Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

2097 - Helsehus Husnes - Utbygging/Totalentreprisekontrakt

Sak 80/2025 · Kommunestyret 18. september 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunedirektør får fullmakt til å inngå totalentreprisekontrakt med Engelsen Bygg AS for bygging av helsehus på Husnes. Det vert teke atterhald om signerte leigekontraktar med begge leigetakarane før totalentreprisekontrakten vert signert.

2. Investeringsramma for helsehuset på Husnes vert auka til 192.100.000 kroner.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 18.09.2025:

Utsetjingsforslag frå Jostein Rødland, Inp:

INP vil utsette saka om Helsehus. Grunnen er at utvalget som vart satt ned for å sjå på helse og eldreomsorga held på å sjå på kva løysingar kommunen er tent med, der samlokalisering er eit av punkta.Det er viktig at me får tid til å vurdere denne rapporten, videre er det kome fram at Hele Fonna ikkje treng endring av lokale.

Røysting: Forslaget fall med 11 mot 34 røyster. (Helleland, Jakobsen, Rødland, Eide og Myklebust

(INP), Kristensen (H), Hesjedal. Andresen, Askeland, Vangdal og T. Thorsen (SP) røysta for.) Nytt framsett forslag til vedtak frå Askeland, Thorsen (SP) og Rødland (Inp):

Bygginga av helsehuset på Husnes vert stogga på noverande tidspunkt. Administrasjonen skal straks utreda og iverksetja naudsynte oppgraderingar på lege- og helsesenter. Kvinnherad kommune bør jobbe for heilskaplege helse- og omsorgstenester. Me skal vera ein attraktiv kommune i høve rekruttering i alle tenester, og for innbyggjarane i kommunen vår. Røysting: 11 røysta for og forslaget fall. (Helleland, Jakobsen, Rødland, Eide og Myklebust (INP), Kristensen (H), Hesjedal. Andresen, Askeland, Vangdal og T. Thorsen (SP). Tilleggsforslag frå Ove Lemicka, Frp:

Nytt pkt. 3. Helsehuset skal i samsvar med gjeldande reguleringsplan ha 150 - 160 parkeringsplassar. Kravet til parkering skal ivaretakast ved bygginga av det nye bygget. Røysting over till.forsl.: fekk 8 røyster og fall. Helleland, Jakobsen, Eide og Myklebust (INP), Lemicka, Svindland og Lakselv (Frp) og Saghaug (MDG) røysta for. Innstillinga frå kommunedirektøren :

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.