Kommunene · Kvinnherad · Saker
Skriftlege innspel frå Kvinnherad kommune til Skyss - Førebuing av nye ferjekontraktar
Vedtak
• Kommunestyret godkjenner vedlagde framlegg til skriftleg innspel til fylkeskommunen og Skyss --- slutt på innstilling ---
• Kommunestyret ber kommunedirektøren leggja fram eiga sak som grunnlag for ei strategisk drøfting av tilnærminga til det framtidige ferjetilbodet i Kvinnherad Nye tillegg for ferjekontraktar:
Eit nattsamband mellom Kvinnherad og Bergen er særs viktig. Sidan dette tilbodet skal tene både heile Kvinnherad og Ullensvang må dette fortsatt ligge i sambandet Årsnes-Gjermundshavn. Når nye kontraktar skal tildelast, må det vera tydelege insentiv for å settje inn reserveferjer tidlegast mogleg. Slik det er no i Kvinnherad, er bøter til ferjeselskapa like, så lenge ein brukar mindre enn 12 timar på å setje inn ny ferje. Det er ønskeleg at bøtene gradvis vert auka i takt med tid det tek for innsetting av reserveferjer, slik at ferjeselskapa har tydeleg insentiv til å settje inn reserveferjer på kort varsel.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 20.03.2025:
Nytt framsett forslag frå Svein Åge Vangdal, Sp:
Eit nattsamband mellom Kvinnherad og Bergen er særs viktig. Sidan dette tilbodet skal tene både heile Kvinnherad og Ullensvang må dette fortsatt ligge i sambandet Årsnes-Gjermundshavn. Nytt tilleggsforslag frå Per Harald H.L Johansen, Ap:
Forslag til tillegg for nye ferjekontraktar:
Når nye kontraktar skal tildelast, må det vera tydelege insentiv for å settje inn reserveferjer tidlegast mogleg. Slik det er no i Kvinnherad, er bøter til ferjeselskapa like, så lenge ein brukar mindre enn 12 timar på å setje inn ny ferje. Det er ønskeleg at bøtene gradvis vert auka i takt med tid det tek for innsetting av reserveferjer, slik at ferjeselskapa har tydeleg insentiv til å settje inn reserveferjer på kort varsel. RØYSTING:
Kommunedirektøren si innstilling - samrøystes for. Framsett forslag frå Svein Åge Vangdal, Sp - samrøystes for Framsett forslag frå Per H.H.L Johansen, Ap - 33 røysta for - 1 mot (Per Svindland, Frp)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.