Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Vedtekter for SFO 2026 etter høyring

Sak 31/2026 · Kommunestyret 23. april 2026 · Behandlet

Vedtak

Forslag til SFO-vedtekter gjeldande frå 01.05.2026 vert vedteke med endringane som kjem fram i vedlegg 1 i saka.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 23.04.2026:

Nytt framsett forslag frå Silje N. Olsen, Sv og Veronica T. Thorsen, Sp:

1. Endring i § 6 Tilbod, 3. og 4. avsnitt:

Det vert innført driftsgaranti for ferie-SFO ved Husnes barneskule og Malmanger skule. For desse lokasjonane vert kravet om minimum 6 elevar fjerna. Tilbodet skal haldast ope i alle vedtektsfesta ferieperiodar, uavhengig av tal på søkjarar.

2. Nytt punkt i § 6:

Dersom talet på påmelde elevar ved Husnes eller Malmanger er lågare enn 3, kan kommunen, etter ei konkret vurdering av barnets beste, velja å samordna tilbodet med ein sommaropen barnehage i nærmiljøet.

3.Kartlegging av behov:

Administrasjonen skal innan 1. juni gjennomføra ei spørjeundersøking blant foreldre til elevar i 1.–3. trinn for å kartleggja behov for SFO i feriar, og årsaker til manglande bruk av ordninga – både i skuleåret og i feriane.

Røysting:

Levekårsutvalet si innstilling vart vedteke med 18 mot 13 røyster. (Tufta,H, Tveit,Ap, Nepstad, Hesjedal, Askeland, Thorsen (alle Sp), Tofte, N.Olsen, Vetrhus (alleSv) , Lemicka, Frp , Hannisdal(V) og Saghaug (Mdg) røysta mot innstillinga.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.