Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 22.05.2025:
Spørsmål frå repr. Bjørn Olav Tveit, Ap:
Underteikna stilte spørsmål i Kommunestyret i november om korleis Kvinnherad kommune etterlever Oppl.lov §17-7. Lova lyder slik:
§ 17-7. Krav om at skolane har tilgang på vikarar Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane har tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær. I svaret i november opplyste kommunen at ein ikkje har system for dette, men at ein vil vurdere ulike tiltak som del av hovudrunden 2025. Denne runden er no ferdig, og eg vil gjerne vite kva system ein har etablert i Kvinnherad. I førearbeida til lova kan ein m.a. lese fylgjande:
At skolane må ha tilgang på vikarar ved «vanleg og venta» fråvær, betyr at kommunane og fylkeskommunane må vurdere kva som er sannsynleg framtidig fråvær i verksemda, til dømes ved å ta utgangspunkt i tidlegare års fråvær eller annan kunnskap og anna erfaring som kan seie noko om kor mykje fråvær som kan forventast. Det er opp til kvar enkelt kommune og fylkeskommune om dei vil nytte lærarar ved skolen som vikarar, anten i eigne stillingar eller prosentdelar av lærarstillingane, eller om dei vil ha eigne vikarpoolar eller liknande. Kommunedirektør svarar:
Opplæringslova §17-7 seier at kommunane skal syte for at skulane har tilgang på vikarar ved vanleg og forventa fråvær, slik også rådgjevar ved sektor oppvekst var inne på i si orientering til saka om tilstandsrapport for grunnskulen i kommunne. I forarbeida til lova står det at det er opp til kvar kommune om dei vil nytte lærarar ved skolen som vikarar, anten i eigne stillingar eller prosentdelar av lærarstillingane, eller om dei vil ha eigne vikarpoolar eller liknande. Det er mangel på vikarar og dette treng vi å finne gode løysingar på. Slik nemnd i orienteringa er det sterk konkurranse om arbeidskrafta. I dette arbeidet har vi vore i dialog med FOS-kommunane (Forum for oppvekst i Sunnhordland) for å dele erfaringar og bli informert om andre sin gode praksis. Dei har prøvd ut ulike ordningar, som til dømes ekstra årsverk. Kommunen prøver å løysa utfordringar med kvalifiserte vikarar innafor dei økonomiske rammene, noko som i seg sjølv kan vera utfordrande. Vikarpool/ressursbank kan vera noko av løysinga. I tillegg er ein avhengig av tilgang til menneska som kan jobba i desse stillingane. Dette blir det arbeidd med, og vi har lytta til ein god debatt under saka om tilstandsrapporten. Per Svindland, Frp:
Kan ordføreren gå igjennom status på kommune styre vedtak som er utført, og kommunestyre vedtak som ikke er gjennomført? Kommunedirektør svarar:
Det er ein viktig kontrollfunksjon for politikarane å kunna kontrollera oppfølging av vedtak. Politisk leiing har tidlegare bedt kommunedirektør om å laga oversikt som til dømes viser status på verbalpunkt og politiske vedtak som krev oppfølging. Dette jobbar vi med, og det optimale hadde vore om vi kunne få til ei ordning med trafikklys som viser gjeldande status. Dette er spelt inn til Framsikt som eit ønska tiltak, for å få dette integrert i der. Per no er det statusoppdateringar i kvartalsrapportar, men vi jobbar med å kunna presentera ein oversikt ut over dette og målet er at dette skal vera klart om ikkje så lenge. Silje Nordtveit Olsen, SV :
Spørsmåla til Olsen (tilsynssak Arbeidstilsynet og svarprosent 10-faktor) er svart ut i protokollen til formannskapet 15. mai, og kan lesast der. Følgjande vart ikkje besvart i protokollen til formannskap:
Spørsmålet gjaldt kva ein aktivt gjer for å redusera sjukefråværet, og kva tiltak ein kan setta inn. Ein viser her til orientering frå Omsorg helse og sosial i førre kommunestyremøte, der det vart orientert om oppstart av prosjekt til hausten. Prosjektet er sett saman av erfarent personell og det skal mellom anna brukast ressursar frå ei fysioterapeutstilling. Ein vil koma tilbake til kommunestyret med informasjon når ein har hausta erfaringar får prosjektet.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.