Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 21.05.2026:
SPØRSMÅL FRÅ:
• Per Harald H.L. Johansen, Ap;
Frå 01.01.2026 er alle kommunar pålagt å ha eit lager av medisinsk forbruksmateriell som skal vara i 3 månadar. I den nyleg vedtekne totalberedskapsplanen står det at Kvinnherad kommune avventar svar frå sentralt hald før lokale tiltak vert sett inn.
Kva er status på dette arbeidet? Har Kvinnherad kommune etablert eit lager av medisinsk forbruksmateriell for 3 månadar?
• Jostein Saghaug, Mdg;
Brannstasjonstruktur:
Kor langt er ein kommen i planlegginga av oppgradering av brannstasjonen i Uskedalen (Det ligg inne midlar for oppgradering i budsjettet for 2027)?
Bufellesskap på Husnes:
Kor langt er ein kommen i planlegginga av bufellesskap, etter modell som Heradstun, på Husnes? Bl.a. plassering m.m.
Ber og om at det vert lagt fram framdriftsplan for desse to prosjekta. Når skal kva setjast i gong? Ferdigstilling m.m.
• Hanne Kristensen, H;
Trafikkktrygleik i Landafeltet!
(Landafeltet er eit bustadområde i Kvinnherad med mest utvikling, ca 100 buenheter + 5 buenheter som er klar til å byggast til hausten. Da bur til nå ca 69 fastbuande barn under 18 år i området. Mange av desse ferdast dagleg langs vegen til skule, fritidsaktivitetar og buss. Innbyggjarane i området har over tid vist stor tolmod, men når talet på familiar og barn aukar, hastar det med konkrete tiltak og framdrift. At Trafikksituasjonen er og har vert svært utrygg, vart omtalt i Kvinnheringen tilbake i januar 2023. Barn må dagleg krysse fylkesvegen for à ta buss til skulen. Samstundes går det tungtrafikk gjennom byggefeltet, mellom anna til Monter,Fagne og andre industritomter. Da finst ikkje gangfelt eller fartsdempande tiltak i området,Vegen er offentleg, men standarden og tryggleiken opplevast som utilstrekkeleg for mjuke trafikantar
Kommunen står sjølv bak planarbeidet. Det står i plan at finansiering heng saman med overskotsmidlar frå Halsnøysambandet.
Eg ønskjer derfor å spørje ordføraren:
1. Kan ordfører orientere om status i planarbeidet for trafikkktrygleik i Landa?
2. Har kommunen vore i dialog med fylket om tiltak på fylkesvegen ?
3. Kva ansvar meiner kommunen dei har for å sikre trygg ferdsel for barna i landafeltet 4.Når kan innbyggjarane forvente konkrete tiltak som gangfelt, fartsdemping eller andre tryggingstiltak? Det har nyleg vore ei ulykke og foreldre ønsker at kommunen prioritere saka før det skjer ei alvorleg ulukke til.
• Silje Nordtveit Olsen, Sv:
I samband med spørsmål om vakant stilling som Wermund Vetrhus stilte i førre kommunestyre har det komen svar i protokollen om at stillinga skal stå vakant fram til vedkommande som innehar stillinga kjem attende frå foreldrepermisjon. Kan ordførar informera kommunestyret om kor mange stillingar det er som står vakant så lenge ein tilsett er i foreldrepermisjon i 2025 og i 2026? Er dette likt for alle sektorar og einingar i kommunen?
Svar på spørsmåla er å finna på postlista, sak 2026/21, når dei er ferdig utarbeidde.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.