Kommunene · Kvinnherad · Saker
Høyringsfråsegn - Strukturendringar i Vest politidistrikt
Vedtak
Høyringssvar:
Høyringsfråsegn – Strukturendringar i Vest politidistrikt
Kvinnherad kommune viser til høyringsbrev om endringar i organisasjonsstrukturen for dei geografiske driftseiningane i Vest politidistrikt. Kvinnherad kommune har over lang tid hatt eit nært og godt samarbeid med lokalt politi, gode førebyggjande tenester og godt samarbeid i grenseområdet mellom polititenester og kommunale tenester. At kommunen har låg kriminalitet, er etter vår vurdering eit resultat av at politiet over tid har prioritert det førebyggjande arbeidet. Vi meiner dette er den viktigaste oppgåva politiet skal ivareta.
Som svar på høyringa vil me gje uttrykk for vår meining om dei ulike punkta under risiko- og sårbarheitsvurdering.
Responstid og beredskap
Kvinnherad kommune registrerer at politiet legg til grunn at den føreslegne omorganiseringa ikkje skal ha konsekvensar for operativ teneste eller beredskap. Kommunen er uroa for at endringane kan innebera ei gradvis sentralisering av polititenestene og at lokal beredskap blir svekt. Kvinnherad er ein av dei største kommunane i Vestland i areal. Kommunen har ein utfordrande geografi med fjord, fjell, øysamfunn, ferjesamband og vegstrekningar som kan vera til hinder for raske og effektive utrykkingar. Dei føreslegne tenesteområdet strekkjer seg over store geografiske områder, frå Hardangervidda til kysten av Sunnhordland. Påstanden om at samanslåing ikkje vil skapa sårbarheiter knytt til responstid og beredskap verkar lite truverdig
Kommunen er særleg uroa for utvikling på lengre sikt, når ein endrar leiarstruktur vert det ofte ytterlegare sentralisering av ressursar og funksjonar. Dersom lokal leiing vert flytta ut av kommunen fryktar me det over tid og vil påverka bemanning, prioriteringar og operativ tilgjengelegheit.
Kvinnherad brann og redning utfører allereie eit betydeleg tal first responder-oppdrag. Dersom den lokale politiberedskapen vert svekt, vil det føra til auka belastning på andre beredskapsaktørar og redusert samla beredskap i kommunen.
Lokale tilgjengelege og publikumskontakt
Politistasjonen på Husnes er strategisk plassert og gjer politiet rask tilgang til store delar av kommunen. Frå politistasjonen på Husnes når politiet ut til 10 000 innbyggjarar på 15 minutt. Dette representerer eit stort og samla befolkningsgrunnlag som understrekar verdien av sterk lokal leiing og lokal forankring. Det visar at det er eit behov for ein fullverdig politistasjon med fullverdige tenester i Kvinnherad som sikrar god vakt og beredskap.
Kommunen registrerer at opningstidene ved politistasjonen allereie er redusert dei siste åra. Me fryktar den føreslegne organisasjonsendringa kan føra til ytterlegare reduksjonar i publikumstilbodet og gradvis svekkja politistasjon si rolle som lokal tenesteytar. Eit synleg og tilgjengeleg politi bidreg til tillit, tryggleik og betre samarbeid med lokalsamfunnet. Dette er verdiar som ein ikkje kan måla i kroner og ører, men som er avgjerande for samfunnsoppdraget til politiet.
Førebyggjande arbeid, særleg overfor barn og unge
Politiet i Kvinnherad er synlege og viktige for lokalsamfunnet. Førebygging er etter vår oppfatning politiet si hovudoppgåve, og der gjer politiet i Kvinnherad ein framifrå jobb. Gjennom besøk på skular, ungdomsbasar og deltaking på møteplassar i kommunen har politiet opparbeidd tillit og gode relasjonar i lokalsamfunnet.
Førebygging er noko av det viktigaste politiet gjer. Resultatet av førebygging kjem sjeldan til syne i statistikkane, fordi målet er å hindra kriminalitet og uønskte hendingar. Den låge kriminaliteten i Kvinnherad bør difor sjåast på som eit resultat av solid lokal innsats, ikkje som eit argument for redusert ressursbruk.
Husnes er ei sentral plassering for innbyggjarane i Kvinnherad, for born og unge vil det vera særleg belastande reiseveg og avstand til Odda. Ei utvikling der lokale politiressursar i aukande grad vert flytta til andre oppgåver eller til Odda, vil etter vår meining svekkja kapasiteten til førebyggjande arbeid. For born og unge er nærleik, kjennskap og kontinuitet viktige føresetnader for gode relasjonar til politiet.
Samhandling med kommunen og andre beredskapsaktørar
Kvinnherad kommune meiner at høyringsgrunnlaget tek for lite omsyn til dei særskilde beredskapsoppgåvene som finst i kommunen. Kvinnherad er vertskommune for fleire samfunnskritiske funksjonar og verksemder. Kommunen har mellom anna omfattande kraftproduksjon på om lag 3,2 TWh årleg, Hydro Husnes, og Valen sjukehus.
Valen sjukehus er eit psykiatrisk sjukehus med sikkerheitspost. Dette førar til jamleg behov for bistand frå politi i samband med transportoppdrag, tryggleiksvurderingar og handteringar av hendingar. Politiet i Kvinnherad har over tid opparbeidd seg verdifull lokalkunnskap, relasjonar og erfaring knytt til desse oppgåvene. Kommunen registrerer og at politiet i aukande grad nytta i transportoppdrag til og frå Valen sjukehus, og på vegne av andre politidistrikt. Dette understrekar at ressursbehovet knytt til sjukehuset påverkar lokale forhald og har ein regional karakter.
Gjennom mange år har politiet i Kvinnherad opparbeidd seg verdifull erfaring, lokalkunnskap og relasjonar knytt til samhandling med sjukehuset, kommunen og helsetenestene. Møte med menneske i sårbare livssituasjonar krev fagleg skjønn, erfaring og tett koordinering mellom politi og helsevesen. Ei svekking av dei lokale ressursane vil kunna redusera evna til rask og koordinert innsats når situasjonar oppstår.
Kvinnherad kommune har eit tett samarbeid med politiet gjennom politiråd, beredskapsråd, øvingar og anna samfunnstryggleiksarbeid. Kommunen meiner sterk lokal leiing er ein avgjerande føresetnad for å vidareføra og vidareutvikla dette samarbeidet.
Konklusjon
Kvinnherad kommune meiner den føreslegne omorganiseringa vil føra til svekt lokal leiing, redusert førebyggjande kapasitet og dårlegare beredskap på sikt. Kommunen er særleg uroa for at endringane kan leggja grunnlaget for ei gradvis sentralisering av politiressursar vekk frå Kvinnherad.
Kommunen ber difor om at dagens organisering vert vidareført, eller at det vert gitt tydelege garantiar for at Kvinnherad skal behalda lokal leiing, operative politiressursar, førebyggjande tenester og ein fullverdig politistasjon med eit reelt publikumstilbod.
Ved vurderinga av framtidig organisering må det leggjast vesentleg vekt på kommunen sin geografi, øysamfunna våre, omfattande samfunnskritisk infrastruktur, kraftproduksjon, industriverksemd og rolla som vertskommune for Valen sjukehus. Dette tilseier etter kommunen sitt syn at Kvinnherad framleis må ha ein sterk og synleg lokal politistasjon med tilstrekkelege ressursar og lokal leiing.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 24.09.2026:
Framsett forslag frå Thea Vaage, Ap:
Kvinnherad kommune viser til høyringsbrev om endringar i organisasjonsstrukturen for dei
geografiske driftseiningane i Vest politidistrikt. Kvinnherad kommune har over lang tid hatt eit nært
og godt samarbeid med lokalt politi, gode førebyggjande tenester og godt samarbeid i
grenseområdet mellom polititenester og kommunale tenester. At kommunen har låg kriminalitet, er
etter vår vurdering eit resultat av at politiet over tid har prioritert det førebyggjande arbeidet. Vi
meiner dette er den viktigaste oppgåva politiet skal ivareta.
Som svar på høyringa vil me gje uttrykk for vår meining om dei ulike punkta under risiko- og
sårbarheitsvurdering.
RØYSTING: Nytt framsett forslag til høyringssvar frå Thea Vaage, Ap vart samrøystes
vedteke. Kommunedirektøren si innstilling fall.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.