Kommunene · Kvinnherad · Saker
Organisering, bemanning og utrustning av Kvinnherad Brann og Redning - Handlingsplan
Vedtak
1. Kommunestyret tek handlingsplan for oppfølging av vedtak 19.02.2026 til orientering og sluttar seg til dei prioriteringar og tiltak som går fram av planen.
2. Kommunestyret vedtek at investeringar og årlege driftskostnadar (vist i framdriftsplanen) knytt til utbygging og ombygging av brannstasjonar vert innarbeidd i budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-2030.
3. Kommunestyret legg til grunn føreslått langsiktig plan for utskifting av køyretøy i perioden 2027– 2037, og set av årleg løyving på kr 3,5 mill. i økonomiplanen. Den årlege årsmeldinga frå brann-og redningstenesta skal dokumentera behovet for utskifting av køyretøy og vera grunnlag for endeleg prioritering og bruk av løyvinga. Det skal gjerast ei individuell vurdering av tilstand, driftstryggleik og beredskapsbehov for det enkelte køyretøy før utskifting.
4. I sitt framlegg til budsjett skal Kommunedirektøren spesifisera kva midlar som blir sett av til utbygging og oppgradering av den enkelte stasjonen. Og at det blir tidfesta når den enkelte stasjonen er tenkt bygd/oppgradert
5. Det må opprettast dialog med Arbeidstilsynet for å avklara ein dispensasjon for å bygga ein rein stasjon i Uskedalen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 24.09.2026:
Framsett endringsforslag frå Guttorm Røssland, H:
Endringsforslag punkt 3. 3.Kommunestyret legg til grunn føreslått langsiktig plan for utskifting av køyretøy i perioden 2027– 2037, og set av årleg løyving på kr 3,5 mill. i økonomiplanen. Den årlege årsmeldinga frå brann- og redningstenesta skal dokumentera behovet for utskifting av køyretøy og vera grunnlag for endeleg prioritering og bruk av løyvinga. Det skal gjerast ei individuell vurdering av tilstand, driftstryggleik og beredskapsbehov for det enkelte køyretøy før utskifting. Framsett tilleggsforslag frå Wermund Vetrhus, Sv:
• I sitt framlegg til budsjett skal Kommunedirektøren spesifisera kva midlar som blir sett av til utbygging og oppgradering av den enkelte stasjonen. Og at det blir tidfesta når den enkelte stasjonen er tenkt bygd/oppgradert
• Det må opprettast dialog med Arbeidstilsynet for å avklara ein dispensasjon for å bygga ein rein stasjon i Uskedalen. RØYSTING:
Endringsforslaget frå G.Røssland vart vedteken med 30 mot 3 røyster (J.Rødland, G.Helleland og E.Zimmer, alle INP røysta mot) Tilleggsforslaget frå W.Vetrhus vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.