Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Høyringsfråsegn - framtidig tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste

Sak 114/2025 · Kommunestyret 27. november 2025 · Behandlet

Vedtak

Det vert vedteke at saksframlegget er Kvinnherad kommune sitt høyringssvar om framtidig tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste. Kvinnherad kommune vedtek følgjande tilleggspunkt til høyringsuttalen, gjeldande forslag om nedlegging av tannklinikk i Rosendal:

1. Reisetid: Rapporten peiker på at reisetida for innbyggjarane er «akseptabel» dersom denne er under 1 time. Ved nedlegging av tannklinikk i Rosendal, vil reisetida for innbyggjarar frå til dømes Varaldsøy, Åkra og Gjetingsdalen overstige éin time kvar veg. Dette er langt over det som er akseptabelt i andre helsetenester.

2. Ekstra belastning for familiar og skuleungdom: Ei nedlegging av tannhelsetenesta i Rosendal, med flytting av pasientar til Husnes, vil krevje at skulebarn må ta fri frå skulen i nærare ein halv dag for å få behandling. Dette legg ein urimeleg økonomisk og miljømessig belastning på familiar, ettersom foreldre må ta fri frå jobb for å køyre borna. Den samfunnsøkonomiske kostnaden og belastninga på foreldre/foresatte er ikkje vurdert.

3. Pasienttryggleik for sårbare grupper: Lengre reiseveg vil føre til at tenesta vert meir utilgjengelig for eldre, sjuke og personar med nedsett funksjonsevne. Rosendalstunet er ein av dei største institusjonane i Kvinnherad, og det vil vera ei stor meirbelastning for pasientar på institusjonen å måtte gjennomføre lange reiser til og frå klinikk. I tillegg vil dette i stor grad krevje oppfølging frå helsepersonell på klinikken, noko som vil redusera tida dette personellet vil ha til andre oppgåver ved institusjonen og utfordre ein allereie krevjande bemanningssituasjon.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 27.11.2025:

Levekårsutvalet si innstilling: Det vert vedteke at saksframlegget er Kvinnherad kommune sitt høyringssvar om framtidig tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste. Nytt framsett forslag frå Johansen, Ap og Thorsen, Sp:

Kvinnherad kommune vedtek følgjande tilleggspunkt til høyringsuttalen, gjeldande forslag om nedlegging av tannklinikk i Rosendal:

1. Reisetid: Rapporten peiker på at reisetida for innbyggjarane er «akseptabel» dersom denne er under 1 time. Ved nedlegging av tannklinikk i Rosendal, vil reisetida for innbyggjarar frå til dømes Varaldsøy, Åkra og Gjetingsdalen overstige éin time kvar veg. Dette er langt over det som er akseptabelt i andre helsetenester.

2. Ekstra belastning for familiar og skuleungdom: Ei nedlegging av tannhelsetenesta i Rosendal, med flytting av pasientar til Husnes, vil krevje at skulebarn må ta fri frå skulen i nærare ein halv dag for å få behandling. Dette legg ein urimeleg økonomisk og miljømessig belastning på familiar, ettersom foreldre må ta fri frå jobb for å køyre borna. Den samfunnsøkonomiske kostnaden og belastninga på foreldre/foresatte er ikkje vurdert.

3. Pasienttryggleik for sårbare grupper: Lengre reiseveg vil føre til at tenesta vert meir utilgjengelig for eldre, sjuke og personar med nedsett funksjonsevne. Rosendalstunet er ein av dei største institusjonane i Kvinnherad, og det vil vera ei stor meirbelastning for pasientar på institusjonen å måtte gjennomføre lange reiser til og frå klinikk. I tillegg vil dette i stor grad krevje oppfølging frå helsepersonell på klinikken, noko som vil redusera tida dette personellet vil ha til andre oppgåver ved institusjonen og utfordre ein allereie krevjande bemanningssituasjon. RØYSTING:

Innstilling frå Levekårsutvalet og nytt framsett forslag om tilleggspunkt vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.