Kommunene · Kvinnherad · Saker
Stimuleringsmidlar 2026 - Bustadfelt
Vedtak
1.Kommunestyret tek evalueringa av stimuleringsordninga til vitande. Prosjekt der kommunale stimuleringsmidler har utløysande effekt for realisering, skal prioriterast. 2.Det vert løyvd 10 mill.kr. til søknadsordning til private bustadfelt for 2026. Inndekking frå prosjekt 2094 Bustadutvikling i investeringsbudsjettet. 3.Uføresett overforbruk som følgje av eventuell klagebehandling skal dekkast frå same budsjettpost.
4. I 2026 vert det gjennomførd to søknadsrundar,èin i Juni og èin i oktober. 5.Dei reviderte retningslinene vert vedtekne slik dei ligg føre. Alternativ A om prioritering av prosjekt nær tettstad og kollektivaksar skal innarbeidast.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 21.05.2026:
Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteken. Tilleggsforslag frå Svein Åge Vangdal, Sp:
Evalueringa etter første tildelingsrunde, viser at betydelige kommunale midlar er tildelt prosjekt som uansett hadde vorte realisert - altså uten stimuleringseffekt. Meinar difor at det er rett å pålegga søkarane og sakshandsamar krav om å synleggjera at tildelte midlar vil ha betydning for realisering. Punkt:
1. Under vilkår for tildeling:
Prosjekt der kommunale stimuleringsmidler har utløysande effekt for realisering, skal prioriterast. Forslag til nytt punkt 2 og 4: frå Knut Johannes Helvik, H:
Nytt Punkt 2:
Det vert løyvd 10 mill.kr.til søknadsordning for private bustadfelt for 2026 . Inndekning frå prosjekt 2094 Bustadutvikling i
Investeringsbudsjettet.
Nytt punkt. 4:
I 2026 vert det gjennomførd to søknadsrundar,èin i Juni og èin i oktober.
RØYSTING:
Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteken. Vangdal sitt tilleggsforslag vart vedteke med 30 mot 5 røyster. (Kroka, Skår og Bjørnevik -alle H røysta mot) Helvik sitt nye forslag vart vedteke med 29 mot 6 røyster , Andresen og Vangdal (SP), Tofte,Olsen og Vetrhus (SV) og Saghaug (Mdg) røysta mot.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.