Kommunene · Kvinnherad · Saker
Oppdatert kunnskapsgrunnlag Sunde og Sunde skule
Vedtak
Oppdatert kunnskapsgrunnlag for Sunde og Sunde skule vert teke til vitande.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 18.06.2026:
Utsetjingsforslag frå Hildegunn H. Tofte på vegne av Sv, Mdg og Sp:
Vi opplever at saksdokumenta ikkje gir oss det grunnlaget vi har behov for å ta ei avgjersle. Slik saka ligg føre no, manglar ein:
1. Full økonomisk gjennomgang
2. Reell analyse av kvalitet og utfordringar ved Sunde skule
3. Påliteleg og metodisk forsvarleg brukarmedverknad
4. Kva er dei konkrete utfordringane ved skulen?
5. Korleis påverkar dette elevane sitt læringsutbyte og trivsel?
6. Korleis er læremiljøet på skulen, gjennomtrekk av ansette?
7. Rekruttering
8. Vil vil i tillegg ha med kunnskapsgrunnlaget rundt tenestene som er rundt laget til born og unge
9. Vi bør og ha ein felles standard for teknisk vurderingskriterie for alle skulane i Kvinnherad, slik at ikkje noko blir problematisert på ein skule, for så å bli godtatt i ein anna. RØYSTING: Utsetjingsforslaget fekk 10 røyster og fall. Ulvenes, (H), Hesjedal, Andresen, Askeland, Vangdal og Thorsen (alle Sp), Tofte, Olsen og Vetrhus (alle Sv) og Zimmermann (Mdg) Kommunedirektøren si innstilling vart vedteke med 25 mot 8 røyster (Ulvenes (H), Andresen, Askeland, Vangdal (alle Sp), Tofte, Olsen og Vetrhus (alle SV) og Zimmermann (Mdg).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.