Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Kvinnherad · Saker

Inn på tunet - velferdstenester i Kvinnherad

Sak 44/2025 · Kommunestyret 22. mai 2025 · Behandlet

Vedtak

"Inn på tunet" er eit viktig tiltak for å fremje folkehelse, sosial inkludering, arbeidstrening og støtte til landbruket. Kommunestyret ber kommunedirektør i samband med framlegg av kommunedirektørens budsjett gjere greie for:

• Rettningslinjer for inn på tunet tenester

• Kartlegging av målgrupper

• Behovet for brukargrupper plassar – Identifisering av behov. Kostnad for dette.

• Gjennomføre ei kartlegging i dei ulike sektorane av behov for "Inn på tunet"-tilbod.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret si behandling i møte den 22.05.2025:

Nytt framsett forslag frå repr. Thorkildsen Thorsen (Sp) og Nordtveit Olsen (Sv):

"Inn på tunet" er eit viktig tiltak for å fremje folkehelse, sosial inkludering, arbeidstrening og støtte til landbruket. Kommunestyret ber kommunedirektør i samband med framlegg av kommunedirektørens budsjett gjere greie for:

• Rettningslinjer for inn på tunet tenester

• Kartlegging av målgrupper

• Behovet for brukargrupper plassar – Identifisering av behov. Kostnad for dette.

• Gjennomføre ei kartlegging i dei ulike sektorane av behov for "Inn på tunet"-tilbod. Røysting: 26 røysta for - 9 mot (Kristensen, Tangerås, Tufta, Skår, Bjørnevik (alle H), Hauge og Lemicka (Frp), Langeland og Nesheim (Krf). - og nytt framsett forslag vart vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.