Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Bustadutvikling 2025-2028 - Retningsliner for tildeling og bruk av stimuleringsmidlar

Sak 86/2025 · Kommunestyret 18. september 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Kvinnherad kommune skal ha ei aktiv rolle i tilrettelegging og oppretting av kommunale bustadfelt. Bustadfelta skal utarbeidast med utgangspunkt i relevante strategiar og føringar i samfunnsdelen til kommuneplanen. Desse er mellom anna:

• Konsentrert bustadbygging bør ha gangavstand til næraste tettstad eller knutepunkt. I bygdene elles skal spreidd bustadbygging vere eit tilbod.

• Det må leggast til rette for samarbeid mellom kommunen og lokalt næringsliv for å kunne tilby nok og tenlege bustader med høg kvalitet i bygdesentera. Kommunedirektøren skal utarbeida ein strategi med tilhøyrande retningsliner for etablering av kommunale byggefelt. Strategien skal leggast fram som eiga sak til Kommunestyret hausten 2025. Det ver løyvt 5 millionar kroner til utvikling av kommunale bustadfelt for 2025.

2. Kvinnherad kommune skal samstundes stimulera til utvikling av private bustadfelt via kommunale stimuleringsmidlar.

• For løyving av midlar til private bustadfelt vert vedlagte «Retningslinjer for tildeling av kommunale stimmuleringsmidlar for private bustadfelt», vedteke.

• Det skal gjennomførast éin søknads- og tildelingsrunde i 2025 med søknadsfrist 31. oktober.

• Ordninga skal evaluerast i løpet av våren 2026. Evaluering av ordninga skal leggast fram for Kommunestyret som referert skriv. Det vert løyvt 5 millionar kroner til stimuleringsmidlar for utvikling av private bustadfelt for 2025.

3. Fordeling av midlar mellom utvikling av kommunale bustadfelt og løyving til stimuleringsmidlar til utvikling av private bustadfelt for 2026 skal bestemmast i samband med budsjettvedtak.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 18.09.2025:

Nytt framsett forslag til vedtak frå Svein Åge Vangdal (Sp) og Wermund Vetrhus (Sv):

1. Endringsforslag til retningslinjer for bustadstimulering. Punkt 1: Søknadar som omhandlar bustadprosjekt med fleire einingar med gangavstand tilnæraste tettstad eller knutepunkt, der kommunale midlar har èin utløysande effekt. Punkt 2: Søknadar som omhandlar prosjekt i bygder med mangel på byggeklare tomter. Punkt 3: Prosjekt som rettar seg mot førstegangskjøparar og eldre. Opprinnelege punkt 3-6 vert nye punkt 4-7. Søknadane vert handsama av kommunedirektøren. Som legg fram eige sak for formannskapet som gjer endeleg vedtak. Nytt framsett forslag til vedtak frå Per Harald H.L.Johansen, Ap:

1. Kvinnherad kommune skal ha ei aktiv rolle i tilrettelegging og oppretting av kommunale bustadfelt. Bustadfelta skal utarbeidast med utgangspunkt i relevante strategiar og føringar i samfunnsdelen til kommuneplanen. Desse er mellom anna:

• Konsentrert bustadbygging bør ha gangavstand til næraste tettstad eller knutepunkt. I bygdene elles skal spreidd bustadbygging vere eit tilbod.

• Det må leggast til rette for samarbeid mellom kommunen og lokalt næringsliv for å kunne tilby nok og tenlege bustader med høg kvalitet i bygdesentera.

Kommunedirektøren skal utarbeida ein strategi med tilhøyrande retningsliner for etablering av kommunale byggefelt. Strategien skal leggast fram som eiga sak til Kommunestyret hausten 2025.

Det ver løyvt 5 millionar kroner til utvikling av kommunale bustadfelt for 2025.

2. Kvinnherad kommune skal samstundes stimulera til utvikling av private bustadfelt via kommunale stimuleringsmidlar.

• For løyving av midlar til private bustadfelt vert vedlagte «Retningslinjer for tildeling av kommunale stimmuleringsmidlar for private bustadfelt», vedteke.

• Det skal gjennomførast éin søknads- og tildelingsrunde i 2025 med søknadsfrist 31. oktober.

• Ordninga skal evaluerast i løpet av våren 2026. Evaluering av ordninga skal leggast fram for Kommunestyret som referert skriv. Det vert løyvt 5 millionar kroner til stimuleringsmidlar for utvikling av private bustadfelt for 2025.

3. Fordeling av midlar mellom utvikling av kommunale bustadfelt og løyving til stimuleringsmidlar til utvikling av private bustadfelt for 2026 skal bestemmast i samband med budsjettvedtak.

RØYSTING:

Vangdal og Vetrhus sitt framsette forslag fall med 18 mot 17 røyster. Dei som røysta for var:

Helleland, Jakobsen, Rødland, Eide og Myklebust (alle INP), Kristensen (H), Tveit (AP), Hesjedal, Andresen, Askeland, Vangdal, Thorsen (alle Sp), Tofte, Olsen og Vetrhus (alle SV), Langeland og Nesheim (alle Krf).

Havnen Løfgren Johansen sitt framsette forslag vart vedteke med 22 mot 13 røyster. Dei som røysta for var: Flatland, Kristensen, Helvik, Tufta, Kroka, Skår, Tofte, Hatteberg og Bjørnevik (alle H), Tveit, Lindseth, Johansen, Solbakken, Vaage og Hardeland (alle AP), Lemicka, Svindland og Lakselv (Frp), Olsen (SV), Langeland og Nesheim (Krf) og Skogseth (V).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.