Kommunene · Kvinnherad · Saker
Valen skule
Vedtak
Det vert vedteke at:
1. Kommunedirektøren får fullmakt til å lysa ut konkurranse for framtidig Valen skule innanfor ei kostnadsramme på inntil 90 mill. kroner inklusive meirverdiavgift.
2. Konkurransen skal baserast på funksjonskrav, arealmål og pedagogiske behov for om lag 150 elevar, og skal opna for ulike løysingsforslag frå marknaden, herunder rehabilitering, nybygg eller kombinasjonsløysingar.
3. Det skal leggast vekt på nøktern standard, livssykluskostnader, funksjonalitet, kvalitet og framtidig driftsøkonomi.
4. Konkurransegrunnlaget skal opna for tilleggsopsjonar utover kostnadsramma, slik at kommunestyret kan vurdera utvida funksjonalitet eller kvalitet dersom dette vert vurdert som formålstenleg etter at tilboda ligg føre.
5. Etter gjennomført konkurranse skal sak om val av løysing, omfang og finansiering leggjast fram for kommunestyret. Dersom tilbydarane ikkje kan innarbeida gymsal innanfor den vedtekne kostnadsramma, skal det leggjast fram pris og løysing for gymsal som ein opsjon.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 24.09.2026:
Nytt framsett forslag frå Ingve Hesjedal, Sp:
Dersom tilbydarane ikkje kan innarbeida gymsal innanfor den vedtekne kostnadsramma, skal det leggjast fram pris og løysing for gymsal som ein opsjon. Nytt framsett tilleggsforslag frå Jostein Saghaug, Mdg:
Miljöomsyn i byggeprosessen, og miljövennlege materialvalg skal vektlegges i anbudsprosessen. RØYSTING:
Hesjedal sitt framsette tilleggsforslag vart samrøystes vedteken. Saghaug sitt forslag fekk 7 røyster og fall. (Kristoffer Tufta, H - Ingve Hesjedal og Svein Åge Vangdal, SP - Wermund Vetrhus, Silje N. Olsen og Hildegunn H. Tofte, SV og Jostein Saghaug, MDG røysta for forslaget.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.