Kommunene · Kvinnherad · Saker
Strategiplan for Plan og Byggesak
Vedtak
Kommunestyret i Kvinnherad ønskjer å leggja til rette for ei kontinuerleg, målretta og kunnskapsbasert utvikling av plan- og byggjesaksarbeidet i kommunen. Kommunestyret ber difor kommunedirektøren leggja fram ei sak som grunnlag for å utarbeida ein strategiplan for avdelinga for plan og byggesak. Strategiplanen skal gi kommunen eit tydeleg retning for vidare utvikling og bidra til at me er eit føredøme innan fagområdet, og det vert lagt opp til at den kan utarbeidast i samarbeid med eksternt fagmiljø. Kommunestyret vedtek følgjande føringar for arbeidet:
1. Strategiplanen skal danne grunnlag for ein handlingsplan med målbare målsetjingar og klare resultatindikatorar.
2. Det skal utarbeidast ei serviceerklæring for plan- og byggjesaksavdelinga som byggjer på tilrådingane i strategiplanen, med særleg fokus på kommunikasjon, rettleiing, saksflyt og framdrift.
3. Det skal gjennomførast dialog og intervju med relevante aktørar samt interne fagmiljø. Det skal gjennomførast høg grad av brukarmedverknad frå tilsette, tillitsvalde og brukarar.
4. Kommunedirektøren blir beden om å leggja fram sak med endeleg mandat, kostnadsramme og framdriftsplan for kommunestyret innan april 2026.
5. Kommunestyret legg til grunn at kostnadsramma ikkje skal overstige kr 250 000
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.03.2026:
NYTT FRAMSETT ENDRINGSFORSLAG FRÅ JOSTEIN SAGHAUG, MDG, ALF JARLE LANGELAND, KRF, OVE LEMICKA, FRP, SILJE NORDTVEIT OLSEN, SV, VERONICA THORKILDSEN THORSEN, SP, PER HARALD H.L. JOHANSEN, AP, MAREN ELISE SKOGSETH, V, GUNNAR HELLELAND, INP OG VEGARD BJØRNEVIK, H:
3. Det skal gjennomførast dialog og intervju med relevante aktørar samt interne fagmiljø. Det skal gjennomførast høg grad av brukarmedverknad frå tilsette, tillitsvalde og brukarar.
Ordføraren si innstilling og nytt endringsforslag til punkt 3 i innstillinga vart einstemmig vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.