Kommunene · Kvinnherad · Saker
Behandling klage - Detaljregulering for Fjelbergsambandet - Grethe og Olav Svalland
Vedtak
Kommunestyret i Kvinnherad tek ikkje klagen til følgje og opprettheld sitt vedtak av 10.04.2025 som fylgjer:
Kommunestyret i Kvinnherad kommune godkjenner forslag til detaljregulering for delar av 208, 209, 210, 216, 217 og 224 - Fjelbergsambandet, med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 12-12. Vestland fylkeskommune trekker motsegn angåande kulturminne på vilkår av endring av plankartet på eit punkt. Motsegn knytt til geologiske vurderingar er trekt på vilkår av at rapporteringa oppfyller krava i handbok n200. Vedtak blir gjort på vilkår av at fylket godkjenner innlevert dokumentasjon før kunngjering. Om det krevst mindre justeringar som ikkje har innverknad på planens innhald har administrasjonen fullmakt til å gjera desse. Rettshavarar og naboar skal underrettast i samsvar med reglane, og planen skal kunngjerast i lokalpressa og i kommunen sine elektroniske medium. Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.06.2025:
Inhabile: Silvia Tofte (H) er nyleg ute av styret og Ove Lemicka (Frp) er i styret i Fjelbergsambandet. - dei vart begge erklært inhabile - 33 repr. under røysting. Innstillinga frå Plan, teknikk og miljøutvalet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.