Kommunene · Kvinnherad · Saker
Dekningsgrad - framtidas heildøgnsomsorg
Vedtak
Det vert vedteke at Kvinnherad kommune si dekningsgrad for heildøgnsomsorg for personar over 80 år skal liggje i intervallet mellom 16 og 20%.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.03.2026:
NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ SILJE NORDTVEIT OLSEN, SV:
Det vert vedteke at Kvinnherad kommune si dekningsgrad for heildøgnsomsorg for personar over 80 år skal liggje i intervallet mellom 18 og 20%
SPØRSMÅL FRÅ SYNNØVE SOLBAKKEN, AP:
Er det venteliste på sjukeheimane i dag:
SVAR FRÅ KOMMUNEDIREKTØREN:
Ja, pr i dag ser oversikten slik ut:
• 13 på venteliste på langtidsplass
• 15 på venteliste på omsorgsbustad med heildøgnsomsorg Alle desse får hjelp og omsorg også i dag.
Røysting:
Silje Nordtveit Olsen, SV, sitt forslag vart sett opp mot formannskapet si innstilling og fall med 11 mot 24 røyster. Formannskapet si innstilling fekk 24 røyster og vart vedteke. Desse stemde for forslaget framsett av Silje Nordtveit Olsen, SV: Tove Lill Lakselv (FrP), Esben Zimmer (INP), Gunnar Helleland (INP), Heidi Bolette Jakobsen (INP), Thomas Eide (INP), Åge Aakre (INP), Jostein Saghaug (MDG), Hildegunn Hanstvedt Tofte (SV), Silje Nordveit Olsen (SV), Wermund Vetrhus (SV), Maren Elise Skogseth (V)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.