Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 23.04.2026:
SPØRSMÅL FRÅ:
Stein Olav Ølvestveit, Sp:
Senterpartiet har fått spørsmål frå ein innbyggjar om korleis buplikta vert handheva i Kvinnherad kommune. Buplikta er eit sentralt verkemiddel for å sikra busetnad på landbrukseigedomar, og er forankra i konsesjonslova. Etter konsesjonslova § 5 andre ledd kan det setjast vilkår om personleg buplikt ved erverv av landbrukseigedom, og etter § 6 er kommunen lokal konsesjonsstyresmakt med ansvar for forvaltning og oppfølging av regelverket. Vidare følgjer det av konsesjonslova § 8 at buplikta som hovudregel inneber plikt til faktisk busetnad på eigedomen, og at denne skal oppfyllast innan fastsette fristar. Kommunen har òg eit ansvar for å følgja opp brot på vilkår, jf. konsesjonslova §§ 16 og 17, som opnar for pålegg og tvangsmiddel ved manglande etterleving. Det er lenge sidan kommunestyret har fått ei samla orientering frå administrasjonen om korleis buplikta vert praktisert og følgt opp i Kvinnherad kommune. På denne bakgrunnen ønskjer Senterpartiet ei oppdatert og skriftleg avklaring, og stiller følgjande spørsmål til ordføraren:
1. Kor mange gardsbruk i Kvinnherad kommune har buplikt per i dag?
2. Korleis vert buplikta praktisert og følgt opp administrativt, frå vedtak til eventuell kontroll?
3. Vert det gjennomført systematisk kontroll for å sikra at buplikta vert etterlevd, og i så fall korleis?
4. Kva tiltak vert nytta dersom buplikta ikkje vert oppfylt, og i kva grad har kommunen teke i bruk heimlane i konsesjonslova ved brot på buplikta?
Wermund Vetrhus, SV:
Det er kome fleire bekymringsmeldingar til oss i SV om at frislivskoordinator sin stilling vil stå vakant i eit år medan ho er i permisjon. Avgjersla om å ikkje sette inn vikar er visstnok gjort ut frå ei vurdering knytt til Kvinnherad kommune og sektor Omsorg, helse og sosial sin økonomiske situasjon med eit pågåande overforbruk som på ulike måtar må dekkjast inn. Innsparinga er difor ein del av eit større arbeid med strenge vurderingar på tilsettingar.
I samband med dekningsgrad fekk vi høyra kor viktig det er med førebyggjande arbeid for at eldre skal ha god helse og at vi skal unngå å gå opp fleire trinn i omsorgstrappa. Det same gjeld jo for personar i alle aldrar. Etter det vi kjenner til er stillinga lyst ut og intervju er gjennomført.
Konsekvensen av dette vert eit opphald i Frisklivssentralen sine tilbod og aktivitetar i dette tidsrommet og det er altså ikkje aktuelt å sende tilvisingar til eller sjølve å kontakte Frisklivssentralen i denne perioden. Dette er sterkt kritikkverdig vurdering som vi i SV ikkje meiner bidrar til å betre den økonomiske situasjonen som beskrive.
Å spare pengar ved å ta vekk ei slik stilling er risikere å i neste sving bidra til meirkostnader i kommunen.
Kan ordførar orientera om kvifor det ikkje er vert sett inn vikarar for personar som er i foreldrepermisjon?
Heidi Bolette Jakobsen (på vegne av Gunnar Helleland) INP:
I samband med overtakinga av nettverksemda til Kvinnherad Energi vart det frå BKK tydeleg kommunisert at ingen tilsette skulle seiast opp, at arbeidsstad skulle bestå, og at arbeidsplassane i Kvinnherad var «venteleg å kunne oppretthaldast». I tillegg vart det inngått ein avtale mellom BKK og fagforeininga om at dei tilsette skulle vere sikra oppmøteplass i Dimmelsvik. Dette var ein føresetnad for at BKK sitt tilbod skulle vere på nivå med det Haugaland Kraft la fram. No kjem det fram opplysningar om at inntil fire medarbeidarar må gå. Dette bryt med dei føresetnadene som vart lagt til grunn då kommunestyret fatta sitt vedtak.
1. Meiner ordføraren at kommunestyret har fått eit korrekt og realistisk grunnlag for avgjerda si i denne saka?
2. Kva konkret har kommunen gjort for å sikre at både lovnadene om arbeidsplassar og avtalen om oppmøteplass i Dimmelsvik vert følgde opp, og kva vil kommunen gjere dersom dei ikkje vert oppfylte? Per Harald H.L. Johansen, Ap:
"Det var med stor entusiasme vi i budsjettet for 2026 vedtok at Kommunedirektøren skal utarbeida eit skisseprosjekt for Husnes kulturhus og bibliotek. Eit skisseprosjekt som vil vera med og setja standarden for det framtidige kulturlivet i regionsenteret vårt på Husnes. Kva er status for arbeidet med skisseprosjektet? Kan vi rekne med at det kjem sak om dette til formannskapet i mai?"
Svar på spørsmåla vert publisert på postlista sak 2026/21 når dei er svart ut.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.