Kommunene · Kvinnherad · Saker
Spørsmål og svar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret si behandling i møte den 20.03.2025:
Bjørn Olav Tveit, Ap Eg syner til verbalpunkt i budsjettvedtaket i Kommunestyret desember 2023:
Uskedalen aktivitetshus Vi ber om ei politisk sak der ein vurderer Kvinnherad kommune sin bruk av Uskedalen aktivitetshus, saka skal ta føre seg, driftsform, inklusiv handtering av kapitalkostnadane for bygget. Eg bed om å få vite status for dette arbeidet. Kommunedirektør svarar:
Saka vert klar for politisk handsaming i mars eller april. Per Svindland, Frp Kan ordføreren ta grep om å få ned sykefraværet i Kvinnherad kommune, spesielt innenfor helsesektoren Kommunedirektør svarar:
Kvinnherad kommune har stort fokus på å få ned sjukefråværet. Gjennom ulike prosjekt, samarbeid med andre kommunar og ulike turnusmodellar, har kommunen eit aktivt forhold til å redusera sjukefråværet. I tillegg har kommunen følgt KS sitt TØRN-program, som har læringsnettverk innan bemanning og oppgåvedeling. Sjukefråværet i kommunen er ikkje høgare enn hjå samanliknbare kommunar. Det siste tilskotet til sjukefråværsoppfølging finn ein i ein ny modul i Framsikt (Personalmodulen), som gir kommunale leiarar eit betre grunnlag for målretta tiltak innan dette arbeidet. Eg viser elles til orientering frå sektor Omsorg, Helse og Sosial som vil bli halden for kommunestyret i april. Per Svindland, Frp Kan ordføreren redegjøre for hvorfor administrasjonen kommer med ufullstendige prosjekt som er ufullstendig? Blandt annet, kostnad på prosjektene, der kommunestyret blir bedt om å gå inn for prosjektene. Vi opplever mange ganger som om vi blir «bondefanget» Ordførar svarar:
Ordføraren deler ikkje oppfattinga om at administrasjonen presenterer prosjekt som ikkje gir eit tilstrekkeleg grunnlag til å fatta politiske vedtak. Det er ikkje lagt ved døme og då er det vanskeleg å skjøna kva representanten meiner. Det følgjer av kommunelova § 13-1 at saker skal vera forsvarleg utgreidd, og at utgreiinga skal gi eit faktisk og rettsleg grunnlag for å fatta vedtak. Kommunestyret har høve til å senda saker i retur, for slik å bli trygg på avgjerslegrunnlaget. Dette vil også gjelda for investeringsbeslutningar/prosjekt. Elles pågår det no ein forvaltningsrevisjon som gjeld planlegging og styring av investeringsprosjekt, bestilt av kontrollutvalet. Revisjonsrapporten vil bli offentleg når den er ferdig.
Heidi Bolette Jakobsen, INP I Levekår møte 04.03 2025 hadde eg eit spørsmål i høve kor langt ein var kome i høve kartlegginga av Husnes Sjukeheim. Dette kunne ikkje administrasjonen gje eit svar på og meinte eg kunne ta spørsmålet videre til kommunestyret 20.03.25. Det har over tid vore behov for å få vurdert kva moglegheiter som finns med tanke på utbetring av Husnestunet opp mot nybygg, og første steg på vegen er å få gjort ei vurdering av bygningsmassen. Jmf. kommunedelplan Omsorg helse og sosial 2019-2029 sin Handlingsdel 2025 – 2028 står det at ein har sett av 1 000 000 til å vurdere bygningsmassen til Husnestunet inkludert produksjonskjøkkenet i 2025. Ansvar Sektor omsorg, helse og sosial ved Institusjonstenesta og Eining for matforsyning. Det svaret eg fekk frå sektorleiar Brænde var at det Ifølge økonomiplanen: «Ligg kr 75 millioner inne til Husnestunet i 2030. Det er mange år frem i tid, og det er flere scenarioer og tiltak en kan se for seg. Tjenestene hadde nok ønsket tiltak i går så det å få flyttet investeringsgrunnlaget frem i tid er noe vi i sektoren jobber for.» Det må utan tvil gjerast noko med Husnes sjukeheim og det hastar, derfor stilte eg spørsmålet i Levekår som eg gjentar her i kommunestyret: Korleis er framdriftsplanen til administrasjonen i høve å få vurdert bygningsmassen til Husnestunet inkludert produksjonskjøkkenet i 2025? Ordførar svarar:
Det er riktig at det i kommunedelplanen for helse sin handlingsdel står at ein set av ein million kroner til å vurdera bygningsmassen. Dette må sjåast på som forslag til handlings- og økonomiplanen (HØP). Det ligg ikkje inne særskilte midlar til dette forslaget i HØP for 2025-2028. I gjeldande HØP ligg det planlagde investeringar for kr 75 mill i 2030 og kr 75 mill i 2031 som er merka Husnestunet. Kommunen arbeidet aktivt med å skapa gode tenester, også innafor temaet som representanten Jakobsen tek opp i dag og som representanten Solbakken tok opp i formannskapet. Eg har difor bede administrasjonen komma tilbake til kommunestyret sitt møte i april med ei meir heilskapleg orientering som gjeld kortsiktige tiltak og meir langsiktige vurderingar. Wermund Vetrhus, SV Sjukefråvær og bemanning i Pleie og Omsorg I sak 30/24 i Kommunestyret 21.03.2024 vart Forvaltningsrevisjonen av Pleie og omsorg presentert av Deloitte. Det vart vedteke ei rekkje punkt som skulle svarast ut i løpet av høvesvis kort tid. Eg har leita i husken og protokollane, den siste er nok betre enn den første, men begge har same resultat. Kommunestyret har ikkje fått noko orientering om korleis vedtaket er fulgt opp. Kan ordføraren orientera kommunestyret om korleis har vedtakspunkta i sak 30/24 blitt fulgt opp?
Kommunedirektøren svarar:
Oppfølging av forvaltningsrevisjon om sjukefråvære og bemanning i pleie og omsorg har vore til handsaming i kontrollutvalet i juni og desember 2024 og 10. februar 2025. I sistnemnde møte fatta kontrollutvalet følgjande vedtak, slik det går fram av protokollen som vart sendt ut 20. februar 2025:
1. Kontrollutvalet ser positivt på det arbeidet som er gjort i samband med forvaltningsrevisjonen og ser på handlingsplanen og dermed kommunestyret sitt vedtak som gjennomført og følgt opp.
2. Kontrollutvalet ber om at kommunedirektør orienterer om status i høve sjukefråver og vikarbruk i siste møte i 2025.
Det ville vore naturleg med ei orientering til kommunestyret i dagens møte om at saka er ferdig handsama av kontrollutvalet. Saksdokument som gjeld handsaminga finn ein på kommunen sine heimesider, under kontrollutvalet. I innkallinga til kontrollutvalet sitt møte i februar finn ein saksdokumenta, mellom anna handlingsplan osb. i sak nr 3/25. Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV Likelønn Likestilling i arbeidslivet skal handla om reelle moglegheitar, respekt og anerkjenning av kompetanse, uavhengig av kjønn. Menn tjener i snitt meir enn damer, og har oftare heile og fulle stillingar, sjølv i kvinnedominerte yrker. Vi i SV har blitt oppsøkt av fleire kvinner innan helsesektoren som har vist til at menn i helsesektoren blir tilkjent meir lønn, og høgare ansiennitet enn det som er tilfelle for kvinner. Dette til tross for like forutsetningar innan utdanning og ansvarsområde. Dersom dette er tilfelle er ikkje dette bare svært bekymringsverdig, det er også høgst uakseptabelt. Kan ordførar orientera kommunstyret om ei oversikt over kommunalt tilsette med følgande kolonner, som sjølvsagt skal vera anonymisert:
• Kjønn
• Sluttdato utdanning
• Startdato arbeidstilhøve
• Samla relevant arbeidserfaring
• Gitt ansennietet hos Kvinnherad kommune
• Lønn
• Eventuelle tillegg Kommunedirektør svarar:
Kommunedirektøren er samd med representanten om likestilling. Kvinnherad kommune har nyleg tatt i bruk ein ny personalmodul i Framsikt som skal letta arbeidet med å henta ut relevante data frå kommunen sitt lønns- og personalsystem. Kommunen planlegg å bruka slike data, mellom anna for å fremja likestilling og hindra diskriminering, i ei likestillings- og diskrimineringsmelding i samband med årsrapporten. Tabellar over lønnsstatistikk vil vera ein naturleg del av ei slik melding. Vidare er det planlagt at det skal startast opp arbeid med revidering av den vedtekne temaplanen for arbeidsgjevarpolitikk, der mellom anna arbeid for likestilling og mot diskriminering vert omhandla. Spørsmåla vil såleis bli svart ut av likestillings- og diskrimineringsmeldinga, der politikarane vil få tilgang til eit godt datagrunnlag. Meldinga vert publisert i årsrapporten. Hildegunn Hanstvedt Tofte, SV Ansettelse av fagarbeider i stilling som fram til no har krevd sjukepleiar Vi ser i utlysningstekst til avdelingsleiar nattevakt Husnes/ Halsnøy at ein ikkje treng å ha 3 årig bachelor utdanning for å fylle denne stillinga. Vi i SV Kvinnherad undrast på vurderinga bak dette, spesielt sidan det står i utlysningsteksten at vedkommande skal
• Sikre høg kvalitet og kontinuerleg forbetring av tenestene.
• Personalansvar for avdelingane sine tilsette, inkludert rekruttering, opplæring og oppfølging.
• Stadfortreder funksjon for kvarandre Kan ordførar orientere om vurderingane som er lagt til grunn
for stillingsutlysningen? Kommunedirektør svarar:
Stillinga har ikkje eit sjukepleiarfagleg ansvar, som til dømes journalansvar, og det faglege ansvaret er ivaretatt av avdelinga. Avdelingsleiarstillinga skal sikra tilstrekkeleg og forsvarleg bemanning, og det er vurdert at stillinga skal ha krav til leiarkompetanse som viktigaste kvalifikasjon. Stillinga har elles, slik det er nemnd i spørsmålet, eit ansvar for kvalitetsmessig utvikling av tenestene, tilrettelegging, planlegging, personaloppfølging, kompetanseutvikling, rekruttering med meir. Vurderinga er såleis at stillinga er dominert av leiaroppgåver, og det er difor lagt vekt på leiarkompetanse. Silje Nordtveit Olsen, SV Vi skal arbeida for at Kvinnherad kommune vert ein attraktiv og spennande arbeidsgjevar. For å nå dette målet må me ha fokus på heile stillingar, god personalpolitikk, moglegheiter for kompetanseutvikling og konkurransedyktig lønn. I den siste tida har fokuset vore på rekruttering av stillingar. Vi i SV har uttrykt vår bekymring kring manglande fokus på å behalda dei tilsette i kommunen. Kan ordførar gje kommunestyret ein oversikt over arbeid som har blitt gjort for å behalda tilsette i kommunen? Er det nokre av einingane som har høgare gjennomtrekk av tilsatte enn andre? Er det i så tilfelle iverksett tiltak for å halde på tilsette? Kommunedirektør svarar:
Kommunedirektøren er samd med representanten om at det er viktig å halda på tilsette. Det blir gjort mykje godt arbeid i kommunen, både når det gjeld å halda på tilsette og å rekruttera nye. Det var mellom anna tema i samband med rekrutteringstillegget som gjaldt for Bu og habilitering. For at personalarbeidet til kommunen skal bli belyst på ein god og heilskapleg måte, ønskjer ein å halde ei orientering til kommunestyret i løpet av våren. Veronica Thorkildsen Thorsen, SP
Me er kontakta av personar som er bekymra over manglande leksehjelp på Sunde skule. Dei fortel at
tilbodet ikkje er starta opp etter juleferie og at det er sårt sakna. Om dette er tilfelle, korleis jobbar ein med å få tilbodet på plass igjen? Kommunedirektør svarar:
Personalsituasjonen ved Sunde skule endra seg på eit tidspunkt. Dette fekk konsekvensar for gjennomføring av leksehjelp. Det har vore vanskeleg å få på plass nye tilsette. Einingsleiar har halde føresette orientert om
situasjonen. I førre veke gjekk det ut melding til føresette om at leksehjelpa startar opp igjen onsdag
19.03.25. Gunnar Helleland, INP Fylkesveg 48 og 500 Spørsmål om fylkesveg 48 og 500 frå Utåker til Årsnes. Vegane i kommune kjem seg litt etter kvart, men det er fortsett mykje igjen før fylkes og kommunale vegar er der dei bør vera i kommunen. Det på går planar for fleire store utbetringar rundt omkring i kommunen. Desse planane går sin gang, og det er ikkje dei vi vil diskutera no. Vi vil prøva å få til ein diskusjon om å få litt fleire punktutbetringar på strekninga frå Utåker til Årsnes i fyrste omgang. Det er spesielt to plassar som merker seg ut på strekning, der det er dårleg sikt og møtande bilar lyt stoppa for kvar andre. Dette gjer dei spesielt trafikkfarlege. Den fyrst er på Seimsfoss:
1. Fylkesveg 500 på Seimsfoss. Ved gamleskulen og busstoppet er det veldig trafikkfarleg. Her har det også vore ulykke med folk som har gått av bussen. Det står to gamle dårleg tre halvvegs uti vegen der, som er til hinder for ei utbetring av ein liten parsell som kan gjera dagen tryggare både for busspassasjerar, gåande og bilistar. Dei fleste i denne salen har sikkert måtte stoppa her av og til. Det burde vore inngått ein avtale med grunneigar om å få lov til å laga busslomma på nedsida av vegen der. Det er her dei fleste skule borna og ungdomane i området går av og på skulebussen.
2. Fylkesveg 48 i søre enden av Erslandsvatnet. Her må det med enkle midlar vera mogeleg å fylla ut litt i den skarpe svingen mot elva som renn ut av vatnet, for å gjera vegen litt breiar og mindre trafikkfarleg. Vi vil diskutera moglege måtar å få dette til på. Dette er ikkje meint som eit forslag til realitetsvedtak, men kun eit forslag som handlar om den vidare behandlinga av temaet som diskuterast i denne interpellasjonen. Vi kan ta Myresvingen i Uskedalen som eit eksempel på at det er mogeleg. I den saka gjorde noko eit godt handverk, så det visar seg at dette er ein måte å prøva og løysa nokre av utfordringane vi har på fylkesvegane i Kvinnherad på. I tillegg så har vi fått spørsmål frå ein bekymra innbyggar i Teigen om vi kan ta opp skuleborna sin situasjon der, med tanke på vegljos, fortau og kryssing av vegen. Det er ein del ungar som MÅ kryssa vegen for å ta skulebussen, og der som mange andre plassar så passerer mange bilar i høg fart. Vi vil be administrasjonen sjå på saka og komme tilbake med moglege løysningar på korleis vi kan få fylket med på å ta nokre punktutbetringane i Kvinnherad, og håpar Kommunestyret er positive til dette.
Ordførar svarar:
Kvinnherad kommune har mange gode spleiselag for vegutbetringar i kommunen vår, som t.d. «Kvinnheradpakken», men også mange andre planlagde og pågåande prosjekt. Vi har møter 2 gonger i året med Fylkeskommunen der vi har ein detaljert gjennomgang av ønska tiltak i heile Kvinnherad. Vi har ein forholdsvis ny Trafikktryggingsplan som konkret viser aktuelle tiltak, og prioritering av desse. Alle nemnde tiltak i spørsmåla er omtala i trafikktryggingsplanen, og dersom dette er noko ein ønsker å satsa meir på kan ein setta av midlar i budsjettet. Thomas Eide, INP :
Eg lurer på status og korleis ein ligg an med framgang i byggefeltet som ligg på oppsida av gamleskulen ved Lonavegen på Husnes? Kommunedirektør svarar:
Arealet er for sal, og er mellom anna annonsert på finn.no. Kommunen har opna for å selja heile eller deler av området. Det har meldt seg interessentar til området, men per dags dato er det ikkje seld. Det er dialog med interessentar, og den praktiske tilnærminga til ei utbygging og eventuelt behov for planmessige konsekvensar må vurderast i tida framover i lys av denne dialogen. Jostein Saghaug, MDG Eg fekk bakoversveis då eg såg ordlyden i vedtaket i PTM-utvalet nyleg, der eit stort fleirtal nærast slakter alt planarbeid i kommunen. Betyr denne måten å handtera planarbeid på, at f.eks. Arbeid med arealplanen vert forseinka? Er det mulig å stipulera kor mykje forseinka arealplanen kan bli grunna eit slikt vedtak? Har PTM-utvalet fullmakt til å stoppa planarbeid som er vedteke i kommunestyret? Kommunedirektør svarar:
Kommunedirektøren forstår det som spørsmålet gjeld utvalssak 2025/15 Planstrategi 2024 – 2028. PTM-utvalet hadde denne saka til behandling og skal levere innstilling til kommunestyret som i sin tur gjer endeleg vedtak. Saka vart opprinneleg lagt fram for formannskapet, som sendte saka tilbake til administrasjonen med følgjande vedtak:
«Saka vert sendt tilbake til handsaming i PTM Planstrategien skal konkretiserast. Det skal av planstrategien gå fram kva planar som skal prioriterast for å nå mål i KPS, utan at planstrategien legg opp til føringar og vedtak om nye mål og strategiar for å nå desse måla.» Administrasjonen forstår det slik at utvalet har vurdert vedtaket frå formannskapet opp mot administrasjonen sitt forslag, og at utvalet valde å senda saka attende til administrasjonen for omarbeiding, saman med ein tekst som skal ligga til grunn for omarbeidinga. Saka vil såleis verte fremja på ny, og kommunedirektøren vil i saksførebuinga sjå til at saka er forsvarleg utgreidd slik at det er faktisk og rettsleg grunnlag for å treffe vedtak. Arbeidet med ny arealdel går vidare i tråd med fastsett planprogram og føringar gitt mellom anna i arbeidsmøte med formannskapet og PTM. Den politisk oppnemnde arbeidsgruppa for plansaker er også kopla på dette arbeidet, og det var møte i gruppa den 27. mars. PTM-utvalet arbeider elles under dei fullmakter og oppgåver som er gitt i delegeringsreglementet og i politisk reglement. Av plansaker er det normalt berre endring av reguleringsplan etter forenkla prosess utvalet kan gjere endeleg vedtak om; i andre saker innstiller utvalet til vedtak. Det er kommunestyret som avgjer om ein plan etter plan- og bygningslova skal vedtakast eller ikkje. Høyringar 2025 Alle høyringar som kjem til kommunen som høyringspart vert arkivert i sak 2025/35
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.