Kommunene · Kvinnherad · Saker
Høyring - forslag til forskrift om overnattingsavgift til kommunane
Vedtak
Kvinnherad kommune støttar formålet om å gi kommunar med stort reiselivstrykk betre moglegheiter til å finansiere fellesgode og avbøtande tiltak, men vil ta stilling til ei eventuell lokal innføring av overnattingsavgift når forskrifta er fastsett. Dette er i tråd med intensjonen om at besøkande skal bidra meir til kostnader dei påfører lokalsamfunnet. Det skal gjennomførsast brei lokal dialog med reiselivsnæringa.
Kvinnherad kommune vil likevel peike på følgjande forhold:
1.Behov for meir fleksibilitet i fritaksordninga, særleg knytt til arbeidsrelatert overnatting, då dette er viktig for kommunen sitt næringsliv. 2.At departementet utviklar standardisert informasjonsmateriell og vegleiing til formidlarar og tilbydarar 3.At det blir vurdert å etablere ein nasjonal digital løysing for rapportering og innbetaling 4.Overnattingsstatistikk bør bli tilgjengeleg på kommunenivå i statistikk frå SSB 5.Kvinnherad vil ta stilling til ei eventuell lokal innføring av overnattingsavgift når forskrifta er fastsett, og etter brei lokal dialog med reiselivsnæringa.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.03.2026:
Kommunedirektøren si innstilling vart einstemmig vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.