Kommunene · Kvinnherad · Saker
Interpellasjon - Kommunestyremøte 27.11.2025
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 27.11.2025:
INTERPELLASJON FRÅ:
- Julie Askeland Holmedal, Sp:
Interpellasjon til kommunestyret i Kvinnherad Svikt i akuttberedskap i distrikta – tryggleiken til innbyggjarane må sikrast. Ordførar, eg ønskjer å løfte ei alvorleg sak til kommunestyret si vurdering. Saka handlar om svikt i helseberedskapen i Kvinnherad, mars 2025 – ei sak som er omtala offentleg og sendt Statsforvaltaren i Vestland, som vidare oppretta sak. Saka omfattar fleire ledd i helseberedskapen
– frå legevaktsentral og AMK, til ambulansebåt, legevakt og sjukehus. Det er særleg svikt i vurdering av alvorsgrad, manglande transportberedskap og kritikkverdig pasientbehandling som vert peika på. Denne saka reiser prinsipielle spørsmål om kommunen sitt ansvar for å sikre forsvarlege og tilgjengelege helsetenester til sine innbyggjarar – også i helg, kveld og i geografisk spreidde område. Det handlar ikkje berre om éin pasient si oppleving, men om systemsvikt som kan råke fleire. Dette understrekar behovet for politisk handling og forbetring av dagens ordningar. Ifølgje Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 har kommunen plikt til å sørgje for nødvendige helseog omsorgstenester til alle som oppheld seg i kommunen. Lova omfattar også legevakt og akuttmedisinske tenester. Vidare slår § 4-1 fast at tenestene skal vere forsvarlege, og at kommunen har ansvar for å planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at krava vert forsvarleg oppfylte. Vidare krev Forskrift om akuttmedisinske tenester utanfor sykehus at kommunen skal ha ei legevaktordning som sikrar befolkninga tilgang til nødvendig helsehjelp heile døgnet, og at det skal vere etablert klare rutinar for samhandling med AMK og transporttenester. Det er kommunen sitt ansvar å inngå avtalar som sikrar at ambulansebåt og anna naudsynt transport er tilgjengeleg ved akutte behov – også under kviletid. I den aktuelle saka vart pasienten nekta transport med ambulanse og ambulansebåttransport grunna kviletid, og måtte fraktast i privatbil fleire gonger – trass i alvorlege smerter og seinare påvist sprukken blindtarm med peritonitt. Dette er etter mitt syn ikkje i tråd med krava til forsvarleg helsehjelp, og det reiser spørsmål om kommunen har inngått avtalar som ikkje tek høgde for reelle behov i distrikta. Vidare er det grunn til å stille spørsmål ved om kommunen har tilstrekkeleg legedekning i legevaktordninga, og om det er etablert gode nok rutinar for vurdering og oppfølging av pasientar i akutte situasjonar. Når pasientar og pårørande vert møtt med mistillit, avvising og manglande hjelp, svekkar det tilliten til heile helsesystemet. Det er også verdt å merke seg at kommunelegen i Kvinnherad stiller seg bak uroa som denne saka reiser, og har peika på at det er naudsynt med auka bemanning både på legevakt og ambulansebåt for å sikre forsvarleg beredskap. Dette understrekar at utfordringane ikkje berre er opplevde av enkeltpersonar, men er fagleg funderte og krev handling frå kommunen si side. Saka viser òg at det er behov for betre samhandling mellom kommune og helseføretak, og for å sikre at pasientinformasjon vert dokumentert og overført på ein forsvarleg måte. Manglande epikriser og journalføring, som også kjem fram i saka, er i strid med Pasientjournallova § 8, og kan få alvorlege konsekvensar for vidare behandling. Kommunen må sikre at pasientinformasjon vert handtert forsvarleg i alle ledd. På bakgrunn av dette ønskjer eg å stille følgjande spørsmål til ordførar:
1. Kva vurdering gjer ordførar av dei påviste systemsvikta som kjem fram i saka?
2. I kva grad meiner ordførar at kommunen i dag oppfyller krava til forsvarleg helseberedskap i tråd med Helse- og omsorgstenestelova og akuttmedisinforskrifta?
3. Har kommunen gjennomført ei evaluering av legevaktordninga og ambulansebåtberedskapen etter denne hendinga?
4. Kva krav stiller kommunen i dag til bemanning, bakvakt og responstid i kontraktar for ambulansebåt og legevakt?
5. Vil ordførar ta initiativ til å gjennomgå og eventuelt reforhandle avtalane for å sikre betre tryggleik og beredskap?
6. Kva tiltak vil kommunen setje i verk for å betre samhandlinga med helseføretaket og sikre forsvarleg dokumentasjon og pasientoppfølging? SVAR PÅ SPØRSMÅL STILT I INTERPELLASJON FRÅ JULIE HOLMEDAL ASKELAND, SP:
Innleiingsvis vil ein gjera merksam på at ein går ikkje inn i alle premissane som interpellanten si innleiing legg til grunn. Kommuneoverlege og sektoren har vore med på å svare ut spørsmåla, og svara reflekterer kommunen sitt syn og arbeid med saka. 1.Kva vurdering gjer ordførar av dei påviste systemsvikta som kjem fram i saka? Først og fremst er dette ei svært alvorleg enkelthending, meir enn generell systemsvikt. Både dårleg kommunikasjon, svikt i vurdering av alvorsgrad og aukande utfordring med kviletid på ambulansebåten er faktorar som spelar inn på korleis handlingsforløpet diverre vart i denne saka. Kommunen ser alvorleg på saka, og arbeider med konkrete tiltak for redusera risikoen for slike hendingar. 2 I kva grad meiner ordførar at kommunen i dag oppfyller krava til forsvarleg helseberedskap i tråd med Helse- og omsorgstenestelova og akuttmedisinforskrifta? Kvinnherad kommune oppfyller krava til forsvarleg helseberedskap i tråd med helse- og omsorgstenestelova og akuttmedisinforskrifta, men kapasiteten på ambulansebåten kan vere utfordrande. Bruken av båten har auka, noko som igjen utfordrar kviletida til dei tilsette om bord. Ved krav om kviletid er det berre raude transportar, dei som må direkte til sjukehus utan hinder, som blir utført. Det som blir vurdert som grøne og gule turar må enten vente eller ta ferja. Gradering av alvorsgrad er i hovudsak ei legeoppgåve og blir gjort ut frå tilstanden til pasient, samt at AMK nyttar medisinsk indeks i kommunikasjonen mellom alarmsentral og lege. Denne vurderinga er ofte svært krevjande og må gjerast med omhug, då ein potensielt aktiverer eit stort apparat og samtidig fjernar svært viktige ressursar (både ambulansebåt og ambulansepersonell) frå kommunen. Kviletidskrava skal ivareta viktige omsyn for dei tilsette, og det er vanskelege heilskapsvurderingar som lege og AMK skal gjera i slike situasjonar. Det er avtalt møte mellom leiinga i Helse Fonna og kommunedirektør i morgon fredag 28. november, der kommunen vil ta opp problemstillingar kring ambulansebåten.
3. Har kommunen gjennomført ei evaluering av legevaktordninga og ambulansebåtberedskapen etter denne hendinga? Kommunen har starta ei intern evaluering i samarbeid med kommunelegen og relevante aktørar. Kommunen har 24/7 legebemanning, men det er ikkje alltid sjukepleiar fysisk til stades ved legevakta. Då blir legevakttelefon (116 117) betjent av Sunnhordland Interkommunale Legevakt (SIL). Dette kan føre til forseinkingar i vurdering og oppfølging av pasientar, og legg eit større ansvar på lege som er på vakt, som ofte må rykke ut utan støttepersonell. Sjukepleiar ved SIL har i utgangspunktet heller ikkje same kjennskap til lokale forhold og geografi som våre eigne sjukepleiarar. Ambulansebåten er ein kritisk ressurs i deler av kommunen der geografien gjer det vanskeleg med rask tilgang til bilambulanse, spesielt med tanke på transport av pasientar til sjukehus. Gjeldande ordning i Helse Fonna inneheld ordningar for kviletid som i praksis kan føre til at båten ikkje er operativ for grøne og gule turar, noko som kan bidra til å svekke beredskapen for slike turar. I akutte situasjonar skal ambulansebåten vera operativ, uavhengig av kviletid. Det er avdekt at telefonar frå visse delar av kommunen vert ruta til legevaktstelefonen i Haugesund, noko som kan føre til at operatørar ikkje har tilstrekkeleg lokalkunnskap. Kvinnherad kommune skal i denne samanheng kartlegge nøyaktige område og årsaker, og halde dialogen med involverte partar kring dette for å finne løysingar. For å betre pasienttryggleik, redusere responstid og sikre betre støtte til lege og AMK i akutte situasjonar, kjem Kvinnherad kommune til å vurdere organisatoriske og økonomiske konsekvensar av å ha sjukepleiar fysisk til stades lokalt 24/7.
4. Kva krav stiller kommunen i dag til bemanning, bakvakt og responstid i kontraktar for ambulansebåt og legevakt? Kommunen har, slik nemnd ovanfor, 24/7 legebemanning, men det er ikkje alltid sjukepleiar fysisk til stades ved legevakta. Vaktlegar utan vaktkompetanse (40 vakter/1 år som allmennlege) har alltid bakvakt med vaktkompetanse som kan rykke ut ved behov. Dei fleste legane i Kvinnherad har vaktkompetanse. Belastninga for vaktlege er for det mest handterbar, og ein har per no 15 legar i vaktrotasjonen. Talet pasientar som oppsøker legevakta varierer veldig, og særleg helgane kan vere travle, men pågangen er for det meste handterbar. Ved særs stor tilstrøyming av pasientar kan kommuneoverlege kontaktast, som igjen undersøker med øvrige vaktlegar og får aktivert ein vaktelge nr. 2. I tilfelle kor vaktlege har bakvakt, kan bakvakta rykke ut å hjelpe. Ved store ulukker eller kriser har legevakta ein eigen plan for utkalling av helsepersonell. Ambulansebåten er tilgjengelig 24/7 for raud respons, uavhengig av kviletid. I henhold til akuttmedisinforskrifta § 13 skal legevaktsentralen innrette systemet for mottak av telefo nhenvendelsar slik at 80 prosent av alle henvendelsar normalt kan besvarast innan to minutt. I Kvinnherad kommune er 86 prosent av telefonane til Kvinnherad legevaktsentral i 2025 besvart innan 2 minutt. Dei same tala for 2024 var 84 prosent.
5. Vil ordførar ta initiativ til å gjennomgå og eventuelt reforhandle avtalane for å sikre betre tryggleik og beredskap? Det er Helse Fonna som har ansvaret for dette tilbodet og samarbeidet mellom kommunen og helseføretaket om den akuttmedisinske kjeda, slik beskrive i Tenesteavtale 11 - Samarbeid om omforeina beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda. Kvinnherad kommune skal i samband med den pågåande evalueringa vurdere å reforhandle samarbeidsavtalen med SIL. Det kan også vere aktuelt å ha lokal sjukepleiar til stades på legevakta heile døgnet. Vidare vil kommunen overfor Helse Fonna spele inn kommunen sitt syn på behovet for auka bemanning på ambulansebåten, for å oppnå betre tilgang til sjuketransport til sjøs utanom såkalla raude turar.
6. Kva tiltak vil kommunen setje i verk for å betre samhandlinga med helseføretaket og sikre forsvarleg dokumentasjon og pasientoppfølging? Som nemnt i punkta ovanfor vurderer ein beredskapen i Kvinnherad generelt sett som god. Kommunen har periodiske møter med Helse Fonna, og vil ta opp ovannemnde problemstillingar og forbedringspunkt, mellom anna problemstilling knytt til bemanning av ambulansebåt. Samhandlinga mellom Helse Fonna og Kvinnherad, både ved innleggingar i sjukehus og ambulansetransport, fungerer godt til dagleg. Både ambulansepersonell, vaktlege, og sjukepleiar på legevakt/SIL fører journal. Frå AMK og legevakt har vi også tilgang på lydlogg, noko som kan vere viktig i arbeidet med forbetring og ved undersøkingar knytt til klage, uønska hendingar med vidare.
Frå Øyvind Hardeland, Ap:
SIM Husnes. Er i kontakt med næringsaktørar innanfor byggenæringa ,som opplyser at ved leveringa av trevirke- avfall så stiller nå SIM nye krav til slike leveransar frå nyttår. Tidlegare har denne type leveransar fungert slik at ein har levert med lastebil med kran , eller container direkte på plata ( plassen) Kort sagt praktisk og effektiv løysing. Frå nyttår lyt næringsaktørar stilla seg opp , lessa av med hand og sortera i forskjellige containerar slik som private , eller transportera direkte til SIM på Stord. Der slepp ein sortering. Detta har eg fått bekrefta av dagleg leiar i SIM. Det vil resultera i ein stor ekstra kostnad ,tidsbruk og negativt for miljø. Synest detta er urettferdig overfor våre næringsaktørar i Kvinnherad. Kvinnherad er tross alt fullverdig medeigar i selskapet. Kan ordføraren ta tak i denne utfordringa og finna ei løysing for næringsaktørane ? Ordførar svarar:
Ordførar er samd med interpellanten i at tilbodet for handtering av næringsavfall i Kvinnherad kommune i dag ikkje held mål. I denne samanhengen synest eg det er på sin plass å rosa Hardeland for ei framsynt haldning den gongen spørsmålet om sal av SIM Næring vart handsama. Ordførar har den seinare tida engasjert seg i denne problemstillinga, og eg veit administrasjonenen ved tildligare høve og føre dette kommunestyret tiltredde, har halde fleire møte og drøftingar om emnet. Mellom anna har det vore diskutert konkrete løysingar i samarbeid mellom private aktørar og kommunen. Så langt har desse ikkje materialisert seg i ei løysing, men det finst fleire alternativ. Prinsipielt meiner ordførarer likevel at dette er ei oppgåve som SIM i utgangspunktet bør løysa i tråd med kommunen sine forventningar. Som det vert påpeika i interpellasjonen, er Kvinnherad kommune eigar av selskapet på lik linje med andre kommunar i regionen, og må sjølvsagt forventa både like og konkurransedyktige vilkår som i andre eigarkommunar. Ordførar ønskjer å følgja opp denne saka vidare. I lys av at kommunen er eigar i SIM, vil ein i første runde ta dette opp med selskapet direkte. Først med eit dialogmøte der kommunen sitt eige styremedlem og medlemma i representantskapet i selskapet også vert beden om å møta, og vidare i representantskapet, der ordføraren møter for å utøva eigarskapen i selskapet. Eg ønskjer å halda kommunestyret orientert om dette i det vidare. Det kan henda at det blir naudsynt med ei politisk bestilling etter kvart, men i første runde vil ordførar som nemnd gjennomføra eit innleiande møte, som deretter vil bli orientert om til kommunestyret. Eg håpar interpellanten kan slutta seg til denne framgangsmåten, og som nemd er ordførar heilt samd i at problemet no må få ei løysing som alle kan leva med.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.