Kommunene · Kvinnherad · Saker
Dispensasjon frå arealføremål LNF - Blåfalli Fjellhaugen kraftverk - 104/1
Vedtak
Kvinnherad kommunestyre gjev dispensasjon frå arealføremåla LNFR, Bruk og vern av sjø og vassdrag samt omsynssone H740_2 i Kommuneplan for Kvinnherad 2018 for fem anleggsområde som omsøkt. Planlagte og søknadspliktige tiltak i samsvar med dispensasjonssøknad 16.06.2025 kan difor omsøkast og handsamast i samsvar med PBL kap 20 og tilhøyrande føresegner. Løyvet er heimla i pbl § 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. Fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vilkår:
1.Arbeid vert føresett utført i tråd med Detaljplan for miljø og landskap som vert vedteke av NVE. 2.Informasjon til ålmenta og rørde partar vert sikra i anleggsperioden, slik at aktivitetane i friluftsområdet vert minst mogeleg påverka.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 18.09.2025:
Kvinnherad kommunestyre gjev dispensasjon frå arealføremål LNF, Bruk og vern av sjø og vassdrag, samt omsynssone H720_2 kulturminne i kommuneplanen for Kvinnherad 2018 for fem anleggsområde, med følgande endringar:
• Det blir ikkje gitt dispensasjon for etablering av nye deponi i Gaddaneskleivo og ved Staffivatn.
• Mindre deponi skal leggjast under vassflata der dei ikkje skal nyttast til riggområde.
• Minstevassføring i bekkar og elvar skal aukast slik at ein tar i vare livet som er avhengig av rennande vatn, og det skal vera minstevassføring heile perioden det er rennande vatn.
Nytt framsett forslag frå W.Vetrhus (SV) vart sett opp mot kommunedirektøren si innstilling. Vetrhus sitt forslag fekk 5 røyster (Tveit,Ap - Tofte, Olsen og Vetrhus, SV - Saghaug, Mdg) og fall. Kommunedirektøren si innstilling fekk 30 røyster og vart vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.