Kommunene · Kvinnherad · Saker
Utvida skjenketid under fotball-VM 2026
Vedtak
I perioden 11. juni til 19. juli 2026 vert skjenketida innandørs for gruppe 1 og 2 i Kvinnherad utvida frå klokka 01.30 inntil kl. 05.00 for innehavarar av faste skjenkeløyve som:
• Syner direktesendt VM-kamp på storskjerm
• Har gitt tilbakemelding til kommunen om kva kampar/datoar dei skal nytta seg av utvida skjenketid, seinast 3 dagar før den aktuelle utvida skjenkinga.
• Avsluttar skjenkinga straks kampen er ferdig, og seinast kl. 05.00 sjølv om ikkje kampen er over. I «venteperioden» frå kl.02.00 og fram til kampstart skal det sendast VM-studio eller tilsvarande program. Under sjølve kampen er det berre den direktesende sendinga som skal vera på.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 21.05.2026:
Veronica T. Thorsen (SP) er automatisk inhabil - gitt uttale i saka. - 34 røysteføre til å behandle saka. Innstillinga frå kommunedirektøren: 17 røysta for og 17 røysta mot. Med ordførar si dobbelsrøyst vart innstillinga vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.