Kommunene · Kvinnherad · Saker
Hovedplan for kommunale vegar i Kvinnherad 2025 - 2031
Vedtak
1.Kommunestyret viser til saksframstilling og vedtek «Hovudplan for kommunale vegar» med vedlegg. 2.Kommunestyret bed Kommunedirektør komme tilbake med ein sak om kva vegar som kan omklassifiserast i tråd med forslag til regelverk som ligg ved her.
3.Det vert lagt inn ein 12-månads handlingsplan for vedlikehald og investeringar knytt til kommunale vegar, med politisk behandling til PTM to gonger i året – vår og haust. Handlingsplanen skal oppdaterast jamleg og innehalde:
· Prioritert liste over vedlikehalds- og investeringstiltak
· Estimert kostnadsbilete og finansieringsplan
· Framdriftsplan for gjennomføring
· Vurderingar knytt til trafikksikkerheit, klima og miljø
· Grunnlag for søknader om tilskot eller ekstern finansiering
Vårbehandlinga skal ta utgangspunkt i status for pågåande arbeid og prioriteringar for sommarsesongen. Haustbehandlinga skal leggast til grunn for kommande budsjett og økonomiplan og vintersesong.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 22.05.2025:
Nytt framsett forslag frå Ove Lemicka, Frp:
Alternativ til pkt 2 Kommunestyret ønskjer ikkje ei større omklassifisering av kommunale- til private vegar. Kommunedirektør vert likevel beden om å koma attende med ei sak om aktuelle krysningspunkt eller mindre tiltak som kan vera naturleg å få endra status etter dialog med oppsittjarane. Nytt framsett forslag frå Gunn Marit Vestvik Flatland, H:
Nytt punkt 3:
Det vert lagt inn ein 12-månads handlingsplan for vedlikehald og investeringar knytt til kommunale vegar, med politisk behandling til PTM to gonger i året – vår og haust. Handlingsplanen skal oppdaterast jamleg og innehalde:
· Prioritert liste over vedlikehalds- og investeringstiltak
· Estimert kostnadsbilete og finansieringsplan
· Framdriftsplan for gjennomføring
· Vurderingar knytt til trafikksikkerheit, klima og miljø
· Grunnlag for søknader om tilskot eller ekstern finansiering
Vårbehandlinga skal ta utgangspunkt i status for pågåande arbeid og prioriteringar for sommarsesongen. Haustbehandlinga skal leggast til grunn for kommande budsjett og økonomiplan og vintersesong. Grunngjeving:
Ein årleg handlingsplan vil sikre betre oversikt, meir føreseieleg prioriteringar og moglegheit for å justere tiltak undervegs i dialog med politisk nivå. Med to faste politiske behandlingar årleg får ein betre kontroll med utviklinga i vedlikehaldsetterslep og kostnader, samtidig som det gir betre grunnlag for budsjettvedtak og offentlege søknadsprosessar RØYSTING:
Punktvis avrøysting:
1. Innstilling frå ptm-utvalet - samrøystes vedteken
2. Nytt framsett forslag frå repr.Lemicka (Frp) vart sett opp mot PTM-utv. si innstilling - Lemicka sitt forslag fekk 7 røyster og fall. (Frp, SV og Tangerås H) -
3. Nytt framsett forslag frå repr.Flatland (H) -nytt punkt 3 - fekk 32 røyster og vart vedteke (3 røysta mot - SV)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.