Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Driftstilskot til privateigde idrettshallar i Kvinnherad kommune

Sak 34/2025 · Kommunestyret 10. april 2025 · Behandlet

Vedtak

1.Kvinnherad kommune gjev Uskedal aktivitetshus AS og Strand-ulv hallen AS eit eingongstilskot for styrking av likviditeten på kr 250 000.- kvar i 2025. 2.Løyvinga vert belasta kommunen sitt driftsbudsjett. I samband med omorganisering og vakant stilling innafor kulturadministrasjon vert unytta lønnsmidlar disponert einskild for denne løyvinga. 3.Uskedal aktivitetshus AS og Strand-Ulv hallen AS tener som både gymsal i skuletida, idrettshall og samfunnshus. Det vert tilrådd å verdisette denne møtestadfunksjonen ved utmåling av tilskot til kultur og folkehelse frå Kvinnherad kommune.

4. Det vert sett vilkår om at ungdom under 19 år som er medlem i lag eller organisasjonar skal ha gratis hall-leige ved organisert aktivitet i idrettshallen i Strand-Ulv-hallen og idrettshallen i Uskedalen aktivitetshus, dei åra det vert løyvt kommunale tilskotsmidlar.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 10.04.2025:

Inhabil: Svein Åge Vangdal meldte inhabil - styremedlem i Strand-Ulv. Permisjon: Inger- Elin Nesheim - søkt permisjon frå dette tidspunkt. - 31 medl. under røysting Framsett forslag frå Per Harald H.L. Johansen, Ap:

Endring pkt.4:

Det vert sett vilkår om at ungdom under 19 år som er medlem i lag eller organisasjonar skal ha gratis halleige ved organisert aktivitet i idrettshallen i Strand-Ulv-hallen og idrettshallen i Uskedal aktivitetshus, dei åra det vert løyvt kommunale tilskotsmidlar. Røysting:

Innstillinga frå formannskapet : samrøystes vedteke Nytt framsett forslag frå Per Harald H.L. Johansen, Ap: samrøystes vedteke

Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.