Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Høyring - forslag til endring i vallova

Sak 54/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 18.06.2026:

Kvinnherad kommunestyre har følgjande uttale:

Kvinnherad kommunestyre er negative til føreslegne endringar i vallova. I Kvinnherad nytta nesten 80% av dei rundt 10.000 røysteføre røysteretten sin ved førre val. Grunna relativt store geografiske avstandar har det dei siste vala vore fire røystekretsar. To av kretsane er betydeleg mindre enn dei to andre. I små røystekretsar kan nummerering av røystesetelen lett koma i strid med den grunnlovfesta retten til hemmeleg val. Merking av røystesetelen kan føra til at medarbeidarane får kunnskap om korleis dei som kjem frå ein annan valkrets har røysta. Dette vert særleg problematisk for dei to minste valkretsane våre, der administrasjonen har erfart at dei aller fleste som røystar (både på førehand og på valdagen) er registrert i kretsen, og berre eit lite fåtal kjem frå dei andre valkretsane. Av same grunn meiner me at dagens regelverk gjev eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om korleis innbyggjarane i dei ulike røystekretsane røyster. Ein er også bekymra for at nokre innbyggjarar vil synast at det er ubehageleg at valmedarbeidarar skal skriva på røystesetelen deira. Sjølv om medarbeidarane har teieplikt om kva vedkomande har røysta, har innbyggjarane rett på at ingen får kunnskap om kva dei røystar. Når ein er vant med at eit stempel er nok, kan nummerering virka inngripande og skapa tvil. Bakgrunnen, at ein skal få kunnskap om kva innbyggjarane i ein avgrensa del av kommunen røystar, er det også sannsynleg at nokre er kritiske til. I verste fall vil innføring av «nummerering» føra til at desse veljarane ikkje avgjer si røyst. Dersom endringa vert gjennomført kjem kommunedirektøren til å føreslå at kommunestyret fattar vedtak om ein valkrets, og heller nyttar høvet til å «opprette ekstra valglokaler for en stemmekrets» jamfør vallova § 9-3 tredje avsnitt. Dette for å sikra hemmeleg val. Røysting: Samrøystes for uttalen.

Kvinnherad kommunestyre har følgjande uttale:

Kvinnherad kommunestyre er negative til føreslegne endringar i vallova. I Kvinnherad nytta nesten 80% av dei rundt 10.000 røysteføre røysteretten sin ved førre val. Grunna relativt store geografiske avstandar har det dei siste vala vore fire røystekretsar. To av kretsane er betydeleg mindre enn dei to andre. I små røystekretsar kan nummerering av røystesetelen lett koma i strid med den grunnlovfesta retten til hemmeleg val. Merking av røystesetelen kan føra til at medarbeidarane får kunnskap om korleis dei som kjem frå ein annan valkrets har røysta. Dette vert særleg problematisk for dei to minste valkretsane våre, der administrasjonen har erfart at dei aller fleste som røystar (både på førehand og på valdagen) er registrert i kretsen, og berre eit lite fåtal kjem frå dei andre valkretsane. Av same grunn meiner me at dagens regelverk gjev eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om korleis innbyggjarane i dei ulike røystekretsane røyster. Ein er også bekymra for at nokre innbyggjarar vil synast at det er ubehageleg at valmedarbeidarar skal skriva på røystesetelen deira. Sjølv om medarbeidarane har teieplikt om kva vedkomande har røysta, har innbyggjarane rett på at ingen får kunnskap om kva dei røystar. Når ein er vant med at eit stempel er nok, kan nummerering virka inngripande og skapa tvil. Bakgrunnen, at ein skal få kunnskap om kva innbyggjarane i ein avgrensa del av kommunen røystar, er det også sannsynleg at nokre er kritiske til. I verste fall vil innføring av «nummerering» føra til at desse veljarane ikkje avgjer si røyst. Dersom endringa vert gjennomført kjem kommunedirektøren til å føreslå at kommunestyret fattar vedtak om ein valkrets, og heller nyttar høvet til å «opprette ekstra valglokaler for en stemmekrets» jamfør vallova § 9-3 tredje avsnitt. Dette for å sikra hemmeleg val.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.