Kommunene · Kvinnherad · Saker
Vidareføring av heildagsskulen ved Hatlestrand barne- og ungdomsskule
Vedtak
1.Kommunestyret tar evaluering av heildagsskulepiloten ved Hatlestrand barne- og ungdomsskule til vitande. 2.Kommunestyret vedtar at
a. Heildagsskulen vert drifta skuleåret 2025-2026, med unntak av ferietilbodet. Ferietilbodet blir omgjort til ordinært skulefritidstilbod og følgjer vedtektene for SFO i Kvinnherad.
b. Endeleg vedtak/vurdering på om tilbod om heildagsskule ved Hatlestrand skule skal innførast permanent frå hausten 2026, blir ein del av økonomi- og budsjettarbeidet for 2026.
c. Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei utgreiing av heildagsskule for alle barneskular i Kvinnherad kommune i løpet av hausten 2025
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 20.03.2025:
1. Kommunestyret tar evaluering av heildagsskulepiloten ved Hatlestrand barne- og ungdomsskule til vitande.
2. «Kommunestyret vedtek: a. Heildagsskulen vert innført permanent frå skuleåret 2025-2026, med unntak av ferietilbudet. Dette vert omgjort til ordinær SFO og følgjer vedtektene for SFO i Kvinnherad. b. Kostnadane vert lagt inn i budsjett/økonomiplan f.o.m 2026»
KrF legg fram følgjande forslag:
1. kommunestyret tek piloten om heildsgsskule på Hatlestrand til vitande.
2. Piloten med heildsgsskule vert ikkje vidareført som eit varig tiltak.
3. Kommunen skal tilby ordinært skulefritidstilbod på Hatlestrand som følgjer vedtektene for SFO i Kvinnherad.
4. Elevar ved Hatlestrand/Ølve får likeverdig tilbod i Kulturskulen med undervisning på Hatlestrand. Framsett av repr. Nordtveit Olsen (Sv) og Per H.H.L Johansen (Ap):
C) Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei utgreiing av heildagsskule for alle barneskular i Kvinnherad kommune i løpet av hausten 2025
Røysting:
Kommunedirektøren si innstilling vart sett opp mot Veronica T Thorsen sitt forslag - 17 røysta for og
17 røysta mot + dbl røysta til ordf. , og V.T. Thorsen sitt forslag vart vedteken. Inger-Elin Nesheim sitt framsette forslag vart sett opp mot V. T. Thorsen sitt forslag - Nesheim sitt forslag fekk 3 røyster og fall (Nesheim, Langeland og Saghaug) Silje Nordtveit Olsen og Per H.H.L Johansen sitt framsette forslag til ekstra punkt i innstillinga - fekk 29 røyster og vart vedteke. (J.D.Landa, Oddmund Skår (H), A.J.Langeland, I.E. Nesheim (Krf) og J.Saghaug (Mdg) røysta mot)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.