Kommunene · Kvinnherad · Saker
Godkjenning av innkalling og saksliste
Vedtak
Ettersendte saker 2025/73 og 74 vert ikkje lagt til saklista. Sak 2025/61 vert trekt frå saklista. Spørsmål og svar kjem fyrst i møte.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 19.06.2025:
Gunnar Helleland, Inp: Eg ber om ordet til dagsorden. Vi vil berre få protokollført at innkallinga til dette møtet kom seinare enn fristen i kommunelova § 11-3, som krev minst 7 dagar. Vi ønskjer ikkje å reise protest mot møtet, men ber om at dette vert ført i protokollen. Ordførar ber om at ettersendte saker 2025/73 og 74 vert lag til saklista. Røysting:
2025/73 - Ny lokalisering - Helsestasjon Rosendal - 14 røysta for ( Flatland, Røssland, Tangerås, Helvik, Tufta, Kroka, Skår, Tofte, Bjørnevik (alle H), Lemicka og Hauge Frp), Langeland og Nesheim (Krf), Hardeland (Ap) - 22 røysta mot. Saka vart ikkje lagt til sakslista. 2025/74 - Bustadsutvikling 2025-2028 - Retningsliner for tildeling og bruk av stimuleringsmidlar
- 13 røysta for ( Flatland, Røssland, Tangerås, Helvik, Tufta, Kroka, Skår, Tofte, Bjørnevik (alle H), Lemicka, Svindland(Frp), Langeland og Nesheim (Krf), Vedtak: Ettersendte saker vart ikkje lagt til saklista.
Per Harald H.L.Johansen, Ap: Sak 2025/61 vert trekt frå sakslista. Det er ikkje heimel i pbl §12-11 til at saka vert løfta direkte til kommunestyret, då planforslaget ikkje er i samsvar med kommuneplanen, noko som er ein føresetnad for at saka skal løftast til Komm unestyret på denne måten. Inhabil - Oddbjørn Kroka (H) Røysting: 24 røysta for forslaget frå Johansen - 10 røysta mot (Flatland, Røssland, Tangerås, Helvik, Tufta, Skår, Tofte, Bjørnevik (alle H), Hauge og Lemicka (begge Frp). Vedtak: Saka vert trekt frå saklista.
Wermund Vetrhus, Sv: Spørsmål og svar bør komma opp først i møtet, då det er fleire spørsmål til
saker som er på kartet, spesielt då brannstasjonsaka. Får me gode svar her, kan det tenkast at vi ikkje treng å utsetja denne saka. Røysting: 30 røysta for - 5 mot (Røssland, Tangerås, Helvik Bjørnevik (Ale H) og Vaage (AP) og dette vart vedteke . Vedtak: Spørsmål og svar bør komma opp først i møtet, då det er fleire spørsmål til saker som er på kartet, spesielt då brannstasjonsaka. Får me gode svar her, kan det tenkast at vi ikkje treng å utsetja denne saka.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.