Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Spørsmål og svar

Spørsmål 46/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 18.06.2026:

FRAMSETTE SPØRSMÅL I MØTE:

• Frå Thomas Eide, Inp:

I samband med handsaminga av KPA Planen ønskjer eg svar på følgjande spørsmål. Vi har dei siste vekene blitt kontakta av fleire innbyggjarar som uttrykkjer uro over stadig meir byråkratisering, fleire krav og aukande administrative gebyr i byggesaker. Mange er bekymra for korleis dette vil slå ut for vanlege folk som ønskjer å byggja garasje, tilbygg eller bustad, og om utviklinga vil føra til fleire hindringar og redusert byggeaktivitet i kommunen. På denne bakgrunnen ønskjer eg svar på følgjande:

Kva var den totale kostnaden for rapporten frå Norconsult om aktsemdsområde, og kan kommunestyret få tilsendt kopi av rapporten? Kva økonomiske konsekvensar vil dei nye aktsemdsområda få for innbyggjarane når det gjeld saksbehandlingsgebyr og krav i byggesaker? Kor mykje er det estimert at gebyra vil auka? Kor stor del av byggesakene i kommunen vil no kunna bli omfatta av krav om geologiske undersøkingar eller anna fagleg dokumentasjon? Kva vil dette typisk kosta for ein privatperson som til dømes ønskjer å byggja garasje eller mindre tilbygg? Kva metodegrunnlag er brukt for å utarbeida desse karta over aktsemdsområde? Er karta baserte på algoritmar, modellering og høgdedata, eller er det gjennomført faktiske stadundersøkingar i felt? Dersom det ikkje er gjort stadlege undersøkingar, korleis vurderer kommunen treffsikkerheita i kartgrunnlaget? Eg meiner dette er viktige spørsmål fordi konsekvensane kan bli store både økonomisk og praktisk for innbyggjarane, og fordi auka krav og kostnader over tid kan bidra til å gjera det vanskelegare å gjennomføra små og mellomstore byggeprosjekt i kommunen.

• Frå Silje Nordtveit Olsen, SV:

Kan ordførar orientera oss om arbeidet med integrasjonsplanen? Noverande plan gjeld ut 2026.

• Frå Wermund Vetrhus:

Kva er status i sak om flaggreglementet? Kvifor er det ikkje flagga til Pride i dag? Må vi spør om dette kvar juni? Svar på spørsmål vil de finne på postlista sak 2026/21 når dei er ferdig utarbeidde.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.