Kommunene · Kvinnherad · Saker
Moglegheitsstudie Valen Skule
Vedtak
Kommunedirektøren får fullmakt til å gå vidare med prosjektet i form av marknadsdialog for å sikra breiast mogleg konkurransedeltaking og mest mogleg optimalt konkurransegrunnlag. I marknadsdialogen skal ein sjå på ulike alternativ for rehabilitering, nybygg og kombinerte løysingar mellom nybygg og rehabilitering. Kommunedirektøren kjem tilbake med forslag til konkurransegrunnlag til politisk behandling. Kommunedirektør skal legge fram resultat frå marknadsdialogen i Kommunestyret i Juni 2026.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 23.04.2026:
Nytt framsett forslag frå Julie H. Askeland, Sp:
På vegne av SP, SV, MDG og INP fremjar eg følgjande forslag til vedtak:
1. Kommunestyret vedtek at alternativa 1, 1a og 1b ikkje skal takast med vidare i marknadsdialogen eller i grunnlaget for ein eventuell samspels- eller designkonkurranse. Moglegheitsstudien viser at desse alternativa ikkje gir tilstrekkeleg areal, ikkje oppfyller krava til universell utforming og ikkje vurderast som framtidsretta eller fagleg tenlege løysingar for ein skule dimensjonert for komande behov.
2. Vidare arbeid skal avgrensast til alternativa 2a og 3, som begge oppfyller funksjonskrav, arealbehov og krav til universell utforming, og som etter faglege vurderingar gir eit betre grunnlag for ei berekraftig og langsiktig løysing for Valen skule.
3. Kommunedirektøren får fullmakt til å gå vidare med marknadsdialog basert på desse alternativa, og kjem tilbake med forslag til konkurransegrunnlag for politisk handsaming. Nytt framsett forslag frå Per H. H. L. Johansen på vegne av Ap, Krf, H og V:
Kommunedirektør skal legge fram resultat frå marknadsdialogen i Kommunestyret i Juni 2026. RØYSTING:
Nytt framsett forslag frå Sp, Mdg, SV og Inp fekk 12 røyster og fall. Innstillinga frå Levekårsutvalet fekk 21 røyster og vart vedteken. (for: H, Ap, Krf og V) Tilleggspunkt frå Johansen, Ap m.fl. - vart samrøystes vedteken
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.