Kommunene · Kvinnherad · Saker
Interpellasjon
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 22.05.2025:
Frå Mari V. Teigen, SV:
Interpellasjon frå vararepr. M.T. Varanes (SV):
Dei fleste hugsar «plastkvalen» på Sotra; kvalen som hadde magen full av plast. Den gjorde oss merksame på at plastforsøpling i havet har blitt eitt av dei verkeleg store miljøproblema. I Oslo kan ein nå sjå kommelokk i gatene med tittelen «Havner det på bakken – havner det i havet» - ei god påminning om kva som skjer med plasten når den kjem på avveie. Plast i havet går utover både dyreliv og oss sjølve. Viss me ikkje endrar måten me produserer, forbrukar og handterer plast på, vil det i 2050 vere meir plast enn fisk i havet. Dei største kjeldene til mikroplastforureining er granulat frå kunstgrasbanar, slitasje av bildekk, måling og vedlikehald av båtar, bygg og vegar, vask av tekstilar laga av plast og plastavfall kasta i naturen. Det er difor svært positivt at Kvinnherad nå har to kunstgrasbanar med miljøvenleg innfyll, at «Rein Hardangerfjord» for fjerde året på rad vil arrangere strandrydding her, og at kommunen har vore ein viktig bidragsytar for å få rydda plast i elvar og på villfyllingar. Plast er også nemnt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Der står det at «Kvinnherad kommune vil motivere til gjenvinning, og minimere bruken av plast.» Kommunen seier samtidig at dette får lite gjennomslag i handlingsdelen. Kommunen er ein viktig aktør når det gjeld plastutfordringar; som innkjøpar og forbrukar, som forureinigsmynde, som ansvarleg for avløps- og avfallshandteringa og for drift og vedlikehald av vegar, bygg og avløp. Kommunen er difor også ein viktig del av løysinga på plastproblemet. Voss er ein av fleire kommunar som har vedteke ein eigen plaststrategi, der konkrete tiltak blir sett i verk for å minske plastproblemet2. Andre kommunar, som Bergen, har valt å knyte seg til WWF sitt initiativ om å bli ein «Plastsmart kommune»3. I begge tilfelle er målet konkrete tiltak for å redusere plastproblemet. Døme på tiltak kan vere:
- Rehabilitere kunstgrasbanar utan bruk av gummigranulat
- Fange opp plastpartiklar før avløpsvatnet vert sleppt ut i fjorden
- Å kutte unødvendig bruk av plast i kommunen sine bedrifter
- Bygge leikeplassar i barnehagar og parkar med organisk materiale, utan plast/ gummidekke
- Unngå tekstilar til uniformar/arbeidsklede som er basert på plast (til dømes polyester)
- Unngå plastforsøpling
- Vere aktiv i nettverk og fora som bidreg til konkret opprydding av plast på avvegar
- Satse på kunnskapsheving, kunnskapsdeling og haldningsarbeid om plastutfordringane. 1 Hva gjør din kommune med plast? - Hordaland 2 Plaststrategi - Voss herad 3 Plastsmarte byer og kommuner i Norge - WWF Målet er ikkje å slutte med plast. Målet er å bruke mindre plast, og hindre at den hamnar på feil stad. Plast er eit problem for havet – og då også eit problem for oss. Vil ordføraren ta initiativ til at Kvinnherad kommune gjer vedtak om å utarbeide ein plaststrategi, slik at dette viktige samfunnsansvaret, formulert i kommuneplanen, i større grad kan utøvast i praksis? Ordførar svara:
Kvinnherad kommune arbeider no med å få lagt fram planstrategien. Denne var oppe i formannskapet den 6. februar, og blei då sendt vidare til PTM-utvalet. PTM valde å senda saka attende til administrasjonen, med ei bestilling om å forenkla og prioritera tydelegare i planstrategien. I det opphavelege utkastet frå administrasjonen var det mellom anna føreslått å ta med ein plaststrategi. Beskjeden eg har fått frå administrasjonen er at strategien er i rute til å komme opp i PTM-utvalet den 10. juni, og forhåpentlegvis vidare til kommunestyret den 19. juni. Det er då kommunestyret som tek den endelege avgjerda om kva planar som skal prioriterast inn i strategien.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.