. Lokale omsyn som tek i vare bumiljøet i Røldal må vektleggjast særskild for å sikre lokal verdi og utvikling som bidreg til å skape ei attraktiv bygd for innbyggjarar og tilflyttarar.
- Ullensvang kommune sender NVE eit vedlegg med utfyllande grunngjevingar og kommentarar til punkt 1-10. Vedlegget er lagt ved ved: “Kommentarar til justert utbyggingsløysing for Røldal-Suldal kraftverk - vestre vassdrag”.
VEDLEGG:
Kommentarar til justert utbyggingsløysing for Røldal-Suldal kraftverk - vestre vassdrag
Ullensvang kommunestyre viser til Lyse Kraft DA si justerte utbyggingsløysing for opprusting og utviding av Røldal-Suldal kraftverk, og til tilleggsutgreiingar for miljø, samfunn og villrein. Kommunen avgrensar denne uttalen til vestre vassdrag, herunder Votna, Valldalsmagasinet, Røldalsvatnet og Røldal 2 kraftverk.
Ullensvang kommunestyre rår frå at NVE gjev Lyse Kraft DA, på vegner av RSK DA, konsesjon til Røldal 2 pumpe- og effektkraftverk slik den justerte løysinga no ligg føre.
Kommunestyret meiner tiltaket framleis har vesentlege negative og uavklarte konsekvensar for Røldalssamfunnet, Røldalsvatnet, Votna, villrein, friluftsliv, landskap, trafikktryggleik og vertskommunen sine økonomiske rettar. Kommunestyret ser det ikkje som sannsynleg at dei avbøtande tiltaka som no er skildra, åleine veg opp for dei negative konsekvensane.
Novle 2 kraftverk og Valldalen
Ullensvang kommune registrerer at Novle 2 kraftverk blir teke ut av planane. Dette er ei klar betring samanlikna med opphavleg søknad, spesielt sidan det reduserer usikkerheit knytt til manøvrering og isforhold i Valldalsmagasinet.
Det er likevel viktig å understreke at kommunen framleis forheld seg til den pågåande miljørevisjonssaka, og forventar forbetra miljøtilhøve i Valldalen og i dei andre berørte delane av vestre vassdrag.
Samstundes må det stillast vilkår som sikrar at Valldalsmagasinet ikkje får uakseptable indirekte verknader som følgje av endra drift i Røldal 2. Kommunen ber NVE krevje dokumentasjon av faktisk manøvrering, isforhold og konsekvensar for grunneigarar og friluftsliv etter eventuell idriftsetjing.
Kommunen viser til tidlegare krav om permanent tilgang til Valldalen og Hardangervidda gjennom året. Dersom isen ikkje kan nyttast til ferdsel, må konsesjonæren sikre ein trygg alternativ trasé. For Ullensvang kommune er det avgjerande at RSK tek over ansvaret for Valldalsvegen, oppgraderer vegen og sikrar heilårleg tilkomst til dalen.
Røldal 2 og Røldalsvatnet
Kommunen viser til tidlegare krav om at Røldalsvatnet ikkje bør nyttast som pumpekraftmagasin utan klare avgrensingar. Røldalsvatnet ligg midt i bygda og har stor betydning for landskap, friluftsliv, fiske, bading, båtliv og lokal identitet. Hyppige og uforutsigbare vasstandsendringar kan få store lokale konsekvensar, sjølv om dei ikkje alltid gir utslag i formell konsekvensgrad.
Kommunen meiner at det ikkje er tilstrekkeleg å vise til at konsekvensgraden for Røldalsvatnet ikkje er endra. Røldalsvatnet er eit bygdenært magasin, og lokale omsyn må vektleggjast særskilt. Ein forventar at miljøtilhøva samla sett vert forbetra i etterkant av konsesjons- og revisjonsprosessane. Ein eventuell ny konsesjon kan ikkje føre til at Røldalsvatnet får dårlegare miljøtilstand, dårlegare bruksverdi eller større lokale ulemper enn i dag.
Deponi
Som ein konsekvens av at Novle 2 vert tatt ut av planane, vert det visst til ein større reduksjon i deponibehov. Kommunen må understreke at den samla reduksjonen i deponibehov ikkje utan vidare kan reknast som ei lokal miljøforbetring for Røldal. Reduksjonen gjeld i hovudsak massar som skulle nyttast i Statens vegvesen sitt prosjekt ved Liamyrane, medan deponi Fjetland i Røldalsvatnet aukar frå 450 000 m³ til 530 000 m³. For Røldalssamfunnet er dette ei negativ endring. (Deponiet til Statens vegvesen er frå før regulert til å ta i mot mange millionar m³ steinmassar frå fleire tunnelprosjekt.)
Kommunen ser ikkje at den reviderte konsesjonssøknaden har tatt omsyn til kommunen sitt krav om å konsekvensutgreie alternative massedeponi, eller alternative trasear for massetransport. Avbøtande tiltak, som samfunnsnyttig bruk av steinmassane, eller ei fordeling mellom fleire lokasjonar, må vurderast som eit alternativ til eit deponi i Røldalsvatnet.
Eventuelle løysingar må utformast i tråd med lokale ønskje og med krav om tryggleik, landskapstilpassing og framtidig vedlikehald. Det må øyremerkjast tilstrekkelege midlar til drift og vedlikehald.
Frostrøyk
Ein må kome med løysingar som vil motverke eventuelle utfordringar med frostrøyk. Det kan ikkje gjevast løyve til å produsere, eller pumpe vatn frå magasinet på ein slik måte som gjer at det forverrar problema ein har ved dagens anlegg. Ullensvang kommune forventar tvert i mot at det som ein del av vilkårsrevisjonen kjem tiltak som forbetrar dagens situasjon.
Votna og villrein
Ullensvang kommune held fast ved tidlegare krav om eit styrkt kunnskapsgrunnlag for villrein. Tilleggsutgreiinga gir betre kunnskap enn det opphavlege grunnlaget, men kommunen meiner at den samla belastninga framleis ikkje er tilstrekkeleg vurdert. NVE må sikre at konsekvensane for villreinen vert vurderte i eit regionalt og langsiktig perspektiv, ikkje berre innanfor det enkelte konsesjonsområdet.
Kommunen meiner særleg at konsekvensane ved Votna framleis ikkje er godt nok avklarte. Tilgjengeleg kunnskap peikar i retning av at pumpekraftdrift kan føre til meir usikre isforhold og auka barriereverknad for villreinen. Det er ikkje tilstrekkeleg å vurdera dette ut frå dagens situasjon, der E134 allereie utgjer ein vesentleg barriere. Med den vedtekne tunnelløysinga etter gjeldande reguleringsplan kan området rundt Votna få større betydning som trekk- og opphaldsområde for villreinen. I ein slik situasjon kan svekka isforhold som følgje av pumpekraftdrift få endå større betydning enn i dag.
Kommunen merkar seg at Lyse Kraft meiner ytterlegare avbøtande tiltak bør avvente fordi E134, ferdsel og anna menneskeleg aktivitet framleis er dei dominerande barrierane for villreinen. Ullensvang kommune kan ikkje slutte seg til denne vurderinga. At villreinen allereie er utsett for stor belastning, kan ikkje vere eit argument for å akseptere nye tiltak som ytterlegare svekkjer trekk- og leveområde. Kommunen meinar at det er mykje som tydar på at ei kort tunnelløysing forbi Votna, ikkje er tilskrekkeleg for å oppvege dei negative konsekvensane av reguleringa.
Med ein raudlista villreinbestand, klimaendringar og stor samla belastning meiner kommunen at føre-var-prinsippet må leggjast tungt til grunn. Omsynet til villreinen må ivaretakast anten ved å unngå nye negative inngrep eller ved å gjennomføre avbøtande tiltak som reelt veg opp for konsekvensane. Slike tiltak må vere konkrete, målbare, rettsleg bindande og dokumentert effektive.
Dersom det skal gjennomførast avbøtande tiltak av ein storleik som faktisk kan kompensere for dei negative konsekvensane i området rundt Votna, meiner Ullensvang kommune at ei lenger tunnelløysing under Haukelifjell peikar seg ut som det klart viktigaste tiltaket. Ingen andre kjende tiltak vil kunne gje eit tilsvarande stort og samanhengande areal for villreinen eller redusere barriereverknaden frå E134 i same grad.
Anleggsperiode, trafikk og lokalsamfunn
Ullensvang kommune viser til tidlegare merknader om at utbygginga vil medføre store belastningar for Røldal. Sjølv om Novle 2 går ut, vil Røldal 2 framleis innebere omfattande anleggsarbeid, tungtransport, støy, støv og trafikkbelastning.
Kommunen held fast ved kravet om trafikktryggleikstiltak som vist til i førre høyringsinnspel. Særleg gjeld dette vegar som blir nytta av skuleborn, mjuke trafikantar og lokalbefolkninga elles.
Etterprøvbarheit og ansvar
Fleire av vurderingane knytt til framtidig drift, isforhold, villrein og avbøtande tiltak byggjer på prognosar og føresetnader om korleis anlegget vil fungere etter ei eventuell utbygging. Ullensvang kommune meiner det må avklarast før ein eventuell konsesjon vert gjeven kva som skal skje dersom utviklinga ikkje vert som føresett, og kva ansvar konsesjonæren då skal ha.
Vintertilkomsten til Valldalen er eit konkret døme. Dersom klimatiske tilhøve eller endra manøvrering fører til at isen ikkje lenger kan nyttast til trygg ferdsel, må konsesjonæren ha eit bindande ansvar for å etablere og halde ved lag ei trygg alternativ løysing. Dette ansvaret kan ikkje overførast til kommunen, rettshavarane eller brukarane av området i ettertid.
Når konsesjonen først er gjeven og utbygginga gjennomført, vil det vere langt vanskelegare å rette opp negative konsekvensar. Økonomiske konsekvensar for konsesjonæren kan korkje no eller seinare nyttast som argument for å unngå å rette opp negative verknader som ikkje var føresette. Vilkåra må difor vere konkrete, bindande og etterprøvbare, og sikre at risikoen ikkje vert overført til kommunen, rettshavarane eller brukarane av området.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Røysting:
Tilrådinga frå utval for samfunn, plan og næring vart samrøystes vedteke.
Framlegga (1 og 2) frå Tor Helge Tjemsland vart samrøystes vedteke.
Voteringer
- VoteringVedtatt
Enstemmig vedtatt
Dokumenter
- Møteprotokoll ↗
- Uttale til justert søknad for nye kraftverk i Røldal-Suldalsvassdraget ↗
- Høyring av endra søknad for nye kraftverk i Røldal-Suldalsvassdraget.pdf ↗
- Lyse Kraft DA - søknad om endring av kraftverk RSK.pdf ↗
- Lyse Kraft DA - tilleggsutgreiing miljø og samfunn II.pdf ↗
- Lyse Kraft DA - Justering av tekninske planar og søknadar for OU RSK.pdf ↗
- Uttale til ny konsesjonssøknad Røldal 2 og Novle 2.pdf ↗
- Ullensvang kommune si vilkårsliste ved konsesjon for Røldal 2 og Novle 2.pdf ↗
- Ullensvang kommune sitt høyringssvar til tilleggsutgreiing for villrein ved nye kraftverk i Røldal-Suldalsvassdraget.pdf ↗
Flere saker fra samme møte
Kommunestyret 16. september 2026.
- 90/26Sal av kommunen sin leilegheit, seksjonsnr 5 i Freimsanden 10 Importkaien
- 88/26Innføring av overnattingsavgift i Ullensvang kommune
- 87/26Søknad om fritak frå vervet som ordførar
- 85/26Søknad om permisjon frå politiske verv
- 84/26Søknad om permisjon frå politiske verv
- 83/26Samanslåing av Ullensvang skule- og ungdomslegat og Gunvor og Sigurd Rateigs legat
- 82/26Fylkeskommunalt tilskot til breiband 2026 - kommunal del
- 81/26Handsaming av klage vedrørande eigedom gnr./bnr. 14/9
Siste saker i kommunestyret
- 17. juni 2026Norsk Bane AS - Søknad om midlar til kommunikasjons- og tiltaksplan i samband med presentasjon av Sener-utgreiinga
- 17. juni 2026Holmavegen 7 - vedlikehald og oppgradering, mogleg endring av eigartilhøve
- 17. juni 2026Arbeidsutvalet sitt forslag til styre, Fonna 1199 AS
- 17. juni 2026Endring av samarbeidsavtale for Vest brann- og redningsregion KO
- 17. juni 2026Allmennsoge for Odda kommune 1964-2019, forskottering til forlagstenestar og trykking
- 17. juni 2026Søknad om tilskot til Grannabryggjo småbåthamn
Kilde: kommunens møteportal (Acos), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.